Archive for februar 8th, 2021

februar 8, 2021

«Litt for keisamt»

Vi brukte dette biletet då vi «gravlagde» bokbåten Epos i juni. Det blir visst delvis sant

Ser blant anna i Bergensavisen at «bokbåten er reddet». Men utan at bok/bøker er nemnde anna enn i det tradisjonsrike «typenamnet» på skuta. Det heiter at det blir «ny drift med en litt annen modell enn tidligere». Og i kommentarfeltet på FB-gruppa til prosjektet svarer dei ikkje på spørsmålet om «hvorfor kunne det ikke være bibliotek?» (kl 17.35: Sjå kommentarfeltet).

Martin Årseth i Klassekampen i dag har «Eit lite hjartesukk: Han står ikkje opp att som bokbåt, men som «det flytande litteraturhuset på Vestlandet», som skal drive noko dei kallar «desentralisert kulturhusmodell». Bokbåt er kanskje litt for keisamt å selje inn når ein skal be om pengar».

Men han oppsummerer at det er «eit godt signal å vise at ein vil gå den ekstra mila for å halde på tilbodet ein argumenterte for». Einig!

PS: Då Klassekampen siterte Bergens Tidende på dette (noko vi finn her, for BT har høg betalingsmur) fekk dei ein feil på kjøpet: Det heiter at i tillegg til dei 27 kommunane har prosjektet fått støtte frå Fritt ord, «Bibliotekarforbundet og Norsk biblioteksentral» (!). Vi vil gjette på at det handlar om Norsk Bibliotekforening (kl 17.35: Feil! Korrigering av Thomas Brevik i kommentarfeltet). Men poenget er: Så ofte som vi ser slike feil i pressa om bibliotekfeltet, korleis kan vi stole på dei når det gjeld andre område som verken folk flest eller journalistar veit lite om? Til dømes om ulike nye, eksotiske mutantar som blømer i bakhagane våre (trass i 20 grader minus og snø).