Orsak, det heiter jo ikkje bokhylla.no lenger, sjølv om URL-en fungerer, men i overskrifta duger ikkje nb.no og heller ikkje det nye, offisielle namnet «Nettbiblioteket». For dette har ikkje Nasjonalbiblioteket (NB) einerett på, og derfor omfattar det mykje forskjellig anna. Og domenet Nettbiblioteket.no er ikkje i bruk.
Men til saka: Bloggaren blei nysgjerrig på kor viktig bibliotekaren er i samfunnet. Éin veg til svaret kunne vere å fulltekstsøkje i den nemnde basen til NB. Då fekk vi tal vi tenkjer er overraskande høge. Eit søk på «bibliotekar*» gav for dei siste tjue åra 4456 treff i skjønn- og 5118 i faglitteratur. Og heile 1076 treff i barne- og ungdomslitteratur. Pluss 1299 «uklassifisert». Utan at dette betyr at bibliotekarar har hovudroller i desse bøkene. Men å kome djupare i materien er utfordrande, for desse nyaste bøkene er ikkje opne for andre enn forskarar. Ein tur på det lokale biblioteket kan gje eit visst inntrykk, men der må vi bla gjennom kvar bok vi finn på trefflista. Derimot er dei eldre bøkene med treff, 20 302 i alt, mulege å skrutinere. Noko vi kjem til å gjere, innimellom. Mest for moro skuld. Men ein masterstudent kunne vel prøvd seg seriøst?
Men å søkje i denne basen etter litteratur om bibliotek, altså om institusjonen, er ironisk sett ei mykje større utfordring. Her bør du kjenne tittel, forfattar og/eller personnamn, stad, emneord og tema. Kvifor er dette så vanskeleg i biblioteka sin eigen base?! Jo, mange har sikkert støtt på det; …
read more »