Fleire nye bibliotek

For ein månad sidan blogga vi om behovet for å tenkje nytt – pandemisk nytt – når det gjeld bibliotekarkitektur. Og vi lista opp nokre kommunar med byggjeplanar. I løpet av ein månad har lista vekse (takk til tipsarane!) til heile 15 norske kommunar, pluss nokre svenske. Den siste nye er Heim (nye) kommune, med planar om nytt hovudbibliotek i Kyrksæterøra. Hallfrid Skimmeli, leiar i Norsk bibliotekforening Trøndelag, markerte i går dette med eit lesarinnlegg i avisa Sør-Trøndelag. Og det er plass til fleire bibliotekplanar. Bruk kommentarfeltet eller e-post.

Men her eit usakleg PS, til naud berre passande på ein laurdag:

Bloggaren var statleg sakshandsamar på tidleg 1980-tal, altså før den elektroniske databehandlinga (EDB) blei venleg. I alle fall hadde få av toppsjefane tatt den nye teknologien i bruk. Og knapt nok skrivemaskinar. Derfor hadde alle kontor tilsette sekretærar med oppgåve å tyde handskrivne brevutkast og omgjere dei til pene, leselege brev. Før dei blei konvolutterte, frankerte (frimerkepålimte) og leverte til postkontoret.

I eit nummer av eit fagforeiningsblad fann vi denne vitsen, ein dialog mellom to slike sekretærar om eit brevutkast frå direktøren:

– Du, kva står det her?

– Eg vil tru at det anten står éin million firehundreogtjuetretusen åttehundreogfjorten kroner og førtifem øre, eller Kyrksæterøra.

One Trackback to “Fleire nye bibliotek”

Leave a Reply