Archive for mars 19th, 2021

mars 19, 2021

NOK 1 699 380 000 i koronastøtte til bibliotek!

Frå NYPL på 5th Ave.

Okei, denne overskrifta er reinspikka klikkhoreri for å få folk til å lese om krisestøtta til US-amerikanske folkebibliotek. Det er CNN som melder at 200 millonar dollar av Joe Bidens pakke på 1,9 milliardar er øyremerkte til biblioteka.

Pengane kjem i stor grad til å gå til meir datautstyr for å hjelpe millionane av fattige som har biblioteka som einaste stad å gå for få registrert seg for å motta statlege dagpengar. Bibliotektilsette hjelper også folk å navigere på nettet og blant anna kommunisere på video med legane sine, gjennomføre jobbintervju og no registrere seg for vaksine.

For eit år sidan gjorde den norske regjeringa ein del digitale tenester lettare tilgjengelege for elevar og studentar, pluss nokre millionar til biblioteka for innkjøp av fleire e-bøker. Men no under den nye nedstenginga i nesten halve kongeriket får ikkje biblioteka eingong dét.

I september lista vi opp bibliotekutfordringar og -behov etter pandemien i 19 punkt under tittelen: Korona-omstillinga for biblioteka vil KOSTE, herr kulturminister!

mars 19, 2021

Danmark?

Denne bloggen blir meir og meir internasjonal. Ikkje berre hentar vi mykje av stoffet frå rundt i verda, men lesarane finn vi no også i fleire land og verdsdelar. Sjå illustrasjonen som viser nedlastingar etter nasjonalitet i februar. Google Omsettar gjer til og med nynorsken vår forståeleg (meir eller mindre) for dei fleste.

Men her manglar grannane våre i sør, danskane. Dei kjem ikkje med på topp-ti-lista, men er nummer 15, med berre 17 nedlastingar. Av ein eller annan grunn. Om nokon har lyst til å dele bloggpostar med danske kollegaer, så ver så god.

PS: I tillegg til bloggpostar på norsk og svensk (Mikael B.) har vi nokre på engelsk.