Archive for mars 25th, 2021

mars 25, 2021

– Kven har den beste bibliodassen? (det er fredag)

I Frankrike innfører no bibliotekforeininga ABF eit nytt kriterium på kva som er eit godt bibliotek: At WC-en er open for alle og at han er vakker og nyskapande!

Denne veka slutta dei franske biblioteka seg til ei nasjonal rørsle for å løyse den alvorlege hygieniske krisa som er oppstått under koronaen fordi mange offentlege toalett blei lukka under dei ulike nedstengingane, og aldri blei opna igjen. Og fordi serveringsstader, med slike innretningar, er stengde i lange periodar. Slik vi forstår det, er biblioteka sjeldnare stengde enn andre institusjonar, så no bør ein kunne gå på biblioteket utan å låne noko anna enn wc-en.

Samtidig lyser bibliotekforeininga ut ein konkurranse om den penaste «ugle-dassen» («Chouettes Toilettes» må vel bety noko sånt; vi har forstått at ugla er verkeleg sterkt knytt til bibliotek der i landet). I den ganske muntre utlysinga kan vi blant anna lese at WC-en er eit «sentralt element i ein kvalitetsvelkomst, ein stad som iblant er forsømt eller ei kjelde til spenning …». Og no bør biblioteka nytte høvet til å «implementere prinsippa om tilgjengelegheit og inkludering i desse små hjørna i verksemdene våre» (vår omsetting). Både det estetiske og mangfaldet av tenester på bibliodassane vil bli vurderte av ein komité med både generelle og spesielle kvalifikasjonar.

PS: Apropos Frankrike, toalett – og bibliotekarar: Illustrasjonen viser verdas mest berømte pissoar, «utført» av den franske surrealistiske kunstnar-pionéren Marchel Duchamp og utstilt i NYC første gongen i 1917. Duchamp jobba blant anna også i bibliotek.

mars 25, 2021

Hei, i Agder, Rogaland, Viken og Innlandet

Jamstillingsvedtaket på Stortinget i 1885. Klikk og kikk

Rett på sak siterer vi frå nettstaden Nynorsk.no: «Nynorsk kultursentrum lanserer satsinga NYNORSKE PILOTBIBLIOTEK med søknadsfrist 8. april 2021. Inntil fem bibliotek i kommunar med nynorskelevar i Agder, Rogaland, Viken og Innlandet kan  bli med  i 2021–2023. Både folkebibliotek og skulebibliotek kan søkje. Send ein søknad i dag!»

 Det handlar om ei toårig satsingDei fem biblioteka får:

•  Minst tre arrangement i året, der vi dekkjer honorar, reise, overnatting og diett for utøvarar  
•  Minst to utstillingar i året, der vi dekkjer frakt 
•  Minst eitt besøk i året frå våre tilsette, som då vil snakke med brukarar og bibliotekarar for å få innspel til korleis formidlinga vår kan vere 
•  Årleg samling for tilsette om nynorskformidling i biblioteka, der vi dekkjer reise, overnatting og mat  
•  Høve til å gi tilbakemeldingar på opplegga og ideane våre 
•  Høve til å forme nynorsk litteratur- og språkformidling på folkebiblioteka 

Dette er altså utanom dei typiske nynorskfylka. Vi kjem på noko vi las i fjor på Framtida.no: «Biblioteka opplever meir positive haldningar til nynorsk. I ei spørjeundersøking svarar 27 prosent av biblioteka at dei opplever meir positive haldningar til nynorsk blant lånarane sine».