Archive for mars 28th, 2021

mars 28, 2021

Lydbokstøy

Klassekampen skreiv laurdag om ein ny «strømmeaktør» på den norske lydbokmarknaden. Ein ny svenske, som har gjort seg fin for dei norske forlaga. I alle fall litt finare enn dei andre. Skal vi bry oss om å nemne namnet? Nei, snart er han kjøpt opp eller utkonkurrert av ein ny ein.

Men det handlar også om oppblåsing av realitetar. Om vi les litt nedover i saka finn vi for det første at Gyldendal ikkje er med. Og når det står at den nye avtalen «inkluderer alle titlene til Aschehoug og Oktober forlag», så er dette sjølvsagt berre dei ganske få bestseljarane som nokon gong blir til lydbok på norsk: «Et helt år seinere [i fjor, vår merkn.] har lydboktilbudet alt annet enn est ut, til tross for at utvekslingsavtalen nå skal gjelde et tresifra antall titler». Imponerande! Altså minst eitt hundre.

Og noko dei slett ikkje skriv om, er at Amazon alt er her med sin app Audible. Så snart kan vel alle ta kvelden, både svenske og norske.

Biblioteka og lydbøker er det heller ingen som skriv eller snakkar om. Ikkje sidan Sira Myhre sin lovnad 21. oktober i fjor. Og det var visst også berre snakk. Eller har nokon høyrt noko meir?