Archive for april, 2021

april 30, 2021

Ta ein røyk for biblioteket (det er fredag)

Det er faktisk heilt tilfeldig at bloggaren akkurat no går rundt med Miller på øyret og Slas på nattbordet

Ifølgje bok- og biblioteknettblekka ActualLitté skal Frankrike endeleg få seg biblioteklov. Men dette er inga spesielt dristig lov, slik vi kan sjå. Gratisprinsippet blir slått skikkeleg fast, faktisk i to paragrafar, og tilbodet skal representere mangfald, men til skilnad frå Noreg, Sverige og Nederland (det siste snubla vi over no) får dei ingen klare pålegg om å bli møteplassar eller «debattbibliotek». Dei skal vere «nøytrale», men dette har vi tidlegare påpeika at kan vere meir tilslørande enn avklarande.

Men noko originalt må det jo vere med gallarane. Og har vi ikkje heilt gløymt to års franskkurs, så skal alle nye tiltak som følgjer av denne lova finansierast med avgifta på tobakk!

Det betyr at dei må håpe på jamt forbruk av gallarsigarettane sine også i framtida. Men det betyr også at folkebiblioteka, til skilnad frå dei norske, vil bli delvis finaniserte ved statleg øyremerking! Chapeau!

Her er lovforslaget, for dei med spesiell interesse.

april 29, 2021

Når Masterkortet trumfar bibliotekkortet

Når det gjeld e-bøker ligg som kjent USA og den engelskspråklege verda langt føre den norskspråklege. Der blei det langt tidlegare vanleg å gje ut på papir og elektronisk parallelt, og eldre norske bøker har berre i liten grad kome som e-bok, sjå til dømes at berre to av Stein Mehren (siste utgjeving i 2008) sine 21 titlar/utgåver er å få kjøpt som e-bok hos Ark.

Men kanskje er det ein fordel for oss å kunne lære av feila dei må gjennomgå før oss. Eller er det ingen veg utanom?

Ifølgje ei sak på «The Daily Beast» nyleg er éin slik «feil» blitt ekstra tydeleg i USA no under koronaen: «Publishers Are Using E-books to Extort Schools and Libraries». Reinspikka pengeutpressing, meiner dei.

Dette er jo standarden også hos oss; at bibliotek og skolar ikkje får eige, men berre leige nedlastbare e-bøker. Eit døme frå artikkelen: Eitt enkelt e-eksemplar av Anne Franks dagbok kan koste ein skolekrins heile 27 dollar per elev per år – og der mesteparten av pengane går til søkkrike forlag.

Bloggaren kjenner dårleg til undervisningsmetodar og pensumordningar i norsk skole i dag, men kanskje er også vi der snart?

Ein representant for skoleverket oppsummerer ulikskapen som då oppstår mellom rike og fattige elevar og familiar slik:

«Folk kan framleis få tilgang til ressursar med eit kort, men det er ikkje lenger med eit bibliotekkort eller student-ID; det er med kredittkort. Eit bibliotekkort er ei legitim, utjamnande kraft som sikrer at alle har tilgang til kunnskap».

Eller det skulle ha stått: «Eit bibliotekkort var og burde framleis vere ei legitim, utjamnande kraft …».

april 29, 2021

Tur- og kulturboksjangeren lever!

Når Biblioteksentralen ser dette tar dei kanskje inn fleire eks? Spør dei.

Bloggarens hovudprosjekt på desse tidene i fjor var boka «Kortreiste topper i høyreist skog». No som fottursesongen er i gang igjen, i alle fall i Østfold og dalstroka innafor, relanserer vi dei rundt hundreogfemti eksemplara vi har igjen på lager.

Biblioteka på heile Austlandet treng boka. Hit kjem det no både Oslofolk og det som verre er. I påska trefte vi ein gjeng hønefossingar i Fredrikstadmarka. Det var for mykje snø oppe hos dei.

Og topptursamlarane vil absolutt trenge boka. I tre kommunar reiser vi tvil om Kartverket si utnemning av høgaste topp, og det same gjeld noko av namnebruken deira.

I tillegg er dette ei bok for motstandarar av Viken-konstruksjonen! I Østfold er 73 prosent imot. Pen er boka også. Designarane insisterte på å lage ein coffeetablebook.

april 27, 2021

Slår Støre inn opne lesesalsdører?

Stine Merete Raaden, biblioteksjef på Kongsvinger

Før landsmøtet til Arbeidarpartiet var Jonas Gahr Støre ute på blant anna Khrono.no med bodskapen at han «vil flytte lesesalen ut i distriktene : Arbeiderpartiet går inn for lokale utdanningssentre for å fylle hullene i kartet for høyere utdanning».

Han nemnde nokre slike senter som førebilete, blant anna Kongsvinger. Her ringde det faktisk to små bjøller hos bloggaren: Ligg ikkje senteret til Høgskolen i Innlandet på Kongsvinger vegg i vegg med det relativt nye og delikate Kongsvinger bibliotek? Og hadde vi ikkje vore borti ein rapport om samarbeid mellom desse to institusjonane? Var samarbeidet blitt noko av?

Vi tok kontakt med biblioteksjef Stine Merete Raaden. Ho kunne stadfeste begge delar:

– Ja, høgskolesenteret ligg rett ved sidan av biblioteket. Men dei har verken bibliotek eller lesesal, berre studieplassar og gruppebord rundt i bygget. Vi har formalisert samarbeid med dei om innkjøp og utlån av litteratur. Vi er veldig tilgjengelege for studentane, og dei bruker oss mykje. Vi har meirope og vi veit at mange studentar vanlegvis sit utover kveldane.

Vi tenkjer også på denne brukargruppa når vi utviklar tenestene våre. Nyleg etablerte vi ein bokklubb for unge vaksne i samarbeid med ein kafé i byen. Det var med tanke på blant annet å nå studentane.

– Samarbeid med folkebiblioteket i satsinga på desentralisert utdanning er vinn-vinn, tenkjer eg. – Det er mange berøringspunkt, og det er naturleg på mindre stader at folkebiblioteket …

read more »
april 26, 2021

Sagt om biblioteket

Janne

I tidsskriftet Gnist nr. 2/2021 (det kjem vel her etter kvart) skriv lokførar Janne Lisesdatter Håkonsen om korleis ho ser føre seg sosialismen, og ho avrundar slik:

«Og ønskes et lite boost av inspirasjon hentet fra det virkelige liv, så er det bare å se til folkebiblioteket. Denne über-kommunistiske innretningen midt i vårt kapitalistiske samfunn gir mengder med håp om at vi i fremtiden kan organisere hele samfunnet som et eneste stort bibliotek!»

Flott! Men biblioteket, slik vi kjenner det i dag, slit med identiteten sin under den globaliserte kapitalismen. Men Mikael Böök løfta det opp på Jannes nivå her på bloggen i førre veke: «Håller makten över biblioteket på att övergå till Big Tech?»

PS: Dette er faktisk det 41. blogginnlegget kategorisert under «Sagt om biblioteket».

april 26, 2021

Parkbibliotekets renessanse? :-( :-) :-0

Eller må biblioteket kapitulere for denne «rørsla»? Foto: Haeko (CC BY-SA 3.0) Klikk og kikk

NRK melder i dag at «Amerikansk studie sår tvil om en- og tometeren». Og vidare: «Forskerne mener du er like utsatt for å bli koronasmittet innendørs – uavhengig om du befinner deg 2 eller 20 meter fra smittekilden. – Jo lenger man oppholder seg i samme rom som en smittet, jo høyere er risikoen for å bli smittet, … De mener anbefalingen om avstand er med på å gi folk en falsk trygghet».

Denne saka kjem stadig høgare på nyheitsnettstadene no i kveld, men kor kvalitetssikra denne forskinga er, får vi jo sjå på.

Men må vi eventuelt omskrive fullstendig den trass alt optimistiske lista over tiltak for post-korona-biblioteket?! Blir det registrering i døra og alarm på ein app etter så og så mange minutt for kvar bibliotekbrukar inne i lokalet? Eller får securitassane eit nytt arbeidsfelt?

I 1901-07 gjennomførte Deichman eit forsøk med friluftsbibliotek parkane i Kristiania. Blir dette den tryggaste løysinga framover? For to år sidan prøvde dei seg igjen.

april 26, 2021

Viktig påminning i Konrona-Noreg

Om at vi har Helsebiblioteket. Med avgrensa og dessverre minkande ressursar har dei likevel utvikla og vedlikeheld eit avansert nettbibliotek for både helsepersonell og folk flest. Utan reklame. Og etter ein modell som andre fagområde på nasjonalt nivå burde kopiere; blant anna pedagogikk har vore foreslått.

Dei opererer sjølvsagt med atterhaldet at «Du bør aldri bruke informasjon fra Internett som eneste kilde til avgjørelser eller tiltak i helsemessige spørsmål». Men med tanke på Alt Det Rælet Om Helse og Velvære som ligg der ute, med rekordhøge nedlastingar, må Bibliotek-Noreg ta tydeleg stilling for Helsebiblioteket. Kva med gode plakatar på infoskjermane? Og på bibliotekheimesidene? Kanskje Helsebiblioteket alt har sånt til fri bruk?

Ikkje minst har dei i desse dagar denne omfattande Korona-sida. Og til dømes bloggen PsykNytt.

På minussida: Underteikna slit for tida med eit helseproblem som ikkje gir treff: Musearm/musealboge. Vi visste det måtte vere der og gav ikkje opp: Det viser seg å vere identisk med Tennisalbue – lateral epikondylitt. Det burde vi jo ha tenkt, men oppvaksen i ein bydel der «den hvite sport» var noko både framandt og baud på visse negative assosiasjonar, sat den langt inne. Så om ikkje musearm/-alboge er vitskapelege omgrep, bør det vel vere muleg å få treff på det?

>> PS: Vi får vite at det er 2372 treff på musesyke. Sorry. Men musearm er vel også eit vanleg folkeleg uttrykk.

PS: Om det blir lågare aktivitet på herverande blogg ei tid frametter, så veit de grunnen. Vi forsøker å bytte ut tastatur- og musebruk med Siri, men ho er elendig på nynorsk.

april 25, 2021

Bygg dyre bibliotek!

Foto: Alek14 (CC BY-SA 4.0)

Dette er den indirekte konklusjonen til Morgenbladets Gaute Brochmann når han skriv om den nye bibliotek-bank-bustadblokka på Sand i Nord-Odal. Overskrifta er ikkje mindre storslått: «Den mest imponerende bygningen som ble oppført i Norge i 2020, står i Nord-Odal». Om de ikkje kan opne MB-saka, har fylkeskommunen eit oppslag frå opninga i september. For ikkje å seie fotoserien i BS Eurobib sin eigenreklame.

Konkret seier Brochmann: «Mitt tips er at de ekstra kronene nordodølingene la i Samling [som bygget heiter, vår merknad], kommer til å betale seg med renter og renters rente» (no har han kanskje ikkje følgt med i avisa Glåmdalen så godt som oss, der vi til dømes hugser korleis kommunen måtte setje ned prisen på leilegheitene med førti prosent for å få fart på omsettinga, men pytt …).

Kor som er: Når vi ser på nye norske bibliotekbygg dei siste åra (ta Deichman i Bjørvika og Stormen i Bodø) og ikkje minst fleire av dei som er på beddingen (ta Skien! Sarpsborg? Lillestrøm?), opplever vi eit gjennombrot for biblioteket som …

read more »
april 24, 2021

Tomm Kristiansen om bibliotekbrannen

Det har vore mange byråmeldingar om den tragiske brannen i Cape Town som blant anna ramma The Jagger Reading Room ved biblioteket ved University of Cape Town. Men ingen kan vel skrive så personleg og nært om denne hendinga, dette universitetet og dette biblioteket som Tomm Kristiansen på Khrono.no i dag. I alle fall ikkje på norsk. Han har vore der blant anna for å intervjue André Brink.

Kristiansen skriv også om dette universitet sin trass mot apartheidregimet ved at dei også immatrikulerte svarte studentar. Under sterk motstand frå styresmaktene, men likevel: «UCT ble en bastion for den intellektuelle kampen mot raseskilleideologien. Sensur var en viktig del av regimets grep om makten. Det var endog forbudt å trykke bilder av Nelson Mandela. Det ble likevel gjort. …

read more »
april 24, 2021

Korona-plassmangel i skolane – kva då med biblioteka?

Tronge biblioteklokale blir svært tronge i framtida

I Dagsavisen i går handla det om plassmangelen ved mange skolar på grunn av koronaen. Avisa skreiv også i mars: «Osloskolen om to meters avstand mellom elever: “Helt umulig”». Også omorganisering av klassane i kohortar krev meir plass. Skolane forsøker då å leige andre lokale i nærleiken.

Men skolebyråden i Oslo er ikkje uroleg for dette. Ho har «hele tiden tydelig kommunisert til skolene at de vil få dekket utlegg til leie av ekstra lokaler da dette vil være ekstraordinære koronautgifter. Denne typen ekstrautgifter forutsetter vi at staten kompenserer».

Kva då med folkebiblioteka?

For det første høyrer vi ingen verdas ting frå departementet eller Nasjonalbiblioteket om korona-kompensasjon. Dei ser ut til å meine at det held med e-boktilskota i fjor.

Men i biblioteket er det ikkje berre å leige kvadratmeter rundt hjørnet når biblioteklokalet i praksis er redusert til kanskje det halve på grunn av to-meteren mellom folk. Og permanent blir det; vi må bli betre førebudd mot nye pandemiar, og etter koronaen er bibliotekarkitekturen klart i omforming mot større areal per brukar. Og: For tida aukar kanskje ikkje utlånet, men dét gjorde besøket i åra før koronaen. Og mange brukte meir tid når dei var på biblioteket.

PS: Og apropos ei anna utfordring, nemleg …

read more »
april 23, 2021

«Skoler følger ikke loven»

Det handlar om skolebibliotek. For norske bibliotekarar er oppslaget i Klassekampen i dag som å slå inn opne dørar, men her blir det tydelegare enn vanleg:

«Av 2814 norske skoler er det 665 som ikke har bibliotek i eget skolebygg. Flere av disse har et samarbeid med folkebibliotekene, men hele 89 av skolene har ikke noe bibliotektilbud i det hele tatt – verken på skolen eller i nærheten. – Det er skremmende at rektorer og kommuner slurver med å følge lovverket». Seier Nina Bigum Udnesseter. Ho er leiar av Skolebibliotekarforeningen, jobbar som skolebibliotekrådgjevar i Lillestrøm kommune og er skolebibliotekar ved Brånås skole.

Samtidig kan vi lese at 16 organisasjonar på språk- og litteraturfeltet har gått saman om eit felles opprop for eit leseløft:

« – Målet er å få politikerne til å prioritere lese- og litteraturpolitikk, og aldri har vel flere organisasjoner i litteraturfeltet stått mer samlet om felles politiske ønsker, sier leder Heidi Austlid i Forleggerforeningen. … Et av tiltakene er å styrke skolebibliotekene, blant annet ved en egen innkjøpsordning». Sjå nærmare på Norsk Bibliotekforening.

april 22, 2021

Ikkje spor illojal

Aud Søyland Kristensen

Dette er eigentleg ikkje ei biblioteksak, men viktig å merke seg for alle offentleg tilsette: Nokre las vel i haust at ein kjend biblioteksjef var i hardt vér hos arbeidsgjevaren. Aud Søyland Kristensen, biblioteksjef i Time, fekk stram korreks av kommuneleiinga for at ho hadde uttalt seg offentleg mot bygging av eit datasenter som fleirtalet i kommunen samtidig gjekk inn for. Aud er styremedlem i ei aksjonsgruppe som kjempar mot dette.

Blant anna Kommunal Rapport melder no: «Nå har Sivilombudsmannen vurdert saken, etter at Kristensen klaget den inn. Konklusjonen er at ytringene var innenfor det som er vernet av ytringsfriheten. De var heller ikke i strid med den ulovfestede lojalitetsplikten for arbeidstakere».

Og kommuneleiinga legg seg like flat som landskapet på Bryne og deromkring: «… alle dokumenter som nevner ytringsfrihet, lojalitetsplikt og etikk gjennomgås. Sammen med tillitsvalgte lages det nå en kjøreplan, som både skal omfatte ledere, tillitsvalgte og ansatte. Lederen for KS’ etikkutvalg, Tora Aasland, er hyret inn for å bistå, og det legges opp til temasamlinger på flere nivå».

Gratulere!

april 21, 2021

Bibliotekopning for A- og B-lånarar?

«I skoledøra» av Nikolai Bogdanov-Belsky, 1897. Klikk og kikk

>> Meir om dette på Kulturforbundet 21.4.

For nokre dagar sidan nemnde vi kor glade danske bibliotekarar er for å kunne helse skikkeleg på lånarane for ein gongs skuld. Fordi dei etter gjenopninga må stoppe dei i døra for å be om «coronapas».

Det såg ikkje ut til at dette var noko problem i dronningrikets bibliotekmiljø, men nu er det lige blevet ét. I eit innslag på DR P1, referert på Kulturforbundets sider, vedgår forbundsleiaren at:

«Det er jo en udfordring. Biblioteket er en institution med fri og lige adgang, man løser ikke billet til biblioteket, og det er for alle, og det kan kollidere lidt med tanken om coronapas. Så det er en balancegang, at biblioteket skal være et trygt og sikkert tilbud for borgere og medarbejdere. Som land og som borgere skal vi vænne os til coronapas, så jeg er glad for, at der lægges op til en vis form for fleksibilitet i forhold til, hvornår der skal vises coronapas, og hvornår man eksempelvis kan hente materialer uden at vise coronapas».

Det er mange som enno ikkje får vaksine eller ikkje ønskjer å vaksinere seg (noko vi må håpe flest muleg likevel gjer) – eller ikkje ønskjer å bli registrerte med vaksinepass/-bevis av personvernmessige grunnar.

Vaksinepass kan opne for feriereiser til (enkelte) land, men samtidig bli eit ekstra hinder for alt frå å ha ein jobb til å kunne bruke biblioteket sitt skikkeleg.

Les også om alle FHI sine tvilsspørsmål til vaksinepass.

Slikt snakkar danskane ikkje om. Av ein eller annan grunn. Det er vel «lige meget»? Og dei kallar oss «aber»?!

april 16, 2021

Kurs for krimforfattarar i bibliotek-etikk!

Hans Olav Lahlum

I samband med tariffoppgjeret har det gått opp for bloggaren at han faktisk er alvorleg lågtlønna. Men å halde kurs skal visst vere innbringande, og det første kurset her i garden blir ganske spesielt. Og med ei eksklusiv målgruppe: Krimforfattarar.

For dei må lære seg elementær biblioteketikk. No fekk vi nemleg endå eit tips om ein krimforfattar som lar detektiven sin få gjennombrot i etterforskinga ved hjelp av lånardata frå eit bibliotek. Om kven som har lånt kva. Noko som berre skal vere muleg etter rettsleg kjenning frå ein domsstol. Og då under sterk tvil. Sjå punkt 10 i Veiledende etiske retningslinjer for bibliotekansatte: «Bibliotekansatte skal sikre at brukerens litteratur- og informasjonsbehov og andre personlige opplysninger behandles konfidensielt».

Om ikkje slike data straks er sletta etter innlevering, som skal vere ein rutine i alle slike datasystem. Sjå Datatilsynet om Lagringsbegrensning.

Tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med slike «løysingar» på krimgåtene sine. Og no fekk vi tips om at også …

read more »
april 16, 2021

TikToktriumf

På éin og same fredag føremiddag dukkar det opp (kvifor heiter det dét? Det er jo ei sjølvmotseiing) to nyheiter om Tiktok og bibliotek. Begge er dessverre betalingsinnmurte: Først ei sak i Svensk Bokhandel om at tiktokking om bøker aukar salet «på ett unikt sätt. Tio år gamla titlar kan få extrem skjuts tack vare känslosamma videoklipp – i synnerhet om de lockar till tårar». Takk til Jan Szczepański, Gtbrg, som meiner dette bør vel duge for bibliotek også.

Og så får vi avisa Varingen i fanget (elektronisk) der dei skriv om to skolejenter i Nittedal som tiktokkar for biblioteket. Vi får tilgang og siterer: «Biblioteket har laget TikTok-profilen nittebib og har engasjert Katinka Eckhoff (16) og Kari Strandrud (15) til å lage innhold for det sosiale nettverket. De to går henholdsvis første året på Bjertnes videregående og siste året på Li ungdomsskole. – Vi skal engasjere flest mulig ungdommer, komme med boktips og vise hva biblioteket kan brukes til, sier Katinka … Kanalen har snautt 100 følgere, men har altså passert 6.000 seere på en enkelt video».

Translate »