Archive for april 2nd, 2021

april 2, 2021

Ikkje akkurat bibliotekarkjendis (det er fredag)

Den US-amerikanske bibliotekaktivisten og professoren i bibliotekhistorie, Kathleen McCook, kjem no opptil fleire gongar om dagen med bibliotekhistoriske artiklar på Substack. Så bra er dette at vi har lagt henne til i bloggrullen heilt nede til høgre.

Eitt tema ho er opptatt av er sensur, derfor minnar ho om historia om ein bibliotekar-sjølvbiografi som lenge var forboden og der manuset blant anna blei redda frå Dresden under bombinga i 1945, sykla til Leipzig og vidare til Wiesbaden med amerikansk militæreskorte. Boka blei utgitt på 1960-talet, men blei praktisk talt gløymt. Ikkje var personen så populær i alle krinsar heller …

Personen var fødd i Italia, men rekna seg som franskmann, og i 2007 starta ein innfløkt og hemmeleg prosess for fransk oppkjøp av manuset. Kathleen lenkar til ein video frå overrekkinga i 2011, det til då dyraste franske manuskjøpet i historia for 7 millionar Euro. New York Times hadde ei samtidig sak om denne transaksjonen.

Den sjølvbiograferte var ikkje mest kjend som bibliotekar, men …

read more »
april 2, 2021

Biblioteket og dei nye mutasjonane

Klikk for større bilete eller sjå FHI-foredrag

I mai i fjor gjekk Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet saman om ein god, detaljert og relativt fleksibel «Smittevernveileder for bibliotek». Men etter dét har vi fått mutasjonar av viruset, der dei tre mest kjende er den «britiske», den «brasilianske» og den «sørafrikanske». Og som vi enno ikkje kjenner på langt nær så godt som det «vanlege» viruset og sjukdomen, men alt tyder på at dei er farlegare på ulike måtar. No er vi rett nok i gang med vaksinering i vår del av verda, men kanskje må nye vaksinar utviklast.

Dette mens presset aukar for å opne biblioteka. Før den nasjonale nedstenginga frå november og utover haldt biblioteka lengre ope enn dei fleste andre kulturtilboda med grunngjevinga at «det er lite som tyder på at bibliotek er en betydelig smittekilde».

Men med dei nye mutasjonane er dette argumentet svekka. Alt i januar ga FHI ut ein rapport der vi kan lese at …

read more »
Translate »