Archive for april 12th, 2021

april 12, 2021

Frantsvåg om diamant-OA-tidsskrifta

I Khrono.no i mars blei Jan Erik Frantsvåg grundig intervjua om desse publikasjonane versus «kommersielle tidsskrifter med profittmarginer som ikke ligner grisen»:

«- Om du ikke bryr deg om disse tidsskriftene setter du krokfot på mange forfattere.

– Disse tidsskriftene, som Frantsvåg snakker om, er tidsskrifter innen såkalt diamant-OA. Det dreier seg kort sagt om tidsskrifter som publiserer med åpen tilgang (OA), uten å ta betalt fra verken lesere eller forfattere. De utgis ofte av en institusjon og er basert på utstrakt gratisarbeid. Mens institusjonene stiller infrastrukturen til disposisjon, stiller forskere og andre med egen arbeidstid».

Lesbart for folk som jobbar med sånt, men tyngre å bidra med kloke kommentarar og eventuelle innvendingar for ein bloggar med folkebibliotekbakgrunn. Sjå gjerne dette også i samanheng med Lars Egeland sin tekst frå BIBSYS-møtet i ferske Bok og bibliotek nr. 2. Og på bloggen hans.

april 12, 2021

Kjem snart til eit bibliotek nær deg?

Utlånsregistrering ved hjelp av ein slik?

Med ein uklar referanse til tryggleik i samband med koronapandemien innbyr Disney sin Magic Kingdom Park folk til å vere med på test av såkalla biometrisk ansiktsgjenkjenning. Dei vil vel også freiste oss med slikt som å kunne gå ut og inn utan billett og betale «attraksjonar» og servering berre med våre blide åsyn. Men folka bak ein underskriftkampanje mot dette åtvarar mot lekkasjar, hacking osv. som kan føre til misbruk av slike data, ikkje berre til aggressiv marknadsføring, men til overvåking med ulike løynde føremål.

Når det gjeld «digitaliseringa av samfunnet» høyrde vi alt i mars i fjor at «utvikling som ville tatt 10-15 år tidligere, nå kommer i stand på noen få uker». Men miksen av pandemitrugsmål, terrorisme og kunstig intelligens vil flytte …

read more »
Translate »