Kurs for krimforfattarar i bibliotek-etikk!

Hans Olav Lahlum

I samband med tariffoppgjeret har det gått opp for bloggaren at han faktisk er alvorleg lågtlønna. Men å halde kurs skal visst vere innbringande, og det første kurset her i garden blir ganske spesielt. Og med ei eksklusiv målgruppe: Krimforfattarar.

For dei må lære seg elementær biblioteketikk. No fekk vi nemleg endå eit tips om ein krimforfattar som lar detektiven sin få gjennombrot i etterforskinga ved hjelp av lånardata frå eit bibliotek. Om kven som har lånt kva. Noko som berre skal vere muleg etter rettsleg kjenning frå ein domsstol. Og då under sterk tvil. Sjå punkt 10 i Veiledende etiske retningslinjer for bibliotekansatte: «Bibliotekansatte skal sikre at brukerens litteratur- og informasjonsbehov og andre personlige opplysninger behandles konfidensielt».

Om ikkje slike data straks er sletta etter innlevering, som skal vere ein rutine i alle slike datasystem. Sjå Datatilsynet om Lagringsbegrensning.

Tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med slike «løysingar» på krimgåtene sine. Og no fekk vi tips om at også …

… Hans Olav Lahlum i krimromanen Sporvekslingsmordet lar etterforskar Kolbjørn «K2» Kristiansen boltre seg med sensitiv informasjon om ein lånar på Deichman, og denne gongen grip heller ikkje den mykje glupare venninna Patricia Brochmann inn.

Men til skilnad frå til dømes i Rankins «Black and blue», der politihelt John Rebus for 500 pund «kjøper» lånardata av ein tilsett ved det skotske nasjonalbiblioteket, får politietterforskaren på Deichman svært velvillig hjelp av ein bibliotekar. Utan spørsmål eller skruplar pøsar ho på med detaljar om korleis ein lånar har studert nazi-aviser frå okkupasjonstida. Entusiastisk engasjerer bibliotekaren også ein lånar som er kjend for sin skarpe høyrsel og syn og sans for sladder.

Lahlum har lagt hendingane i boka til 1973, og den første norske personvernlova kom først i 1978. Men i alle fall bibliotekarane hadde haldningar til slike spørsmål også på den tida.

Det hadde vore interessant med ei spørjeundersøking blant krimlesarar, eller folk flest, om dei trur slikt er muleg og lovleg? Og trur dei at det skjer? Og at bibliotektilsette utfører slike tenester for spenningas skuld eller for å spe på lønna? Kor mange vågar ikkje bruke biblioteket fordi dei trur dette er vanleg?

Kor som er må vi få sett ein stoppar for sånt, og vi vil no innby både krimforfattarar og bibliotektilsette til eit virtuelt 1 times kurs i biblioteketikk på Teams 11. mai kl. 11.00. Pris berre 300 NOK. Av omsyn til planlegginga vil vi be om påmelding her.

6 Trackbacks to “Kurs for krimforfattarar i bibliotek-etikk!”

Leave a Reply