Archive for april 29th, 2021

april 29, 2021

Når Masterkortet trumfar bibliotekkortet

Når det gjeld e-bøker ligg som kjent USA og den engelskspråklege verda langt føre den norskspråklege. Der blei det langt tidlegare vanleg å gje ut på papir og elektronisk parallelt, og eldre norske bøker har berre i liten grad kome som e-bok, sjå til dømes at berre to av Stein Mehren (siste utgjeving i 2008) sine 21 titlar/utgåver er å få kjøpt som e-bok hos Ark.

Men kanskje er det ein fordel for oss å kunne lære av feila dei må gjennomgå før oss. Eller er det ingen veg utanom?

Ifølgje ei sak på «The Daily Beast» nyleg er éin slik «feil» blitt ekstra tydeleg i USA no under koronaen: «Publishers Are Using E-books to Extort Schools and Libraries». Reinspikka pengeutpressing, meiner dei.

Dette er jo standarden også hos oss; at bibliotek og skolar ikkje får eige, men berre leige nedlastbare e-bøker. Eit døme frå artikkelen: Eitt enkelt e-eksemplar av Anne Franks dagbok kan koste ein skolekrins heile 27 dollar per elev per år – og der mesteparten av pengane går til søkkrike forlag.

Bloggaren kjenner dårleg til undervisningsmetodar og pensumordningar i norsk skole i dag, men kanskje er også vi der snart?

Ein representant for skoleverket oppsummerer ulikskapen som då oppstår mellom rike og fattige elevar og familiar slik:

«Folk kan framleis få tilgang til ressursar med eit kort, men det er ikkje lenger med eit bibliotekkort eller student-ID; det er med kredittkort. Eit bibliotekkort er ei legitim, utjamnande kraft som sikrer at alle har tilgang til kunnskap».

Eller det skulle ha stått: «Eit bibliotekkort var og burde framleis vere ei legitim, utjamnande kraft …».

april 29, 2021

Tur- og kulturboksjangeren lever!

Når Biblioteksentralen ser dette tar dei kanskje inn fleire eks? Spør dei.

Bloggarens hovudprosjekt på desse tidene i fjor var boka «Kortreiste topper i høyreist skog». No som fottursesongen er i gang igjen, i alle fall i Østfold og dalstroka innafor, relanserer vi dei rundt hundreogfemti eksemplara vi har igjen på lager.

Biblioteka på heile Austlandet treng boka. Hit kjem det no både Oslofolk og det som verre er. I påska trefte vi ein gjeng hønefossingar i Fredrikstadmarka. Det var for mykje snø oppe hos dei.

Og topptursamlarane vil absolutt trenge boka. I tre kommunar reiser vi tvil om Kartverket si utnemning av høgaste topp, og det same gjeld noko av namnebruken deira.

I tillegg er dette ei bok for motstandarar av Viken-konstruksjonen! I Østfold er 73 prosent imot. Pen er boka også. Designarane insisterte på å lage ein coffeetablebook.

Translate »