Deichman i Bjørvika er eksteriørmessig blitt kjend for «overhenget» sitt. Til skilnad frå den kulturelle grannen, Operaen, som er verkeleg breialt grunnfesta, forsøker biblioteket nesten å lette frå bakken.
Men dette er slett ikkje uvanleg i dag; det er nærmast blitt ein trend. På arkitektnettstaden Archdaily.com har dei ein foto- og kommentarartikkel om nye franske bibliotek, og der har seks av ni liknande tendensar som Deichman.
Om eitt av dei heiter det at det er «detached from the ground»; på norsk: Lausrive frå bakken.
Det første biblioteket med noko slikt, som vi i farta kan hugse, og som i 2006 var oppsiktsvekkjande, var hovudbiblioteket i svenske Halmstad. Bygget er så vakkert «att det finns …