Archive for mai 7th, 2021

mai 7, 2021

Vaksinepass = meirarbeid

Vreid dansk borgar anno 1013. Svein Tjugeskjegg invaderer England

Det danske «bibliotekarforbundet» Kultur og information har spurt bibliotek i by og bygd (det sistnemnde finst vel ikkje i DK) om røynslene med gjenopning og ikkje minst ordninga med coronapas. Størst problem er i det i dei større byane, der «man måske ikke har helt samme personlige relationer». Dei aller fleste er positive, men det finst også «vrede borgere». Truleg dei som ikkje har dette passet med seg eller ikkje er kvalifiserte for det, og må snu i døra. Om dei ikkje tingar bøker på førehand og får dei utleverte ved oppmøte.

Sjå også Bibliotekopning for A- og B-lånarar?

«- Medarbejderne oplever at have masser af opgaver, så det er ikke en blød start. For selvom der generelt er færre borgere på biblioteket p.t., så er der meget at lave i forhold til materialehåndtering, hvor alle udlånte materialer afleveres, og hvor man samtidig skal afsætte ekstra bemanding til at håndtere coronpas og de ekstra opgaver, det medfører».

PS: Nytt 7.5.: Frist 12. mai: Høring om koronasertifikat – endringer i smittevernloven. OBS: Bibliotek- og kulturforeiningane og -forbunda er ikkje høyringsinstansar. Men kan altså likevel levere svar.

mai 7, 2021

Flytting av oversikta over nye bibliotek

Frå Arnesen: Bibliotekbygninger, 1919. Klikk og kikk

Etter å ha opplevd stor interesse for lista med nye bibliotek og planar for slike på bloggposten Koronabibliotek på gang! (557 nedlastingar sidan publiseringa i januar), vel vi å flytte lista til ei side på bloggen: Nye bibliotekbygg (bloggen har pt. tolv sider til skilnad frå innlegg. Lenker til dei finn du nede til høgre).

Lista Nye bibliotekbygg har fleire formål. Det har alltid vore spørsmål etter bibliotek å reise på studietur til, i alle fall før koronaen. Men utveksling av idear og røynsler treng ikkje skje fysisk. Arkitektane kan også ha glede av denne oversikta. Tips dei.

Vi vil framheve der utbyggjar og arkitekt melder at dei vil følgje nye krav som koronaen og framtidige pandemiar stiller. Men når vi skriv 7.5.21 finn vi ingen…?

mai 7, 2021

Kabelkluss og rundetider (det er fredag)

Databasesøk anno 1983. Klikk og kikk (gløym mobiltelefonen)

Ein snublar over ting på harddisken, som til dømes denne presentasjonen underteikna heldt på eit NOLUG-møte i 2007: «Kabelkluss og informasjonsorgier: Bilder og digresjoner fra norsk on line-historie og litt on ice…».

Poenget var å påvise likskapar mellom bibliotek-IT (som lenge hadde heitt -EDB) og lengdeløp på skøyter.

Éin ting var den rivande utviklinga på begge felta på berre eit par tiår. Og i tillegg alle tala og tabellane som førekjem og som kan føde mistanke om eit samband.

Og vi hadde faktisk på denne tida «Skeisebibliotekarane i LASK» på Vestlandet pluss nokre i Trøndelag. Éin av dei figurerer som nummer 67 på «adelskalenderen» for Hordaland i 1997 (sjå siste side). Men då for Skuteviken Skøite Club. Mest synlege for ålmenta var dei likevel i litteraturkonkurransen «Klok på bok» i Dag og Tid, ofte med rette svar og heiderleg omtale.

Noko av innhaldet i presentasjonen kan vere feil, og mykje interessant manglar, men ingen i salen våga å seie noko då. I dag er det muleg, nedanfor.

Det har gått fjorten år, og ein kunne sikkert bygd det ut, men det finst kanskje viktigare ting å bruke tida til.

Dei som vil oppleve den fantastiske powerpoint-dynamikken anno 2007 kan gå hit.

Translate »