Vi må orsake at vi 11. mai 2009 ikkje markerte hundreårsjubileet for «the Banker’s Lamp». Men i dag feirer vi i alle fall 112-årsdagen for Harrison D. McFaddin si innlevering av patenten på første utgåve av dette opplysande produktet med den grøne skjermen som i tillegg har ein så roleg og avslappande verknad på sinnet. Seier dei.
Typen lampe blir ofte assosiert med lesesalar i bibliotek. Ikkje kor som helst, men i tradisjonelle, eldre bibliotek eller nyare i retrostil.
Den flottaste Banker’s lamp-filmscenen ein kan tenkje seg er i den framifrå, men grufulle «Se7en» frå 1995 med Brad Pitt og Morgan Freeman i hovudrollene som politietterforskarar. Her går sistnemnde til ein biblioteklesesal med fleire titals slike grøne arbeidslamper og får stadfesta at seriemordaren deira bruker Dante sine sju dødssyndar som mønster for drapa (ein kan stusse over at alle lampene står og lyser sjølv om Freeman er einaste besøkande, men dette var lenge før Al Gore klarte å få spalteplass om global oppvarming i US-amerikanske media).
Men endå meir skremmande for lesarane av denne bloggen: I ei scene litt seinare kjøper detektivane seg hjelp av ein FBI-agent med tvilsam, skulle det vise seg, tilgang lånardata ved biblioteket. Slik får dei ringa inn mordaren.
>> Bibliotekscena i filmen er faktisk ikkje frå eit bibliotek, men frå eit tidlegare lokale til Bank of America i Los Angeles.
Her på bloggen har vi tidlegare påvist seks døme på slike bibliotek-uetiske krimforfattarløysingar, alt frå denne filmen …