Archive for mai 16th, 2021

mai 16, 2021

Lydbokhåp i Sverige (?) og Rhode Island

Oppdatert 16.5. kl 23.45

Media har verkeleg fått auga opp for klikkepotensialet til e-lydboka. Jørn Lier Horst versus Gyldendal er blitt ein typisk juridisk avisføljetong, og dei to nye «strøymarane» som fekk forlaga til å lee litt på seg i skyttargravene har ført til nokre ganske omfattande, men ikkje avklarande oppslag.

Som i Aftenposten 7. mai. Forskar Terje Colbjørnsen trur «ikke det lar seg gjøre å samle alle lydbøker i praksis. … Jeg tror ikke vi noen gang kommer dit heller». Mens Bok365-redaktør Vebjørn Rogne trur «det kan være mulig å skape en modell for lydbøker som er bærekraftig for både forfattere og forlag».

Men ingen nemner biblioteket. Det er over to år sidan dåverande kulturminister Skei Grande bad «Forleggerforeningen bli enig med Nasjonalbiblioteket om en snarlig utlånsordning for e-lydbøker». Men ikkje sidan Sira Myhre sin lovnad om gjennombrot 21. oktober i fjor har vi høyrt noko meir.

I svenske Biblioteksbladet skreiv fredag Karin Linder, generalsekretær i Svensk biblioteksförening, ein kronikk der ho forsøker å sjå dette temaet litt i fugleperspektiv. Ho slår først fast at «Den digitala tekniken rubbar det litterära eko-systemet», eit system som stammar frå 1974, og spør seg så om «inte hela systemet måste ses över. Är det verkligen bara ett problem för biblioteken när förutsättningarna att utföra uppdraget är fundamentalt förändrade? Även förläggare och författare på­verkas av hur vi som användare av olika tekniska lösningar för medier beter oss. Jag tror att det är mycket olyckligt att utifrån enbart delar av system lappa och laga och med tekniska förutsättningar fastna i ett spår. Vi behöver se över hur samverkan kan ske i det litterära systemet och hur olika verksamheter bäst stöttar varandra». Bra!

Det norske litterære systemet kan seiast å vere endå femten år eldre enn det svenske, og heller ikkje dét særleg fornya sidan då. Ironisk nok var folkebiblioteket heilt sentralt i eit forslag sett fram under eit legendarisk litterært toppmøte 12. februar 1959 på restaurant «Glohane» i Oslo. Forslaget skulle seinare, i form av innkjøpsordninga, bli starten på ei unik fornying av ein nasjons litteratursystem. Ironisk? Fordi vi for to år sidan fekk lese at biblioteka i dag er nærmast uinteressante i litteraturpolitikken. Men om svenskane no kan få til noko, så kanskje nokon kan bli inspirerte her også.

Men i den US-amerikanske delstaten Rhode Island må dei alt ha hatt ein systemgjennomgang, for der …

read more »
mai 16, 2021

For mykje kunnskap

W. Ewart, den første biblioteklovas far. Foto: Rept0n1x, Wikimedia Commons (CC BY-SA 3.0)

Forskarar, har vi høyrt, må lese mykje og samanhengande. Blant anna derfor er denne bloggaren ikkje blitt forskar. Han har alltid vore ein halvstudert oppsnappar av stort og smått, og er sjeldan sett med ein skikkeleg «murstein» i fanget. Og på nattbordet ligg helst slike bøker som Steve Lowe og Alan McArthur: «Is It Just Me Or Is Everything Shit? : The Encyclopedia of Modern Life». God, britisk samfunnsatire i passe korte kapittel. Her frå oppslagordet «Libraries, public» (vår omsetting):

«Då den liberale parlamentarikaren William Ewart introduserte lova om folkebibliotek i 1849 protesterte dei konservative mot at dei skattebetalande middel- og overklassene skulle finansiere ei teneste som hovudsakeleg blei brukt av arbeidarklassen. Ein Tory-parlamentarikar meinte at «folket allereide har for mykje kunnskap: det var mykje lettare å administrere dei for 20 år sidan; jo meir utdanning folk får, jo vanskelegare er dei å administrere».

«Heldigvis», skriv forfattarane, «slik det moderne biblioteksystemet er blitt, er det ingen stor fare for at folket blir grusomt overutdanna eller vanskeleg å administrere. I fjor blei det oppdaga at heile samlinga til eitt bibliotek i Taunton besto av eitt seks år gamalt eksemplar av Gramophone magazine. Der dei fleste sidene mangla».

Translate »