
Danmarks Biblioteksforening lanserer no «en fælles idestorm om lokale demokrati-aktiviteter», blant anna knytt til haustens kommuneval der nede. Danskane har ressursar og kompetanse, så det er viktig å følgje med på kva dei får til.
Dei viser også til prosjektet Frirummet og kurset deira for «debatpiloter». Dette handlar om «undervisning i blandt andet konfliktanalyse, spørgeteknikker, debatstyring, kunsten at afbryde respektfuldt, opsummering mv».
Her på bloggen i desember var vi også inne på kva vi konkret kunne gjere for å «få fart på» debattbiblioteket. Kurs for ordstyrarar var éitt av forslaga:
Kva med ein nasjonal dugnadsbasert «debattredaksjon» som på eit enkelt forum kunne:
- Foreslå gode debatt-tema + relevant litteratur (analog og digital) å presentere for publikum og debattantar på førehand?
- Så lenge koronaen rår, og seinare, lage eit opplegg for å strøyme desse til andre bibliotek som er interesserte?
- Lage og køyre kurs for ordstyrarar? Og lokale redaktørar = biblioteksjefar? [eller altså: debattpilotar]
- Dele røynsler og videoar av lokale debattar, for å inspirere andre bibliotek?