Archive for mai 21st, 2021

mai 21, 2021

Romærane kåmmer (de ær freddan)

Cicero, romar (ekte)

Bloggaren er blitt svak for Fredrikstad bibliotek sine faste bok- og mediemeldingar i Fredriksstad Blad. I dag skriv avdelingsbibliotekar Anne Trine Skjulhaug varmt om boka «SPQR – det gamle Romas historie» av Mary Beard.

Underteikna har også stor glede av denne boka. Noko bibliotekrelevant som dukkar opp i minnet er om Marcus Tullius Cicero (106 – 43 f.v.t.), blant anna kjend for fyndordet «Har du ein hage og eit bibliotek så treng du ikkje noko meir». Men i Beard-boka kan vi også lese om to av bibliotekarane hans, som også var slavar (sic!), men som begge rømte, etter å ha knabba med seg bøker. Beard diskuterer med seg sjølv om motiv; om dei rømte for å skjule at dei hadde stole bøker eller om dei stal bøker for å finansiere livet i fridom. Men ho er i tvil om kor god marknaden i Roma var for stolne bibliotekbøker.

Når vi først er i Fredrikstad og snakkar om rampestrekar – og om romarar, og sidan det er fredag: På Lykkeberg, midt i sentrum, men på ein knaus bak rådhuset og hotellet, kinoen, Blå Grotte osv., står eit svært spesielt «fortidsminne» som slett ikkje alle veit om.

mai 21, 2021

Lydbokfest – for nokre

Lyttinga til bøker her i landet har ifølgje Bok365 auka med 32 prosent sidan i fjor på denne tida. Og sjølv om forlagsinntektene i dette segmentet «berre» har auka med 11 prosent, så går investeringslysta til himmels. Nyleg kom det to nye strøymetenester, Nextory (svensk opprinneleg) og Coop Story (Ebok.no + Coop). Og med avtalar som brått har fjerna Fabel sin «einerett» til Gyldendal og Aschehoug. For to veker sidan spekulerte Aftenposten i at også svenske Bookbeat kan dukke opp i Noreg.

Men dette blir som storm i eit vatnglass når vi i dag på blant anna KulturPlot kan lese om lydboksamarbeid mellom Spotify og Storytel: «Spotifys mål er å være en plattform for all lyd». Det er på dette nivået Amazon kjem med sin Audible, truleg også her i landet.

Mens til dømes Alta bibliotek er gått tomt for lydbøker alt i mai. Biblioteksjef Sonja-Kristin Granaas fortel til Altaposten om svikten i tilbodet samanlikna med i fjor. I 2020 « … fikk vi [konsortiet Troms og Finnmark, bloggarens merknad] 920.000 kroner ekstra fra Nasjonalbiblioteket til dette budsjettet. Disse midlene har vi ikke i år».

Det heiter at «politikk er det muleges kunst». Dette trudde kulturminister Skei Grande på for to år sidan, men tok visst feil. Så får vi sjå om det likevel er muleg i Rhode Island, USA, og kanskje i Maryland og New York, der eit lovforslag kan sikre biblioteka lydbøker og e-bøker på linje med p-bøker.

Translate »