Archive for mai 28th, 2021

mai 28, 2021

Bibliotekmat!

Frå bloggarens bokhylle

I Klassekampen i dag, 28. mai, er det fire heilsider om debatten om debatten om kva heimefronten visste eller ikkje visste om jødeutryddingane før dei fann stad. Den eine artikkelen ligg open for alle og handlar om Espen Søbye si nye bok «Hva vet historikerne?». I tillegg finn vi ein to siders pedagogisk gjennomgang av dei tre bøkene, altså Marte Michelets «Hva visste hjemmefronten?», motboka «Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?» av Berggren, Bruland og Tangestuen og til slutt «motboka om motboka» av Søbye.

Dei to førstnemnde finst i alle bibliotek, i alle fall i eitt eksemplar, då begge kom på innkjøpsordninga. Men Søbye står med null. Førebels.

Men her kan ikkje biblioteka vente på innkjøpsordninga, og sikkert er det jo ikkje at ho kjem der heller. For dette er ei av få sjansar til å få det norske folket til å lese, tenkje og meine noko meir enn om véret og MGP. Og til å bruke biblioteket sitt. Til hausten kjem i tillegg den reviderte utgåva av Michelet si bok.

Dei aller mest interesserte kjøper alle desse bøkene. Men dei andre interesserte – og dei er mange – treng biblioteket.

Og: I tillegg til å rokke ved ein del av den norske folkesjela er dette generelt ei «kunnskapsfilosofisk» viktig sak. Sjå kva Søbye seier om dette.

PS: Eit hjartesukk: Søket på Michelet si bok viser altfor tydeleg at Biblioteksøk manglar eit fungerande FRBR. Her får vi fire paralelle oppføringar på same tittel, pluss ei for NLB-formata. I tillegg finn vi at ei oppføring med feilskriven tittel har passert kontrollen. Kanskje det ikkje finst nokon kontroll?

Translate »