Archive for mai 31st, 2021

mai 31, 2021

« … gjenstår å se … »

Forleggarforeininga har lansert ein Lesehelt-stafett: «Vi inviterer offentlige personer til å fortelle om sin lesehelt og hvorfor lesehelter er viktige for oss. Rollemodeller er verdifulle, og vi vet at voksne spiller en stor rolle for barn og unges leselyst og leseferdigheter». Kronprinsesse Mette-Marit er ein av dei, Siv Jensen og Guri Melby har også leseheltar å fortelje om på videoinnslaga som ligg ute.

Bloggaren måtte google éin av leseheltedyrkarane; Isabelle Ringnes. Ho ser ut til å vere mest kjend for å ha tent 36 millionar i fjor og for eit samlivsbrot med godt over middels medieappell.

Ein notis om stafetten i Klassekampen laurdag blir avslutta slik: «Om dette er en tilnærming som får ungdommen til å sprinte til biblioteket, gjenstår å se».

mai 31, 2021

Spionering på politikarar – og bibliotekbrukarar

Frå NRK Beta. Klikk og kikk

For to år sidan studerte bloggaren ganske grundig metodane for spionering som no Danmarks Radio har avslørt at USA praktiserer mot europeiske politikarar. For metodane er også brukte i biblioteka sine datasystem for å spore terrorisme og annan alvorleg kriminalitet. Bloggposten om dette handlar om alt frå oppdikta politietterforskarar som lurer bibliotekarar til å sladre om brukarar til styresmaktene i USA si tapping av utlånsdata i stor stil.

Her kan du lese om FBI sitt hemmelege ”Library Awareness Program” på 1970- og 80-talet. Her var målet todelt; å hindre at utlendingar, særleg frå austblokka, skulle få tilgang til ”uklassifisert vitskapeleg litteratur” (!), og å verve bibliotekarar som rapportørar når utlendingar av denne typen brukte biblioteket til slike og endå meir mistenkjelege føremål.

Vi las og refererer også frå boka ”What Every Librarian Should Know about Electronic Privacy” frå 2007. Forfattaren meinte der at slik overvåking av stordata er lite effektivt. Datamining og såkalla mønsterattkjenning av mengder av e-post, sms og telefonsamtalar førte til svært få konkrete mistenkte per år som er kvalifiserte for full avlytting. For, som også den norske PST-sjefen stadfesta i tilfellet Anders Behring Breivik, er kvardagen til terroristar så lik den til alle oss andre, at dei ikkje vil skilje seg ut i dei store datamengdene. 

Men etter 2007 har utviklinga av stordata skote fart. Truleg er «marknadsverdien» av bibliotekdata på veg opp.

Translate »