E- og lydboka: Bokbransjen avslører seg

Lydbøker i eit norsk bibliotek i 2019. Ikkje stor skilnad i dag

>> Sjå også viktig kommentar nedanfor

Den kommersielle delen av bokbransjen har til no meint svært lite offentleg om tilgangen for biblioteka til e-bøker og særleg lydbøker. Heller ikkje har nokon forsøkt å presse dei, til dømes ikkje det som er igjen av norsk kulturpresse. Nasjonalbibliotekar Sira Myhre skal ha hatt samtalar med bransjen, men har etter 3/4 år ingenting nytt å melde (sjå lovnaden hans i september). Men i USA no, nærmare bestemt i staten New York, er forleggjarane og forfattarane tvungne fram i lyset. Og det synet er ikkje vakkert, sett med bibliotek- og lånar- og ein god del andre auge.

For ein månad sidan skreiv vi om eit lovforslag i staten Maryland som skulle gje biblioteka vesentleg betre tilgang til desse bøkene. Når forhandlingar ikkje fører fram prøver dei den juridiske vegen. No er, ifølgje Publishers Weekly, eit tilsvarande lovforslag lagt fram i New York. Først då kjem bokbransjen og lobbyistane deira med klar tale, og då med …

… påstandar om opphavsretts- og grunnlovsbrot frå biblioteksektoren si side og om spreiing av «falske forteljingar».

Forslaget gjekk einstemmig gjennom hos politikarane, men det siste nålauget er guvernørens kontor. Det er dit begge partane sender signala sine i desse dagar. Leiaren av bibliotekforeininga i staten er «absolutt forsiktig optimist».

Det må leggjast til at biblioteka neppe får fri tilgang, som for p-bøker, men skal få det på «rimelege vilkår»: Det heiter at « … widely accepted and effective industry practices remain in place while prohibiting harmful practices that discriminate against libraries and harm library patrons».

Det er på tide å plante ideen om at styresmakter både her og i USA og elles må trå til med statlege bibliotekvederlag for elektronisk innhald for rett og slett å kunne sikre folkebiblioteka ei framtid. P-biblioteket vil framleis vere viktig, men i folks auge vil eit e-laust bibliotek vere ein tapar. Dagens norske innkjøpsordning for desse medieformane er ei pinleg statleg markering av at det er slik det skal vere.

PS 17.6. kl. 23.53: Det viser seg no at biblioteket som demokratisk aktør risikerer å bli sett på sidelinja på grunn av ny og for så vidt kreativ publiseringspraksis. Sitat frå ein annan bloggpost denne veka: «Marte Michelet kjem no i veke 24 med boka «Tilsvar», ei motbok til motboka til Berggren, Bruland og Tangestuen. Først som e-bok og noko seinare på papir, men ifølgje Klassekampen berre i «et mindre papiropplag»! Underteikna er ikkje lenger oppdatert på kor lett og snøgt sakprosaiske e-bøker er tilgjengelege for biblioteka, men Biblioteksentralen må vel kunne hive seg rundt her? Med begge formata».

Dette har vi ikkje fått noko svar på enno. Bruk gjerne kommentarfeltet.

One Comment to “E- og lydboka: Bokbransjen avslører seg”

  1. Marte Michelets bok er et godt eksempel. Vi har momsfritak på e-bøker som er koper av utgaver på papir. Jeg har lenge sagt at det ikke vil ta lang tid før den viktige utgava er den digitale, og at papirboka bare produseres for at den digitale skal få momsfritak.
    Viktig krav at alle formater skal likestilles for bibliotekene og bibliotekbrukerne, i en slik form at prisen for biblioteket på et utlån er omtrent den samme, uavhengig av hvilket format låneren velger.

Leave a Reply