Etter pandemien har president Biden satsa på heilt naudsynt styrking av infrastrukturane i samfunnet. Men det trengst meir: «Mens vi fiksar vegane, bruene, vatn-, avløps- og kraft-infrastrukturane i landet, må vi også reparere dei lokale institusjonane som bind saman lokalsamfunn, som let små verksemder overleve, let arbeidarar finne jobbar og får foreldre i arbeid».
Dette skriv den etablerte biblioteklobbyisten David Vinjamuri i artikkelen «How Libraries Can Save Democracy». Og han meiner biblioteket er den viktigaste av desse institusjonane i USA. I tillegg kjem den yrkesretta utdanninga (community colleges) og museum for barn.
Nyleg skreiv vi om Vedum sin stortingsval-lovnad om statlege sørviskontor, som han tenkjer seg fusjonerte med dei kommunale. Vi var skeptiske med bakgrunn i røynsler der kommunar har utpeika bibliotek til «vertskap». For då er ikkje lenger biblioteket ein «fristad», den einaste offentlege etaten utan styresmaktenes peikefinger og kontroll.
Men vi nemnde også at særleg i USA har mange bibliotek blitt «uoffisielle sørviskontor» ved at dei på eige initativ bruker mykje tid og kompetanse på å løyse alle slags problem for dei store ressurssvake gruppene, både språklege minoritetar, fattige og alle dei som “berre” manglar tilgang til nettet.
Og så kjem altså Vinjamuri med fleire viktige oppgåver biblioteket …