Archive for juni, 2021

juni 10, 2021

« … hvordan voksne bokmeldere og formidlere vurderer oppfordringer til handling i sakprosa for barn om miljø- og klimaspørsmål»

Med andre ord: Barnelitterært forskningstidsskrift har kome ut med nr. 1, 2021, hundre prosent Open Access på Idunn.no. Og der vi har klipt dette frå ingressen til ein artikkel.

Her er det også sju andre artiklar som vil ha interesse for mange av lesarane av denne bloggen. Blant anna om applesing og Erling Loes Kurt.

juni 10, 2021

Biblioteket og bylivet

Det tidlegare nyheitsbiblioteket satsa på skjerm-media og «bestseljarar»

Vi har tidlegare her på bloggen vore inne på at bibliotek er eit ettertrakta element i kjøpesenter. I tillegg til å vere publikumsmagnetar vil vi tru at Thon, Steen og Strøm osv. set pris på bibliotek som kulturelle, ikkje-kommersielle alibi. Og her er det potensial, for Noreg har ifølgje kjøpesenter-ekspert Ronny Spaans 900 kvadratmeter kjøpesenter per 1000 innbyggjarar. Det skal vere europarekord.

Ein følgje av denne utviklinga er at mange gamle bysentrum har stagnert. Men no kan vi lese i Berlingske at sentrum i Herning på Jylland er blitt revitalisert etter at dei flytta biblioteket inn i gågata i sentrum: «Biblioteket er rykket ind i bymidten, og bylivet er flyttet med». 

Det tidlegare hovudbiblioteket var ein typisk dansk «bibliotekborg» anno 1960- og -70-tal. Faktisk kalla «Ørkenfortet»! Og det låg eit godt stykke frå sentrum.

I 2009 var underteikna i Herning og skreiv om «nyheitsbiblioteket» dei hadde innreidd i ein underetasje i sentrum, sjå Bibliotekforum nr. 2, 2010 side 28-29. Om dette var i same bygg som det nye hovudbiblioteket, skal ikkje seiast sikkert.

På den faste sida vår «Nye bibliotekbygg» går det blant anna fram at på Ski i Nordre Follo flyttar dei no biblioteket ut av kjøpesenteret til eit nybygg i sentrum. Men der ligg alt kjøpesenteret i sentrum.

juni 9, 2021

Biblioteket og Vedums nye sørviskontor

Foto: Frederick Kihle (CC BY 2.0)

>> Oppdatering om USA 13.6.

Valkampen er i gang, og Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum ønskjer å framstå som nasjonens største desentralisator. Større enn Støre i alle fall. Statlege sørviskontor-funksjonar i alle kommunar er ein del av dette, ettersom både politi, NAV og skatt er blitt regionaliserte eller nedlagde under Solberg (høyr NRKs Politisk kvarter 4.6., spol ca. 10 min. ut i programmet).

Vedums forslag kan høyrast fornuftig ut, også fordi det er konstatert at heile 600 tusen vaksne ikkje er nettbrukarar eller sliter med dette.

Også den lokale løysinga hans kan verke tilsvarande fornuftig; å la dei statlege flytte inn i dei kommunale sørviskontora (eller -torga. Eller service-, om du vil. Eller informasjonstorg/-kontor).

Men no blir stadig fleire kommunale sørviskontor fusjonerte med bibliotek. Kva kan då følgjene bli for dei sistnemnde?

read more »
juni 7, 2021

Facebookforvising – ikkje berre enkelt

Bøker på nb.no som heller ikkje bibliotek kan formidle via Facebook

Facebook har no stengt ute ein kjend konspirasjonsteoretikar og oppviglar i to år. Det kan sjå ut som ei klok og rettferdig handling, men i Klassekampen 3. juni skriv Bjørn Vassnes meir utfyllande om «Det digitale tankepolitiet». Og han meiner ikkje statlege etatar. Han innleiar slik:

«Hva som er sannhet, falske nyheter eller konspirasjoner, kan endre seg raskt. Det viste seg nylig da Facebook endret sine sensurregler. Inntil nå hadde nemlig alle antydninger om at covid-19-viruset kunne være menneskeskapt blitt ansett som konspirasjonsteori, og Facebooks algoritmer var programmerte til å fjerne slike antydninger fra nettet så snart de dukket opp. Men så plutselig var slike hypoteser ikke lenger forbudte. Grunnen: President Biden hadde beordret nye undersøkelser i saken». Sjå til dømes på NRK.

Meir synst vi ikkje vi kan sitere, men anten du har eller ikkje har passord til avisa, finn henne fram og les dette.

Også bloggaren har i dag fått sitt første nei frå Facebook til å spreie ein bloggpost – publisert i september i fjor. Så anten har dei lagt inn i algoritmane sine ein tre hundre år gamal svensk botanikar eller dei har gjort det umuleg å uttrykke noko kontroversielt i tekst sjølv om du forvanskar det så godt du kan utan å gjere det heilt umuleg for lesarane å forstå noko.

Så blir det spennande å sjå om denne bloggposten passerer nålauget.

PS 1: Gode Mark Zuckerberg, underteikna har ingen trong til å bruke det ikkje (?) nemnde ordet i andre typar samanheng enn denne.

PS 2: Dette ordet er faktisk noko folk flest her i landet meinte var ganske greit å seie for berre fjorten år sidan.

juni 7, 2021

Trist om tidsskrift

I dagens Klassekampen er «Kneblet av The Lancet» hovudsaka på kultursidene. Det handlar om fjerning av eit lesarinnlegg av ein menneskerettsaktivist og tre legar, blant desse norske Mats Gilbert. Lancet-redaktør Richard Horton skal ha vedgått andsynes forfattarane at redaksjonen gjorde dette etter «eksternt politisk press fra pro-israelske miljø».

I innlegget åtvara forfattarane «om hvilke konsekvenser covid-19-pandemien kunne få i Gaza og hevdet at helsevesenet i den palestinske regionen var i ferd med å kollapse etter flere tiår med «strukturell vold fra israelske myndigheter». De hevdet videre at «pandemien kunne bli ødeleggende for en av de mest sårbare befolkningene i verden»».

Innlegget var sjølvsagt på førehand kvalitetssikra og godkjent av redaksjonen på linje med alt anna innhald i det leiande medisinske tidsskriftet.

Interessant er det også at eit tilsvar på det fjerna innlegget, skrive av leiaren av den israelske legeforeininga, i dag kan lesast på nettstaden, mens eit svar til hen er blitt avvist av redaksjonen. Heile prosessen har tre av dei fire i staden gjort greie for i ein artikkel i British Medical Journal.

Gilbert seier til Klassekampen at dette «er etter vårt skjønn noe helt nytt. Og derfor vil vi nå bruke mye krefter på å bekjempe den praksisen som The Lancet – av alle – nå er med på å etablere».

Men ikkje heilt nytt:

read more »
juni 3, 2021

Unikt bibliotektilbod … ?! (det er fredag)

Klikk og kikk

I den svenske småbyen Flen tar biblioteket i bruk koronatrygg teknologi når dei no opnar igjen. Og dei lanserer dette på TikTok.

Frå svensk-norsk ordbok: Utplåning = utsletting

Biblioteket har fleire tiktoks i denne slakke stilen.

Noko å bli inspirert av her i landet? I Nittedal har dei hyra inn ungdomar til dette. Bra!

Også i ein av dei største norske byane har biblioteket prøvd seg, men der må dei lære seg skilnaden på å og og. Det er jo særleg barn og ungdom under norskopplæring som bruker denne kanalen!

Dette ser ut til å bli ein kort bloggpost. Om det ikkje er meir å melde om Flen på ein lat fredag i juni? Og det er det:

read more »
juni 3, 2021

Kva med biblioteka og Høies koronasertifikat?

Nakstad på biblioteket

11. juni skal regjeringa sleppe det dei kallar «verifiserbart koronasertifikat». Noko liknande har dei røynsler med i dronningriket i sør, men ikkje berre positive i første omgang. Vi skreiv om dette 7. mai, like etter at dei hadde tatt det i bruk. Nokre av dei som av ulike, og til dels gode grunnar, ikkje hadde slikt pass når dei kom til biblioteket kunne kome til å bli forbanna når dei ikkje fekk kome inn. Mykje ekstra arbeid blei det også med vakt i døra til kvar tid.

Såpass mykje skriving blei det om dette at styresmaktene påla å ta stikkprøver i staden. Slike kan «udføres ved én daglig stikprøvekontrol af alle tilstedeværende personer, der er undergivet krav om coronapas». Dette skal starte opp «primo juni». Som er no.

Med berre eit snev av svartsyn kan ein tenkje tanken at å kaste ut bibliotekbrukarar kan vere vel så utriveleg som å stoppe dei i døra. Men før danskane har prøvd det, skal vi ikkje måle nokon på veggen.

Men her i landet har vi enno ikkje høyrt eitt ord om korleis koronasertifikatet skal eller kan brukast i biblioteka. Høie seier at …

read more »
juni 3, 2021

Nybibliotek i UFO-land

I mangel på frie foto av både nybiblioteket og lokale UFOar tar vi sjansen på å låne dette.

På den stadig veksande sida vår «Nye bibliotekbygg» har vi i dag markert at det nye biblioteket i Holtålen er opna. Med lenke til ei omfattande sak på Nea Radio, med fleire foto. Gratulere!

Ein spesialitet i dette biblioteket er ei eiga avdeling om det internasjonalt svært kjende Hessdalfenomenet. Dette må vere ei interessant utfordring for eit bibliotek, der jo kunnskap er eit hovudkriterium, men der spekulasjonane er mange, både på nett og på trykk og film. Og der UFO-turisme er blitt ei næring.

Artikkelen om lysa i Hessdalen i Store norske leksikon, nærmare bestemt eit lite avsnitt i artikkelen om UFOar, konkluderer med at «Hittil har man ikke funnet noen entydig forklaring på observasjonene». I bokmålswikipedia er artikkelen meir omfattande, men her har redaksjonen denne åtvaringa på topp: «Denne artikkelens nøyaktighet er omstridt. Opplysningene i artikkelen bør sjekkes mot kilder».

Vi ser litt meir på dette: På engelskspråkleg Wikipedia er artikkelen utan åtvaring, men ho er meir omfattande og med fleire referansar. Desse går for det meste til vitskapeleg materiale om piezoelektrisitet, den eine av teoriane om lysfenomenet (men her står det ei oppmoding frå redaksjonen om å gjere teksten meir leseleg for folk flest). I den franskspråklege får vi først ei åtvaring om at artikkelen er «eit grovt utkast om noko paranormalt og utenomjordisk liv og ufologi». Og så ein informasjon om at du kan «dele kunnskapen din ved å forbetre artikkelen, men så med den litt overraskande parentesen «(korleis?)».

I Google Scholar fekk vi 182 treff. Og i World Cat har dei 16 bøker og 10 artiklar.

juni 3, 2021

«Slik får du dagens åtteåringer hekta på bøker»

Foto: vagawi, Flickr (CC BY 2.0)

Overskrifta her er frå ingressen til ei sak i Aftenposten 26. mai. Tittelen i nettutgåva er: «Forfattere går nye veier: En ny trend har fått disse jentene til å elske bøker». Avisa har snakka med ein jentegjeng i Asker der alle er «oppslukt av den siste trenden: Å strømme hørespill».

Vi får ein gjennomgang av den norske lydbokdebatten dei siste vekene før Aftenposten intervjuar forfattar Arne Svingen som meiner at «Hver strømmetjeneste må få seg en nisje, … Netflix og HBO kan ha en del serier og filmer som er produsert av andre, men de har også egenproduksjoner som de profilerer. På samme måte må lydbokaktørene satse på forskjellige typer historier og vise at det er noe du ikke får andre steder». Svingen har gitt ut fire sesongar med høyrespel for barn, «Rappa». «Forfatteren har tilpasset arbeidet til lydformatet og ikke omvendt». Høyrespela hans finst no på Storytel.

Fleire seier seg enige i dette. Og høyrespel kan også bli noko for vaksne: «Jo Nesbø har også kastet seg på lydbølgen. En krimnovelle er blitt dramatisert til hørespillet Sjalusimannen, som kan høres hos Fabel, VG og Aftenposten. Flere teatre, blant annet Brageteateret og Det Norske Teatret, har prøvd seg på hørespill».

Men i dagens norske lydboksituasjon betyr dette at viktige delar av rekrutteringa av unge lesarar vil skje utan at biblioteket får bidra.

Om ikkje lovforslaget i Rhode Island går gjennom og skaper smitteeffekt til andre statar og land.