Litteraturprofessor Marianne Egeland har 26. juli i Klassekampen eit essay med tittelen «Ingen plass til umoralen». Det handlar om opplysningsmannen Peter Frederik Suhm (1728 -98) si «leseliste … til alle lag av befolkningen. “Ja, endog Fruentimmer”».
Danske Suhm hadde gifta seg rikt i Trondheim, der han blei i fjorten år og var aktiv i det andelege og vitskapelege miljøet i byen. Han var med på skipinga av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.
Han bygde opp ei enorm boksamling som han tilbake i København opna for lesekyndige: «Hans viktigste låntakere var nok menn i den såkalte dannede mellomstand, men også håndverkere skal ha lånt bøker fra Kammerherre Suhms Bibliothek».
Det kongelige bibliotek fekk samlinga etter han, men rundt 30 000 band (mest dublettar) etter kvart blei sende til det nye universitetsbiblioteket i Christiania. Rett nok etter mykje mas; kong Frederik VI var jo imot heile institusjonen, men gav etter i 1813 og fekk likevel namnet sitt knytt til han. Det var i siste lita, for året etter var dobbeltmonarkiet ute av soga (denne legendariske dublettforæringa bør nokon skrive inn i den norske Wikipedia-artikkelen om Suhm).
Utan å vere tingar får du ikkje tilgang til teksten i Klassekampen, men Egeland har ein langt meir omfattande artikkel om dette i Edda nr. 1, 2021: «De fleste Romaners Læsning er skadelig». Her også om landsmannen Jens Schielderup Sneedorff, men som ikkje hadde så mykje å seie i Noreg.
Khrono.no hadde i går eit «konstituerings-intervju» med Nina Waaler på OsloMet: «Vil løfte OsloMet til en teknologisk ener». Ho seier ho vil «utnytte og benytte de teknologiske mulighetene som finnes. Det gjelder i utvikling av både faglige og administrative prosesser. Det er viktig å styrke samarbeidet mellom institusjonene slik at vi kan dra nytte av hverandres digitale løsninger, samt utvikle felles digitale løsninger».
Då var det ikkje veeeldig overraskande å sjå Helge Høivik først i kommentarfeltet. Han har mykje å melde, blant anna:
«Skal det faglig forankrede tiltaket Bokskapet med 30.000 registrerte studenter – utenfor Canvas – og forvaltet av universitetsbiblioteket, forbli der? Eller vil Waaler flytte det inn under studieadministrativ ledelse? Dette handler egentlig om faglig forvaltning i partnerskap mellom fagmiiljø og universitetsbibliotek».
Og: «Det gjelder de to hovedlinjene i nøkkelspørsmålet om hvordan man digitaliserer: Forsterkes maktforskyvningen fra fagmiljø til sentral studieadministrasjon opp mot det topptunge? Blir studentene kunder? Eller bruker vi teknologiens muligheter til å bemyndige lærere og studenter så de kan møte høyere faglige krav? Vi trenger større engasjement i digital transformasjon. Det kan skje ovenfra-ned eller med delaktighet. Nå blåser det en anti-sentralistisk vind».
Bloggaren har fått godord for innlegget om lokal marknadsføring av Nasjonalbiblioteket sine digitale tenester. Då vi likevel skulle eksperimentere litt med fotoprogram osv., blei dette utkastet til delebilete/plakat eit resultat. Det er altså eit UTKAST på alle måtar, både når det gjeld tekst og foto. Men bruk det fritt om de vil. Innspel til forbetringar er velkomne. Her ligg originalen. Større versjon finst førebels ikkje.
Om dette er ein veg å gå, og det blir positiv respons, så vil vi lage ein bokmålsversjon også. Eller lag det sjølve.
I førre veke var det her på bloggen mykje kritikk av folkebibliotek med uklar og mangelfull presentasjon av Nasjonalbiblioteket sine digitale tenester. Men så snubla vi over Kristiansund bibliotek sine heimesider, og her ville det nok vanka eit terningkast 5, om vi hadde operert med slike vulgære rangeringsmodellar.
Om dei hadde lagt ut denne lenka også hadde det blitt ein 6-ar. Om vi altså hadde operert med …
Kjelde. Til Mossevassdraget. Smalvannsmåsan nær Skullerud i Oslo
Khrono.no følgjer i dag opp saka om sjølvplagiering, der ein sjukepleiarstudent UiA fekk eit års utestenging for sjølvplagiat og nokre referansefeil på ein eksamen. Studenten meinte sjølv at informasjonen rundt spesielt sjølvplagiering ikkje var god nok. Khrono har no snakka med studentleiarar, og «alle sier det varierer for mye fra institusjon til institusjon, fra studie til studie og fra underviser til underviser».
Sjå også fyldige kommentarar nedanfor
Men: «Utdanningsdirektør ved UiA Greta Hilding, mente også i den originale selvplagiatsaken at informasjonen og opplæringen universitetet tilbyr er tilstrekkelig». Og: «Universitetsbiblioteket ved UiA … gjennomfører blant annet kurs i kildebruk».
Vi får også vite at «UiA, sammen med Universitetet i Stavanger (UiS) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN), står også bak nettsiden kildekompasset.no».
Nokre bøker frå Foreningen !les si liste frå i fjor
i eit innlegg i fleire aviser i går skriv AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem og nestleiar Gaute Børstad Skjervø at «Vi lar oss aldri true til taushet». Det handlar altså om den høgreekstreme terroren i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 og om kor vanskeleg det faktisk har vore å snakke om dette dei siste ti åra.
Dei skriv blant anna: «… hvorfor er det slik at bøkene om andre verdenskrig lånes ut hele tiden, mens bøkene om 22. juli forblir urørte i norske bibliotek? Kanskje har den siste bokvåren endret på dette, og kanskje bidrar nye tv-serier, podcaster og annen populærkultur å fjerne denne berøringsangsten».
I tråd med denne bloggen sin kjærleik til norske tidsskrift gjorde vi vi eit søk i Idunn.no og fekk 529 treff. Noko som med fordel kunne presenterast på bibliotekheimesider osv. Mykje av dette vil folk kunne lese kor som helst, anna får dei på skjermar i biblioteket.
“Berre” 15 kommunar er no på ROBEK-lista. Men ikkje denne smoothie-kjeda i USA. Foto: Jrorman (CC BY-SA 4.0)
Tysdag var NRK på nett med bodskapen at «Kommuneøkonomien går med dundrende overskudd». Rett nok med tilføyinga: «– samtidig er gjelden mer enn firedoblet». Og om det siste intervjuar dei blant anna to økonomar som «advarer … mot å se seg blind på kommunenes overskudd».
Og i leiarartikkelen sin i dag siterer Nationen KS-leder Bjørn Arild Gram som meiner «kommuneøkonomien [har] strammet seg til. Oversikter KS har, viser at kommunene har vært nødt til å gjennomføre større kutt enn tidligere». Og vidare: «… kommuneøkonomien må styrkes fordi store, krevende oppgaver står i kø for kommunene: Barnehagereformen – som er kraftig underfinansiert. Dessuten er fastlegeordningen i ferd med å kollapse, og kommunene får flere eldre som trenger velferdstjenester, for eksempel».
På bloggen har vi tidlegare påpeika at det vil koste å få folkebiblioteka opp på før-korona-nivået. Og opp på eit trygt nivå for brukarar og tilsette med tanke på at pandemien ikkje er over og at nye vil kome. Den einaste øyremerka støtta biblioteka fekk var i fjor, til ekstra e-bøker. Nokre bibliotek har nok fått noko kompensert frå eigen kommune for løpande utgifter til vakthald osv., men slett ikkje alle. Dette er likevel noko alle bør søkje om. På kort sikt.
Men med tanke på 2021-budsjetta og framover må biblioteka rekne ut kor mykje dei vil trenge for den varige omstillinga.
Dette er frå Bis (Bibliotek i samhälle) i dag. Ein «kombinasjonsbiblioteksjef» i ein liten kommune treng fleire personalressursar for å kunne følgje opp dei to brukargruppene på skikkeleg vis. Han minnar då om dilemmaet for slike bibliotek: « … att skolbibliotekarien arbetar utifrån skolans pedagogiska mål och styrdokument, medan folkbiblioteket snarare ska axla vårt kultur- och utbildnings- och läsfrämjande uppdrag med fokus på barnperspektivet».
Dette er ikkje noko nytt for lesarane av denne bloggen, men dette er godt skrive, og denne tenkte tre-partssamtalen illustrerer dilemmaet godt:
«Ett barn kommer in på biblioteket och frågar: ”Vi ska läsa en bok om romantiken men jag får inte läsa serier för fröken, kan du hjälpa mig?”
Skolbibliotekarien svarar: ”Jag ska hjälpa dig att hitta en bok ur listan som jag har fått av din fröken.”
Folkbibliotekarien svarar: ”Gör revolt. Dracula i serieform är fantastisk och vi funderar på att göra en ungdomspjäs som är baserad på den».
Dette er sluttlinja i diktet «Evolusjonens røst» av Torger Rebolledo Pedersen i kultsamlinga «Tidr» frå 1983. Det handla om nedskjeringar og elende under den første høgrebølgja og nyliberalismen, men i dag toler han nok å sjå det gjenbrukt om tendensen at tekstane rundt oss blir stadig kortare, med resultatet at lesarane i sin tur krev endå kortare tekster. Langlesing er på veg ut.
Dette til trøyst. Leseforskar Anne Mangen leverer eit firepunkts kurs i dette i ei undersak. Men ho blir også intervjua, og her ein smakebit for dei som ikkje tingar:
Forfattaren er statsvitar og har ifølgje noverande arbeidsgjevar, Tankesmien Agenda, «jobbet mye med politisk filosofi». Noko ein kan forstå under lesinga. Ho forsøker heile tida å sjå på teknologiutviklinga i lys av politiske reaksjonar på henne, både dei eksisterande, men ufullkomne og dels resultatlause, men også ulike meir potente forslag til tiltak og kontroll.
For ikkje å seie revolusjon. Ho startar med ei kortfatta skildring av det som ulike miljø på 1990-talet oppfatta som ein revolusjon, då internettet og WWW opna for paradigmisk mykje friare kommunikasjon, publisering og dermed demokratisering. Dette trudde vi, mange av oss. Før plattformselskap som Amazon, Google, Facebook osv. overtok.
Ho er ikkje den første som samanliknar situasjonen på 2020-talet med føydalsamfunnet:
Bibliotektidsskrift i magasinet på Hammersborg (gamle Deichman)
Forfattaren er i dag 80, mens romanen hans om bibliotekaren T. Singer, med fiktiv karriere på Notodden bibliotek og Deichman på Hammersborg, helst langt nede i magasina, kom ut for tjueto år sidan. I Klassekampen finn vi eit større intervju med førstnemnde og i tillegg ein kommentar av Tom Egil Hverven. Her er T. Singer i fokus.
Hverven skriv: «Han har en slags tom identitet, rede til å oppfylles av andres forventninger, samtidig som han er seg tomheten bevisst – og plages av den. Singer er levende opptatt av historie, ikke minst Telemarks historie, men han makter ikke å sette seg selv inn i noen historisk sammenheng».
Eit bibliotekarisk syndrom? :-/
Underteikna intervjua Solstad for Bok og Bibliotek då romanen kom ut. Her ein smakebit frå eitt av dei vanskelegaste intervjua vi nokon gong har gjort:
Då kan du kjøpe ein rapport om marknaden for bibliotekmøbel dei komande fem åra, « inkludert progresjon, segmentering, vekstutsikter, muligheter, utfordringer og konkurranseanalyse». Og sist, men ikkje minst: «Den endelige rapporten vil legge til analysen av COVID-19s innvirkning på denne industrien».
Dette må vere det sikraste provet på at vi på bloggen ikkje var heilt på jordet då vi påpeika at i det post-pandemiske biblioteket er det ikkje nok å berre flytte stolane litt frå kvarandre.
Biden har no signert eit dokument som blant anna vil få på plass igjen Obama-administrasjonen sine reguleringar for nettnøytalitet, noko Trump sjølvsagt måtte kvitte seg med. Dette med blant anna følgene at store nettleverandørar ikkje vil kunne blokkere og redusere farta på innhald dei ikkje liker, og aktørar som til dømes Netflix vil ikkje kunne kjøpe seg overlegen fart for filmane sine.
Bibliotekforeninga ALA protesterte i si tid mot Trump og meinte det ville bety «ei nedprioritering av demokratiet – av læraranes, bibliotekaranes og alle borgaranes muligheit til å informere seg sjølve og kvarandre like mykje som dei store kommersielle».
Alt i 2001 skreiv vi sjølve om liknande tendensar, då svenske Telia planla ein nettportal for å tene mest muleg på eige innhald, og derfor ikkje gav tilgang til nokon søkemotor!).
Bloggaren er gradvis i ferd med å flytte arbeidsinnsatsen sin frå bibliotekpolitikk (takk for god og jamn respons frå fleire av dykk, men oppover i systemet er dette fånyttes) over til Wikipedia og Lokalhistoriewiki, med vekt på østfoldhistorie.
Dermed er det blitt meir kontakt med lokalhistorikarar av alle slag, frå entusiastar på FB-grupper av typen «Du veit du er frå …. når…», via lokale historielag og til dei profesjonelle. Men med unntak av dei siste er det sjokkerande å treffe på mange som er dårleg kjende med NB.no, altså Nettbiblioteket, eller «Bokhylla.no» som det heitte før. Nokre har prøvd det «opne» tilbodet; det som har falle i det fri pluss det nyare t.o.m. år 2000 som er omfatta av avtalar med Kopinor. Men mange veit ikkje at dei på det lokale biblioteket kan få tilgang til også det «lukka» innhaldet, altså det som er nyare enn 2000 pluss aviser med ulike avtalar. Med andre ord det NB kallar «utvidet tilgang for forskning og dokumentasjon» (dei bruker også «pliktavlevert» om dette materialet, sjølv om mykje av det eldre også var pliktavlevert i si tid).
Mange journalistar og særleg skrivande frilansarar kunne også trengt betre informasjon.
Men så driv vi då med ein-til-ein-kursing her og der. Før vi nyleg forsøkte å finne ein god instruksjon på nett, så folk kunne bli meir sjølvhjelpne. Då fekk vi sjokk nummer to:
Bloggarens oldefar smidde rekkverket rundt bassenget på Haugen. Klikk og kikk.
Etter at Deichman flytta frå Hammersborg har det ikkje vore bibliotektilbod i bydelen St. Hanshaugen i Oslo. Nyleg kom et eit utandørs «sommerbibliotek» på sjølve haugen, altså i parken. Men på Khrono.no kan vi lese om planar kommunen har for å kjøpe seg inn i dei fråflytta bygga til Veterinærhøgskolen på Adamstua:
«Nå vurderer Oslos byråd å kjøpe store deler av Veterinærhøyskolens tomt. Tomtearealet er på over 50 mål, noe som tilsvarer sju fotballbaner. Det skal gi kommunen plass til skole, flerbrukshall, bibliotek og bydelspark».