
I kulturdelen av Klassekampen i dag er igjen strøyming av lydbøker eit hovudtema. No handlar det om endå eit internordisk forlagsoppkjøp og dermed ei femte strøymeteneste for lydbøker her i landet. Men også om at debutantane ikkje slepp til i lydbokformatet. Leiaren av Forfattarforeningen, Heidi Marie Kriznik, «mener at strømmetjenestene har ført til en enda større grad av konsentrasjon rundt bestselgere enn det som har vært tilfelle i bokhandel.
– Aldri har så mange kunnet lytte til så mange titler, men aldri har så mange lyttet til så få. Sånn strømmetjenestene er innrettet, trekkes litteraturen i en annen retning enn det som er målet for litteraturpolitikken. Det går mot mer enfold og ikke mer mangfold».
Folkebiblioteka har tradisjon på å formidle det nye og det «smale» i tillegg til bestseljarane, men forlaga set prisen for biblioteklytting så høgt at biblioteka ikkje får råd til å marknadsføre verken det eine eller det andre i dette formatet.
I september i fjor varsla Nasjonalbiblioteket at gjennombrotet i forhandlingane med forlaga var like om hjørnet. Her på bloggen har vi etterlyst resultatet av dette fleire gongar. No kom det faktisk noko om lydbøker på NB si heimeside, men dette kan vel umuleg vere heile gjennombrotet: «at utlån av lydbøker defineres som at når en bok har blitt lyttet til av en låner minst 10 % av total spilletid»??
Dette er sjølvsagt ein framgang frå tidlegare, då berre det å opne ei lydbok genererte 1 stk. utlån og full betaling til forlaget! No blir ho kanskje ikkje fullt så mykje …