Archive for juli 19th, 2021

juli 19, 2021

«J d r knpe tidr»

Skal hjelpe for langlesing (valfri bryggemetode)

Dette er sluttlinja i diktet «Evolusjonens røst» av Torger Rebolledo Pedersen i kultsamlinga «Tidr» frå 1983. Det handla om nedskjeringar og elende under den første høgrebølgja og nyliberalismen, men i dag toler han nok å sjå det gjenbrukt om tendensen at tekstane rundt oss blir stadig kortare, med resultatet at lesarane i sin tur krev endå kortare tekster. Langlesing er på veg ut.

Dette er tema i A-magasinet til Aftenposten under den sjølvsagt lange tittelen «Silje Tretvoll mener voksne har en jobb å gjøre som lese-rollemodeller. Selv skal hun lese 100 bøker i år». Og ingressen: «Vi faller ut av handlingen og går i stedet på Instagram. Men det går an å lære å lese bok igjen».

Dette til trøyst. Leseforskar Anne Mangen leverer eit firepunkts kurs i dette i ei undersak. Men ho blir også intervjua, og her ein smakebit for dei som ikkje tingar:

read more »
juli 19, 2021

Men revolusjonen må nok vente

For ein månad sidan hadde NOLUG eit Zoom-møte med Hilde Wisløff Nagell, forfattaren av boka «Digital revolusjon: hvordan ta makten og friheten tilbake». Ein boktittel i overkant optimistisk ved første augekast, men som i alle fall kan få oss til å tenkje mindre defaitistisk om framtida. 

Forfattaren er statsvitar og har ifølgje noverande arbeidsgjevar, Tankesmien Agenda,  «jobbet mye med politisk filosofi». Noko ein kan forstå under lesinga. Ho forsøker heile tida å sjå på teknologiutviklinga i lys av politiske reaksjonar på henne, både dei eksisterande, men ufullkomne og dels resultatlause, men også ulike meir potente forslag til tiltak og kontroll. 

For ikkje å seie revolusjon. Ho startar med ei kortfatta skildring av det som ulike miljø på 1990-talet oppfatta som ein revolusjon, då internettet og WWW opna for paradigmisk mykje friare kommunikasjon, publisering og dermed demokratisering. Dette trudde vi, mange av oss. Før plattformselskap som Amazon, Google, Facebook osv. overtok. 

Ho er ikkje den første som samanliknar situasjonen på 2020-talet med føydalsamfunnet: 

read more »
Translate »