Archive for juli 21st, 2021

juli 21, 2021

Den populære krigen – og den nære

Nokre bøker frå Foreningen !les si liste frå i fjor

i eit innlegg i fleire aviser i går skriv AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem og nestleiar Gaute Børstad Skjervø at «Vi lar oss aldri true til taushet». Det handlar altså om den høgreekstreme terroren i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 og om kor vanskeleg det faktisk har vore å snakke om dette dei siste ti åra.

Dei skriv blant anna: «… hvorfor er det slik at bøkene om andre verdenskrig lånes ut hele tiden, mens bøkene om 22. juli forblir urørte i norske bibliotek? Kanskje har den siste bokvåren endret på dette, og kanskje bidrar nye tv-serier, podcaster og annen populærkultur å fjerne denne berøringsangsten».

Kanskje, kanskje ikkje. Men vi ser i alle fall at mange bibliotek no har laga bokutstillingar om temaet.

I tråd med denne bloggen sin kjærleik til norske tidsskrift gjorde vi vi eit søk i Idunn.no og fekk 529 treff. Noko som med fordel kunne presenterast på bibliotekheimesider osv. Mykje av dette vil folk kunne lese kor som helst, anna får dei på skjermar i biblioteket.

juli 21, 2021

Koronakompensasjonen, kommuneøkonomien og biblioteket

“Berre” 15 kommunar er no på ROBEK-lista. Men ikkje denne smoothie-kjeda i USA. Foto: Jrorman (CC BY-SA 4.0)

Tysdag var NRK på nett med bodskapen at «Kommuneøkonomien går med dundrende overskudd». Rett nok med tilføyinga: «– samtidig er gjelden mer enn firedoblet». Og om det siste intervjuar dei blant anna to økonomar som «advarer … mot å se seg blind på kommunenes overskudd».

Og i leiarartikkelen sin i dag siterer Nationen KS-leder Bjørn Arild Gram som meiner «kommuneøkonomien [har] strammet seg til. Oversikter KS har, viser at kommunene har vært nødt til å gjennomføre større kutt enn tidligere». Og vidare: «… kommuneøkonomien må styrkes fordi store, krevende oppgaver står i kø for kommunene: Barnehagereformen – som er kraftig underfinansiert. Dessuten er fastlegeordningen i ferd med å kollapse, og kommunene får flere eldre som trenger velferdstjenester, for eksempel».

På bloggen har vi tidlegare påpeika at det vil koste å få folkebiblioteka opp på før-korona-nivået. Og opp på eit trygt nivå for brukarar og tilsette med tanke på at pandemien ikkje er over og at nye vil kome. Den einaste øyremerka støtta biblioteka fekk var i fjor, til ekstra e-bøker. Nokre bibliotek har nok fått noko kompensert frå eigen kommune for løpande utgifter til vakthald osv., men slett ikkje alle. Dette er likevel noko alle bør søkje om. På kort sikt.

Men med tanke på 2021-budsjetta og framover må biblioteka rekne ut kor mykje dei vil trenge for den varige omstillinga.

juli 21, 2021

«Gör revolt. Dracula i serieform är fantastisk» (om kombinasjonsbibliotek)

Dette er frå Bis (Bibliotek i samhälle) i dag. Ein «kombinasjonsbiblioteksjef» i ein liten kommune treng fleire personalressursar for å kunne følgje opp dei to brukargruppene på skikkeleg vis. Han minnar då om dilemmaet for slike bibliotek: « … att skolbibliotekarien arbetar utifrån skolans pedagogiska mål och styrdokument, medan folkbiblioteket snarare ska axla vårt kultur- och utbildnings- och läsfrämjande uppdrag med fokus på barnperspektivet».

Dette er ikkje noko nytt for lesarane av denne bloggen, men dette er godt skrive, og denne tenkte tre-partssamtalen illustrerer dilemmaet godt:

«Ett barn kommer in på biblioteket och frågar: ”Vi ska läsa en bok om romantiken men jag får inte läsa serier för fröken, kan du hjälpa mig?”

Skolbibliotekarien svarar: ”Jag ska hjälpa dig att hitta en bok ur listan som jag har fått av din fröken.”

Folkbibliotekarien svarar: ”Gör revolt. Dracula i serieform är fantastisk och vi funderar på att göra en ungdomspjäs som är baserad på den». 

Translate »