Fokus på UH-bibliotek og info om kjeldebruk

Kjelde. Til Mossevassdraget. Smalvannsmåsan nær Skullerud i Oslo

Khrono.no følgjer i dag opp saka om sjølvplagiering, der ein sjukepleiarstudent UiA fekk eit års utestenging for sjølvplagiat og nokre referansefeil på ein eksamen. Studenten meinte sjølv at informasjonen rundt spesielt sjølvplagiering ikkje var god nok. Khrono har no snakka med studentleiarar, og «alle sier det varierer for mye fra institusjon til institusjon, fra studie til studie og fra underviser til underviser».

Sjå også fyldige kommentarar nedanfor

Men: «Utdanningsdirektør ved UiA Greta Hilding, mente også i den originale selvplagiatsaken at informasjonen og opplæringen universitetet tilbyr er tilstrekkelig». Og: «Universitetsbiblioteket ved UiA … gjennomfører blant annet kurs i kildebruk».

Vi får også vite at «UiA, sammen med Universitetet i Stavanger (UiS) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN), står også bak nettsiden kildekompasset.no».

2 kommentarer to “Fokus på UH-bibliotek og info om kjeldebruk”

  1. «Sjølvplagiering» er, med respekt å melda, eit tullete omgrep. Å bruka opp att ein tekst ein sjølv har skrive er ikkje plagiat. Det kan vera uorginalt, eit teikn på latskap, tidsnaud eller kva som helst. Men ikkje plagiat. Det er lov å gjenta seg sjølv.

    Etter det eg forstår er det snakk om at ein student har brukt tidlegare innlevert eksamenssvar som svar på ein ny eksamen. Om dette teier regelverket. Det finst inga rettleiing om slikt i Kildekompasset eller Søk og Skriv – vel helst fordi ingen har tenkt det mogeleg å resirkulera eit eksamensarbeid. Ettersom sit slikt arbeid har tvilsam status fordi det ikkje er tilgjengeleg for lesaren er det strengt tatt eit kjelde på linje med «personleg kommunikasjon». Som er ei lovleg kjelde.

    I mi verd (statsvitskapen) er kvalitet ved datainnsamling og på det kritiske apparatet to av elleve evalueringskriteria for vurdeing av eksamansarbeid (og alle andre vitskaplege tekstar). Plagiat er her rekna som eit medvite brot på reglane for sitering og referering. (Som vel også er den ålmenne forståinga av omgrepet). Den vanlegaste «plagiatsituasjonen» er at studentene gløymer å leggja inn sitering på rett stad. I opplæringa i informasjonskompetanse ved mitt bibliotek vert dette lagt måteleg stor vekt på, og det har eit tilbod om korrekturlesing av kritisk apparat før innlevering av heimeksamenssvar og oppgåver på 100 og 200-nivå.

    Kvaliteten på kritisk apparat er eit evalueringskriterium. Ei oppgåve som saknar kritisk apparat kan ikkje vurderast og får difor inga evaluering. Feil i kritisk apparat går ut over karakteren, ikkje til skuldingar om fusk. Kvaliteten på datainnsamling er og eit evalueringskriterium. Igjen vil dårleg kvalitet på innsamling av data/val av tekstar går ut over karakteren. Men det vil heller ikkje her føra til skuldingar om fusk. Skal ein student straffast for sjølvplagiering må det skje ved karaktersetjing på dette kriteriet – for så vidt med ein F.

    Men då dukkar det brått opp ein elefant i rommet: Korleis kan det ha seg at ein student finn ut at det gjev meining å bruka svaret på ein eksamen på eit anna kurs som svar på oppgåva i eit nytt?

  2. Eg ser av presemedinga om saka frå UiA at plagiatskuldingane går på to av fem oppgåvesvar, som kvart utgjer 15 % av det samla svaret. Det eine svaret er sjølvplagiat» (Har sjekka kildekompasset.no. der det vert sagt sjølvsitering kreve referanse for ikkje å verta rekna som fusk. Interessant nok nemner ikkje nettkurset Søk og Skriv sjølvsitering i det heile). Dersom det som no står i kildekompasset.no stod der då oppgåva vart skriven er vedtaket om fusk lovleg – og det er inga sak. Men det er altså ein måte å handsama sjølvsitering på som kildekompasset.no er åleine om.

    Dei to andre brota på siteringsreglane kan oppfattast som fusk. Dei kan også oppfattast som rot og forvirring. Ettersom «Studentene var informert om at det skulle refereres til kilder på vanlig måte i teksten, men det var ikke krav om litteraturliste» var ikkje stuenten einsam i si forvirring. Normalt er det slik at henvisingar – referingar – i teksten viser til ei liste over referansane – også kalla litteraturliste. Ei APA7 henvising i teksten er meiningslaus utan at det som det vert vist til er spesifisert einkvan staden.

    Det eine av desse var «Videre ble det avdekket direkte sitat fra en artikkel (187 ord). Her var kilde oppgitt i slutten av besvarelsen, men det var ikke markert i besvarelsen at teksten var direkte sitat. Teksten framstod derfor som om den var utformet av studenten selv.» Eit så langt direkte sitat er eit brot på opphavsrett og døme på dårleg kjeldebruk som kan føra til stryk. Om dette seier kildekompasset.no «Sitatet skilles ut i et eget avsnitt med innrykk. I parentesen oppgir du opplysninger om forfatter og årstall og sidetall. Parentesen kommer etter punktum». (Rett nok er ikkje dømet på dette korrekt. Heller ikkje har kildekompasset.no med åtvaringa frå APA om at direkte sitat ikkje skal utgjera meir enn 15 % av ein tekst.)

    Den siste, «Bevarelsen inneholder også en kortere tekstblokk (35 ord) med direkte sitat fra en artikkel som ikke var oppgitt som kilde.» er å sjå på som eit ekte plagiat.

    Men å stenga ein student ute i eitt år for aktlause villfaringar er kan henda litt strengt. Ikkje minst sidan dei som har sett seg til doms over henne sjølv verkar vera like villfarne.

Leave a Reply