Archive for juli 27th, 2021

juli 27, 2021

«De fleste Romaners Læsning er skadelig»

Klikk og kikk

Litteraturprofessor Marianne Egeland har 26. juli i Klassekampen eit essay med tittelen «Ingen plass til umoralen». Det handlar om opplysningsmannen Peter Frederik Suhm (1728 -98) si «leseliste … til alle lag av befolkningen. “Ja, endog Fruentimmer”».

Danske Suhm hadde gifta seg rikt i Trondheim, der han blei i fjorten år og var aktiv i det andelege og vitskapelege miljøet i byen. Han var med på skipinga av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Han bygde opp ei enorm boksamling som han tilbake i København opna for lesekyndige: «Hans viktigste låntakere var nok menn i den såkalte dannede mellomstand, men også håndverkere skal ha lånt bøker fra Kammerherre Suhms Bibliothek».

Det kongelige bibliotek fekk samlinga etter han, men rundt 30 000 band (mest dublettar) etter kvart blei sende til det nye universitetsbiblioteket i Christiania. Rett nok etter mykje mas; kong Frederik VI var jo imot heile institusjonen, men gav etter i 1813 og fekk likevel namnet sitt knytt til han. Det var i siste lita, for året etter var dobbeltmonarkiet ute av soga (denne legendariske dublettforæringa bør nokon skrive inn i den norske Wikipedia-artikkelen om Suhm).

Utan å vere tingar får du ikkje tilgang til teksten i Klassekampen, men Egeland har ein langt meir omfattande artikkel om dette i Edda nr. 1, 2021: «De fleste Romaners Læsning er skadelig». Her også om landsmannen Jens Schielderup Sneedorff, men som ikkje hadde så mykje å seie i Noreg.

Translate »