Archive for august 16th, 2021

august 16, 2021

Bibliotek for alle?

I denne annonsa i Brønderslev Avis får foreldra også sjenerøst vite grunnen til at drængen eller pigen kan bli lukka ute frå biblioteket:

«I forbindelse med overgangen til nyt økonomisystem fra 1. november 2021 ændrer Brønderslev Bibliotek praksis ved registrering af brugere under 18 år. Efter 1. september vil brugere under 18 år blive blokeret, hvis de ikke har tilknyttet en økonomisk ansvarlig i registreringen på biblioteket. For at være sikker på at dit barn/din teenager fortsat kan bruge biblioteket, skal I kontakte os og få opdateret jeres oplysninger – gerne hurtigst muligt, så blokeringen kan undgås».

Vi kjenner folk som blei nekta plent å gå på biblioteket av foreldra fordi dei kunne kome til å levere for seint og måtte betale bøter. Vi trudde dei tidene var over for to-tre generasjonar sidan.

Men kanskje er dette på veg inn her i landet også? Det er nok endå eit EU-direktiv vi ikkje har fått med oss…

august 16, 2021

Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena

>> Sjå også kommentarfeltet nedanfor. Lat det bli debatt om dette.

Under bibliotekseminaret i Stavanger 22. september ser vi at eit hovudpunkt vil vere: «Hva er det politikere og byråkrater snakker om når de snakker om “biblioteket som demokratisk arena”»? Dette blir spennande og viktig. Særleg fordi professor Håkon Larsen ved OsloMet skal innleie. Han er ein av svært få her i landet som har forsøkt å trenge under overflata på dette feltet. Vi siterte frå ein artikkel av han og Per Alexander Solheim her på bloggen i desember. Dei har same konklusjon som oss: «Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert».

Den nasjonale bibliotekstrategien og andre styringsdokument er breiddfulle av ord om bibliotek og demokrati, men inneheld lite konkret om kva eit bibliotek kan gjere. Å kjøpe inn og låne ut bøker med ulike syn på saker, pluss arrangering av bokbad, foredrag og (nokre få reelle) debattar, er sjølvsagte aktivitetar. Men kva anna?

For ikkje berre politikarane og styresmaktene, men i fagmiljøet på alle nivå blir det heile tida snakka og skrive om dette; om kor varmt og nært demokrati er knytt til biblioteket og kor viktig biblioteket er for å sikre demokratiet. Demokratiet er særleg etter lovrevisjonen i 2014 blitt ei uslåeleg sak for å fremje bibliotekideen, for alle er jo opptatte av dette.

Men kor djup forståing har vi av demokratiet og om problemkomplekset bibliotek og demokrati?

read more »
Translate »