Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena

>> Sjå også kommentarfeltet nedanfor. Lat det bli debatt om dette.

Under bibliotekseminaret i Stavanger 22. september ser vi at eit hovudpunkt vil vere: «Hva er det politikere og byråkrater snakker om når de snakker om «biblioteket som demokratisk arena»»? Dette blir spennande og viktig. Særleg fordi professor Håkon Larsen ved OsloMet skal innleie. Han er ein av svært få her i landet som har forsøkt å trenge under overflata på dette feltet. Vi siterte frå ein artikkel av han og Per Alexander Solheim her på bloggen i desember. Dei har same konklusjon som oss: «Bibliotek+demokrati er ikkje konkretisert».

Den nasjonale bibliotekstrategien og andre styringsdokument er breiddfulle av ord om bibliotek og demokrati, men inneheld lite konkret om kva eit bibliotek kan gjere. Å kjøpe inn og låne ut bøker med ulike syn på saker, pluss arrangering av bokbad, foredrag og (nokre få reelle) debattar, er sjølvsagte aktivitetar. Men kva anna?

For ikkje berre politikarane og styresmaktene, men i fagmiljøet på alle nivå blir det heile tida snakka og skrive om dette; om kor varmt og nært demokrati er knytt til biblioteket og kor viktig biblioteket er for å sikre demokratiet. Demokratiet er særleg etter lovrevisjonen i 2014 blitt ei uslåeleg sak for å fremje bibliotekideen, for alle er jo opptatte av dette.

Men kor djup forståing har vi av demokratiet og om problemkomplekset bibliotek og demokrati?

Dette kjem det etter kvart meir litteratur om, til og med frå ein marxistisk analytisk synsstad. Kandiaren Sam Popowich forsøker seg med tittelen «Confronting the Democratic Discourse of Librarianship : A Marxist Approach». Han går inn på fleire sider ved dette problemkomplekset, men på eit så akademisk vis at vi ved dette høvet vel å setje det inn i ein meir jordnær norsk samanheng:

Kva som er demokrati har aldri vore sjølvsagt og er det heller ikkje i dag. Dei aller fleste her i landet vil sikkert meine at det vestlege, representative systemet med fleire parti, frie val og politiske og administrative organ på ulike forvaltingsnivå, er lik demokrati. Så veit vi at det finst litt andre løysingar, også i land vi gjerne samanliknar oss med, men går vi til Ungarn og kanskje Polen er det ikkje så greit lenger, og USA har sine problem, men ikkje lenger under Biden? Men når Nord-Korea kallar seg ein demokratisk republikk, blir det ganske håplaust. 

Men tenkjer vi oss grundig om, skurrar det vel når heimlege politikarar ikkje held valløfta sine (burde vi hatt fleire folkeavstemmingar?) Og så har vi alt som norske regjeringar overlet til Brüssel. Og vidare får vi lite innsyn i eller kan påverke dei mange stats- og kommunale føretaka. For ikkje å gløyme kor lite vi får å seie når internasjonale gigantkonsern konkurrerer ut og kjøper opp lokale verksemder.

Popowich, men mange fleire, har skrive om kor hierarkiske, elitistiske og diskriminerande samfunna, og biblioteka, var før i verda. Men Popowich er opptatt av at vi også i dag er «fangar» av vår eiga tid og eige system, nemleg den nyliberale, globaliserte kapitalismen.

For å få dette ned på jorda igjen kan vi til dømes gå til sosiologen (og tidlegare kyrkje- og undervisningsbyråkraten) Greta Billing. I boka «Kulturpolitikk og samfunnsforandring» viser ho til den franske samfunnsforskaren Louis Althusser, og Billing, som var sentral rundt dei første kulturmeldingane på 1970-80-talet, utvidar nedslagsfeltet til kulturpolitikken:

« … det kulturelle systemet ser i dag ut til å få en øket betydning ved siden av utdanningssystemet som de sentrale ideologiske undertrykkelsesapparater. … Det som kjennetegner de ideologiske statsapparater er at staten gjennom disse primært utøver sine repressive funksjoner gjennom ideologi, og ikke gjennom fysisk voldsbruk (slik politi og militærvesen gjør). … De kulturelle institusjonene fungerer som ideologiske maktapparater, og staten utøver denne makten som en integrert del av det kapitalistiske samfunnssystemet».

Vågar vi påstå at norske folkebibliotek er høgt heva over dette?

Ein annan sterk «tradisjon», som heng saman med dette, er, ifølgje Popowich, bibliotekfeltets «vocational awe», som vi kan gjenkjenne som «bibliotekar-kallet». Dette, kopla med tendensane i dag til å fokusere sterkt på utlånstal pluss alt muleg digitalt og kule teknologiske nyvinningar, gjer at vi gløymer, eller ikkje får tid til, å vere opptatte av det sosiale og å vere samfunnskritiske.

Popowich kjem med mykje som krev grundigare handsaming av kompetente folk på ulike felt. Blant anna polemiserer han skarpt mot kjende teoretikarar på venstresida i USA som John Buschman, Wayne Wiegand og Kathleen McCook, folk vi har løfta fram også her på bloggen. Universitetslektor i Lund, Lisa Engström, har også problematisert dette, med meir, i ei god bokmelding i Bis.

Paulo Freire. Kunstnar: Luiz Carlos Cappellano. Wikimedia Commons. Utsnitt

Ein idé vi ikkje har brukt mykje krefter på før no er alternative, frie bibliotek! Ikkje sidan Jan Myrdal i eit intervju uttrykte tvil om folkebiblioteka eigentleg burde vere offentlege. – I alle fall må bibliotekarane frigjere seg frå rolla som kommunetilsette, meinte han. Men Popowich køyrer dette fram i eit eige kapittel. Her stør han seg blant anna på frigjeringspedagogen Paulo Freire (100 år i september!) og filosofen Jacques Ranciére (også ein gamal kjenning).

Rett nok har denne bloggen mange innlegg under tæggen «Det uavhengige biblioteket», men sånt som dette må underteikna likevel tyggje på ei stund. Men det er godt å ha lese slikt igjen. Og samfunnet tetnar til. For berre drygt tretti år sidan trengtes det alternativ produksjon og distribusjon av litteratur i fleire europeiske land, og vi ser at aktiviteten aukar igjen i IFLA si FAIFE-gruppe.

Men vi opna her med at bibliotekstrategien ikkje er konkret på kva bibliotek kan gjere for å bidra til demokrati, her og no i Noreg. Heller ikkje Popowich har ei opplisting av gode døme, men han peikar på at «pragmatic utopianism» er naudsynt og nemner eit førebilete: «… combined with a realism unavoidable in the situation, during the unrest in Ferguson, Missouri in 2014, the library remained open to serve the community while many other organizations closed». Dette er eitt av fleire US-amerikanske døme vi også har skrive om her på bloggen

>> Utopiar som verkemiddel er også eit tema i boka av Erik Olin Wright som Klassekampen presenterte 13. august, og som vi blogga om, men der forfattaren heller ikkje er meir konkret.

Det handlar om å sprengje vande grenser. Å våge å ta fram i lyset og også ta stilling i konfliktar og debattar om sosial undertrykking og eksistensielle trugsmål mot menneskeslekta.

Popowich snakkar også om «dual power», at vi er i ein situasjon med den nyliberalistiske staten som privatiserer mest muleg av offentlege oppgåver, men som samtidig opnar for ultra-høgre og fascistiske «løysingar». I denne situasjonen kan alternative og sosialistiske alternativ få meir støtte enn vi kanskje trur.

Når Popowich snakkar om «utopiske» verkemiddel tangerer han, utan at han veit det, sjølvsagt, noko sentralt på denne bloggen. Sjå lista vår med «Barske bibliotekarar». Fleire av desse er folk eller grupper som har våga å tenkje utanfor den tradisjonelle bibliotekboksen; frå det nemnde biblioteket i Ferguson, via biblioteksjefen på Lillehammer som mot kommuneleiinga sitt ønske arrangerte store folkemøte om byutvikling, til biblioteksjefane som trassa kneblingsparagrafen i USAs Patriot Act som forbydde dei å informere om det når FBI tok beslag i data om kven som låner kva i biblioteket. 

Så får slike som Sundeen og Blomgren seie kva dei vil.

Meir bra lesestoff

3 Responses to “Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena”

  1. Lite mer om «Confronting the Democratic Discourse of Librarianship : A Marxist Approach» av Sam Popowich:

    Mitt första intryck av Popowich’s marxistiska infallsvinkel till bibliotekets myckna prat om sig självt som som garant och främjare av demokratin är inte odelat positivt. I det kapitalistiska samhället fungerar biblioteket utan tvivel som en ideologisk apparat som hjälper kapitalismen med dess mycket bristfälliga former av demokrati att fortbestå. Men det nutida bibliotekets verksamhet och ideologi, dess diskurs (för att använda den akademiska modetermen) om sig sig självt, innehåller också klart socialistiska inslag: t ex gratisprincipen, de öppna hyllorna och dess, låt vara halvhjärtade, motstånd mot intellektuell privategendom (Open Access-rörelsen mm.) — det sistnämnda är för övrigt något som Popowich knappast ens nämner.

    Samtidigt som jag alltså menar att Popowich kritik av bibliotekets demokratidiskurs är ensidig och inte tillräckligt dialektisk så anser jag att den på många sätt är begränsad; det hade faktiskt funnits mycket mer att kritisera! Det första jag då kommer att tänka på är bibliotekens oförmåga att bryta sig ut ur sina nationella tvångströjor och det skandalösa faktum att IFLA och Bill & Melinda Gates Foundation är bästa sängkamrater. I bokens slutavsnitt föreslår Popowich smått komiskt att biblioteken ska utnyttja fjärrlånesystemet till att bygga upp en «dubbelmakt» (à la sovjeterna i de ryska revolutionerna 1905 och 1917). Något viktigt är han i alla fall på spåret när han i samma veva noterar att biblioteken är ‘ubiquitous’, allestädes närvarande. Men kan bibliotekarierna i dagens värld främja demokratin utan att göra biblioteken mer internationalistiska och pacifistiska?

    En annan viktig begränsning i Popowich’s kritik gäller internet som nog hade förtjänat ett särskilt kapitel i denna bok, där internet bara tas upp i förbigående och då närmast enbart som åsiktskanal, trots att internet ju utgör en oerhörd utvidgning av biblioteksinstitutionen som sådan!

    Efter dessa klagomål vill jag ändå framhålla att Popowich’s bok har en hel del att ge sina läsare, inte minst inblickar i den nutida amerikanska kritiska litteraturen om bliblioteken. Ett intressant tema i boken gäller frågan om bibliotekens «pedagogiska» mission eller ändamål där Popowich försäker bygga vidare på Paulo Freires och Jacques Rancières tankar. Vilket fick mig att leta fram och börja läsa den sistnämndes skrift om «den okunnige läraren» Joseph Jacotot (1770-1840) — något att återkomma till.

    • Takk for gode innspel frå Mikael Böök. Dette er ganske nytt for dei fleste av oss, og det er kanskje ikkje ideelt å starte med 300 sider akademisk engelsk, og for det meste reint teoretisk. I omtalen min av boka prøvde eg derfor å «popularisere» eit par ting, ikkje minst Popowich si «opprydding» i demokratiomgrepet. Vi bør bli meir medvitne om den spesielle tida vi er «innhylla i» og forsøke å sjå dette i historisk og fugleperspektiv. I tillegg ideen om utopien – at det er nyttig og sunt å tenkje lenger fram og «drøyme» om alternativ, same kor urealistiske dei kan verke.
      Her er ein annan omtale av boka, av Mike McNichol:
      https://www.pathfinderjournal.ca/index.php/pathfinder/article/download/24/8

Trackbacks

Leave a Reply