Archive for september 13th, 2021

september 13, 2021

Råkøyring etter ikkje-lånarar

På bloggen Librarian.net skriv Jessamyn West om at ho sponsa ein kvinneleg rallysjåfør. Noko som resulterte i ein spesielt synleg bibliotek-reklame på ein spesielt synleg bil! Jessamyn skriv at dette var billegare enn ei avisannonse på ei kvart side, men ho var likevel litt i tvil om investeringa. Men denne reklamen ville nok nå fleire ikkje-brukarar enn ein avisannonse. Det blir jo ein del runder i eit rallyløp.

No fann vi på FB-gruppa til ralleysjåføren ein muleg grunn til tvilen til Jessamyn. Sjå nedanfor.

Dette minnar om ein anekdote, eller sann historie (?), frå dei glade 60-åra. Om den svenske biblioteksjefen som sa ja til ishockeyklubben sitt guttelag då dei trong eit lokale for å bli kursa i spelets teori. Dei måtte sitje mellom reolane i det tronge biblioteket. Men ho fekk påpakk frå bibliotekstyret, for desse lømlane ville kome til å stele bøker! – Ja, svarte biblioteksjefen, men sikrare kan eg sjeldan bli på at bøkene våre blir lesne.

september 13, 2021

Kulturvalkampen! – i 2004-5 …

Frå debattmøtet 1. september 2005

Mange… i alle fall nokre lesarar av denne bloggen hugsar godt stortingsvalkampen i 2005 då noko av det mest drivande som skjedde, og klart det første (over eitt år før valet!), var det raud-grøne kulturløftet! AP, SV og SP samla seg om minst 1 prosent til kultur, pluss femten punkt med skriftlege lovnader, jamfør Ny Tid (på partinettstadene slettar dei historikken ved at dei lar det nye og gjeldande avløyse alt det tidlegare. Fleire slettar det også i Internet Archive, sjå til dømes AP. Historielaust og flautt, men kanskje valkamptaktisk lurt …).

I dei femten punkta deira var ikkje biblioteket å sjå, men på Nasjonalbiblioteket var det 1. september 2005 eit ope konfontasjonsmøte med kulturminister Svarstad Haugland og regjeringspartia, der også biblioteket blei tatt opp.

Underteikna var då journalist for NBFs nettstad og skreiv om dette. NBF har også sletta det meste «gamle», etter ei full minimalisering av nettstaden, men med litt strev finn vi det i alle fall på Internet Archive: 1.9.: «Valgjerd utset ABM-lovnadane til 2014» og «Kulturkameratane” reagerer på Svarstad Haugland».

I valkampen i år oppsummerer samfunnsforskarar til avisa Vårt Land 9. september blant anna at: «– Kultur er et lite politikkfelt, det er små penger. I en valgkamp der alle spisser temaene veldig, er det ikke så overraskende at kulturpolitikk ikke er med. Andre små områder er også lite framme, … . Han [Ola K. Berge ved Telemarksforskning] tror det vurderes som dårlig valgtaktikk å gi seg inn i en kulturdebatt. Den passer heller ikke inn i det han kaller medienes strømlinjeformede valgkampnarrativ. Grovt tegnet mener han det kulturpolitiske skillet går mellom Fremskrittspartiet og de andre. – Områder med så stor enighet er vanskelig å spisse». 

Translate »