Kva vi også bør snakke om når vi snakkar om biblioteket som demokratisk arena 2

Klikk og kikk

For ein dryg månad sidan hadde vi den same overskrifta på eit blogginnlegg, då som no meint som ein førehandsreplikk til bibliotekseminaret i Stavanger 22. september, altså om to dagar. Der blir temaet: «Hva er det politikere og byråkrater snakker om når de snakker om «biblioteket som demokratisk arena?»

Det førre innlegget i denne «serien» handla om ei bok av ein kanadiar, Sam Popowich: «Confronting the Democratic Discourse of Librarianship : A Marxist Approach». Denne gongen tar vi utgangspunkt i ei heilt fersk bok av endå to kanadiarar (men innflytta frå England for nokre år sidan): Joe og John Pateman: «Public Libraries and Marxism».

Men først eit steg tilbake i tid: Underteikna intervjua John Pateman for «Bok og bibliotek» i 2002: «Bibliotek for dei utstøtte». Då etter eit møte med han i London. I bydelen Merton, der han var biblioteksjef, presenterte han forma si for sosial eller oppsøkande bibliotekverksemd slik:

«I praksis skjer det ved at vi aktivt oppsøkjer dei ulike miljøa, både arbeids- og heimlause, etniske minoritetar, asylsøkjarar og flyktningar, funksjonshemma og andre som vi ser kan ha glede og nytte av biblioteket, men som ikkje veit om det eller tør bruke det. Vi tilbyr heilt konkret å ta dei i handa og leie dei inn i biblioteket, der vi tar imot dei med informasjon og tilpassa tilbod. Dette er det vi legg i å vere proaktiv og «å blande seg inn» (intervene). Vi har no oppretta faste avtalar med ulike grupper og miljø og dreg dei direkte inn i planlegginga av tilbodet og av ulike arrangement».

Dette har John P reindyrka etter at han flytta til Kanada og blei biblioteksjef i Thunder Bay, …

… ein by på storleik med Kristiansand i taiga-området lengst vest ved Dei store sjøane. Byen er over gjennomsnittleg fleirkulturell, med over 15 tusen representantar for dei nordamerikanske urfolka, og han har landets største arbeidsløyse og er kalla landets «race hate capital».

Og her har Pateman & co. etablert eit eige «Vanguard Library» for urfolk. Med eit råd av urfolkrepresentantar som har svært mykje å seie både for tilbodet og ordensreglar med meir. I den nye boka si skriv han at før var regelen utkasting ved første mistanke om alkohol- og stoffpåverking, men: «This had a disproportionate impact on the Indigenous community who, because of the damage done to them by generations of settler-colonial policies and practices, experience high levels of alcoholism and addictions. For many Indigenous people, this is how they cope with living in a capitalist society that has stolen their land and attempted to destroy their culture. Recognising this lived reality, TBPL [Thunder Bay Public Library] amended its behaviour policy in 2020 to enable patrons who are intoxicated to use the library as long as their behaviour is not a problem for staff or other patrons».

Vanguard library må direkte omsetjast med fortroppsbibliotek, om ein følgjer den vanlege omsettinga av Lenin sin ordbruk. Og det bør vi ved dette høvet, for Pateman er både marxist og leninist i denne boka og elles. I boka presenterer han ulike former for og døme på meir eller mindre sosialistiske bibliotek og biblioteksystem, frå Cuba, via Sovjet til Nord-Korea. Men dette er ein annan og større debatt som vi kjem tilbake til.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: