Archive for september 28th, 2021

september 28, 2021

Dei (eventuelle) intellektuelle og offentlegheita

«Most Intellectual, Senior Superlatives, Brevard High School, 1959» by North Carolina Digital Heritage Center (CC BY-NC-ND 2.0)

På Khrono går det no ein (eller fleire) debatt(ar) om framtida til dei gode debattane. Det starta med ei etterlysing frå leiaren for Akademisk skrivesenter ved Universitetet i Oslo, Ingerid Straume, etter «akademikere [som] tar på seg rollen som intellektuell, og bidrar med retning og meninger i samfunnet».

Ho utfordra dei gjeldande ideala ved universiteta og høgskolane: «I dag er idealet å publisere så mye som mulig i de beste vitenskapelige tidsskriftene, ikke nødvendigvis å bli lest. … akademikere må tørre å gå mot denne strømmen, og i større grad ta på seg rollen som en intellektuell. … Jeg savner bøker der det foregår tenkning i skrivearbeidet. Bøker som ikke nødvendigvis formidler forskning, men som er undersøkende og analyserende, der verdien ligger i selve undersøkelsen».

Men ikkje alle er einige med henne om kor alvorleg stoda er. Her er overskriftene når vi skriv 28. september, i kronologisk rekkjefølgje:

september 28, 2021

Digitalt innhald = privatisering av biblioteka innanfrå

Det er dette som skjer, skriv Sveriges författarförbund i Biblioteksbladet og viser til «appar som används för utlåning av e-böcker ägs av privata företag som inte har något demokratiskt uppdrag. … Är det bibliotekens uppdrag att förmedla eller ska det överlåtas på strömningstjänster? Digitala ljudböcker kräver också sin plats i en samlad biblioteks- och litteraturpolitisk diskussion». Og: «I apparna råder också tystnad, konstaterar författarförbundet som befarar att den professionella vägledningen av bibliotekarier går förlorad. I apparna ”jämställs… facklitteraturens standardverk med lättviktigt strunt” och varje låntagare är ensam. Vad händer då med bibliotekarieyrket?»

Her i landet er det kanskje litt annleis? Appane til bibliotekbrukarar er i alle fall delvis bibliotekstyrte. Men kva forlaga opnar for, er ein annan ting.

Dei svenske forfattarane reagerer også på korleis betaling per utlån av digitale e- og lydbøker «stel» frå bibliotekbudsjetta, slik at det blir mindre til p-bøker og dei andre tenestene.

I Noreg bør vi merke oss dette. Vi er enno ikkje på langt nær så digitale som i Sverige og Danmark. Sjå illustrasjonen, eit utsnitt frå ein tabell Digi-folka presenterte under seminaret i Stavanger i førre veke. Her i landet bruker vi samanlikna med dei berre omlag halvparten per innbyggjar til digitalt innhald.

PS: Nettstaden BOK365.no hadde same dag eit oppslag med vekt på følgjene for dei «tradisjonelle» delane av bibliotekbudsjetta, noko Norsk Bibliotekforening tok opp på Facebook.