Moss sentrum i oktober. I motsetnad til nyliberale verdiar
Bloggaren har heile tida ambisjonar om å trappe ned, for dette er jo galskap. Har halde på med dette gratisarbeidet sidan journalistjobben i NBF måtte sparast inn for sju år sidan. Ein kunne jo i staden henge ute med dårlege vennar og drekke kaffi og det som verre er på herverande utestader, eller gå turar med alle desse lydbøkene i all slags vér, no blir det mest i godvér, eller sitje på enden og lytte til relakserande musikk.
Så dukkar det opp eit perfekt kompromiss: Slow Library! Og ikkje heilt utan sting.
Fort og gæli omsett: «Sakte bibliotek er ein antirasistisk, lydhøyr og verdidriven praksis som står i motsetnad til nyliberale verdiar. Arbeidstakarar i sakte bibliotek er fokuserte på relasjonsbygging, djup forståing og å møte behova til brukarane, og gi rettferdige tenester til lokalsamfunna deira. Internt er langsam bibliotekkultur fokusert på læring og refleksjon, samarbeid og solidaritet, verdsetting av alle slags bidrag og støtte til tilsette som heile menneske. Sakte bibliotekverksemd er ein prosess, ikkje eit mål; det er ei orientering mot arbeidet vårt, oss sjølve og andre som skaper positiv endring. Det er ein organisasjonsfilosofi som støttar arbeidarar og byggjer sterkare relasjonar med lokalsamfunna våre».
I 1996 gav Norsk Bibliotekforening ut «Bibliotekenes mytekverker», eit ørlite hefte i A6-format, men som Nasjonalbiblioteket faktisk har digitalisert. Dette var då internettet var det store, nye, og foreininga hadde vel særleg behov for å kverke den negative myten at «Ny teknologi vil overflødiggjøre bibliotekene og bøkene» (sjå side 7).
Sidan då har biblioteka hatt standardheving på nokre område. Det har blitt fleire gode biblioteklokale (Tromsø, Bodø, Nye Deichman osv), noko som kan ha betra den allmenne haldninga til biblioteket, ikkje berre i dei aktuelle kommunane. Men så var det dette med biblioteklova som blei oppjustert i 2014. Her tyder mykje på at det har oppstått ein positiv myte. Dette er heller ikkje bra.
Bernhard Ellefsen, ein av dei få relativt aktive kommentatorane i norsk presse når det gjeld bibliotekspørsmål, skreiv i Morgenbladet i førre veke at dei borgarlege kulturministrane har lite å skryte av på litteraturfeltet, men: «Ser man på hvilke tiltak som har hatt effekt gjennom de siste åtte årene, peker for eksempel den justerte folkebibliotekloven seg ut. Den ble riktignok lagt frem av kulturminister Hadia Tajik, men først i årene etterpå har vi sett at det nye kravet til folkebibliotekene om at de også skal være «arenaer for debatt» har skapt nye og viktige kanaler for norsk litteraturformidling».
Med omfattande økonomisk støtte frå Nasjonalbiblioteket og Fritt Ord har det blitt mange fleire arrangement i biblioteka om litteratur og med forfattarar, sjølv om dette …
Frå den verkelege verda. Frå House of Foundation i Moss, 28.10. 2021
I Klassekampen i dag blir vi oppmoda til å «klokka halv elleve i kveld heve glasset og si «lo» høyt og tydelig. For det var den aller første meldinga sendt mellom to noder koblet sammen i et nettverk, nærmere bestemt Arpanet som er forløperen til internett av i dag».
I dag kan vi også lese om ein påstått avløysar til internett: Metavers. Det er Eirik Solheim på NRK Beta som skriv om denne nye (overlevings-)strategien til Facebookgründar Zuckerberg: «Det de vil lage er et slags univers på utsiden av det vi allerede har. En parallell verden som foregår på internett og i datamaskinene våre. De skal kombinere sosiale medier, netthandel, videomøter, spill og underholdning. Denne verden skal du kunne kaste deg inn i ved hjelp av sensorer, mobiltelefoner og VR- og AR-briller».
Kor ser vi biblioteket sin plass i dette?!
Jo, her er det kanskje håp! (ironisk smilefjes) For Solheim minnar om at «ordet metaverse er hentet fra Neil Stephensons novelle Snow Crash fra 1992 og har vært direkte inspirasjon for tredimensjonale virtuelle verdener som Active Worlds og Second Life». Og sistnemnde hadde ei viss oppslutning i bibliotekmiljøet for ti-tolv år sidan. Her er det ein del halvunge folk som sit med solide røynsler!
På den tida hadde ideen om «Norgesbiblioteket» utlevd rolla si i den verkelege verda (det blei aldri noko meir enn ein idé i tidenes mest ignorerte/daudfødde nasjonale bibliotekutgreiing (sjå side 13)), men ideen fekk ein periode kunstig overleving i Second Life.
At det er skilnad på store og små bibliotek, på bibliotek i byar og bygder, er ikkje noko nytt. Men mykje tyder på at skilnadene vil auke. Før kunne ein utlikne skilnader ved hjelp av fjernlån, men i dag er lån av fysiske bøker berre éin del av etterspurnaden og tilbodet, og denne delen er synkande.
Gjennom blogging og reiser får vi kontakt med bibliotekarar og biblioteksjefar også i slike heilt små kommunar. Dette er folk med aukande frustrasjon etter kvart som også nye oppgåver blir lagde til biblioteket. Lovpålegg om møteplass og debattar er éin ting, ein annan er nye kampanjar og trendar som leseløft, berekraft, digital formidling og kjeldekritikk. Alt dette er spanande og utviklande, men mest for dei som alt har hovudet godt over vatnet.
I 2019 hadde ifølgje årsstatistikken 235 av kommunane, altså 55 prosent, to årsverk eller mindre i biblioteka sine. Og 89 av desse hadde berre null komma noko årsverk å rutte med (i tillegg kjem ti bibliotek som ikkje leverte statistikk, noko som truleg også fortel om lågt nivå på bemanninga).
Dette var før kommunesamanslåingane, så no er mange av dei små blitt usynlege i statistikken. Men frå 2019 til i fjor auka talet på årsverk med berre 9, så realitetane er dei same (talet er no 1843; i t.d. 1998 var det 1901). Og om det no blir nedlegging av filialar i Ålesund og kanskje fleire …
IFLA sin seksjon for folkebibliotek arrangerer 10. november kl. 15 eit ein-times webseminar med tittelen «Public Libraries Responding in Times of Crisis». Førebels er dette berre informert om på postlista deira, men det kjem vel noko på heimesida snart. Blant anna skal ein kjenning av oss på denne bloggen innleie: David Lankes.
Og vi omset introen fort og gæli: «Dette er hektiske tider, og menneske over heile verda står overfor alle slags ulike kriser, som covid-19-pandemien, skogbrannar, klimakrise osv. Folkebiblioteka og deira tilsette må svare på desse utfordrande tidene. Korleis reagerer dei og kva kan vi lære av røysler frå heile verda? Dette er temaet for nettseminaret «Public Libraries Responding in Times of Crisis» organisert av IFLA Public Library-seksjonen».
Men vi har sakna dette tidlegare her på bloggen: Internasjonal ufred og atomvåpen blir ikkje rekna som krise stor nok for bibliotekmiljøet.
No blei du nysgjerrig! Vi googla dette og fann til dømes at éin av fem:
norskingar bruker aldri sykkelhjelm
9-åringar bruker mobilen minst to timar kvar dag
personar i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet i Noreg
av landets au pairar bur i Asker og Bærum.
Nei, vi vil fram til at berre éin av fem (18 %) av svenskane bruker dei elektroniske tenestene til folkebiblioteka. Dette ifølgje Biblioteksbladet i dag. Dei viser til rapporten Svenskarna och internet 2021. Men det betyr ikkje at folk flest er digitalt heilt hjelpelause, for fire av fem bruker nettet til skattebetaling og helsetenester.
>> 28.10.: Eit godt spørsmål dukka opp i kommentarfeltet i Biblioteksbladet: «18% av vad? Befolkningen?». Om svaret er ja, som ein må tru, er e-bruken ikkje så dårleg. 18% av landets 10,3 millionar innbyggjarar, er altså 1,8 millonar, og biblioteka har 3,6 millionar «aktiva användare». Altså bruker halvparten e-tilboda. Så les vidare med dette i tankane.
Nedanfor har vi kopiert inn oversikta over den digitale bibliotekbruken i ulike alders- og samfunnsgrupper. Men stort meir får vi ikkje vite i denne undersøkinga. Det står heller ikkje noko …
Eit lesarinnlegg i Budstikka i dag er eitt av dei betre vi har lese i denne sjangeren. Innsendarane stadfestar at det har vore nedskjeringar over fleire år: «Det er veldig synd at Bærum kommune i årenes løp har valgt å knipe inn litt her og litt der i budsjettene bibliotekene rår over. Nå trengs en skikkelig satsing, særlig på de minste bibliotekene.»
Bærum bør få meiropne bibliotek, slik mange andre kommunar har, men «la ikke dette tilbudet bli benyttet som brekkstang for å kutte antall stillinger. Et bibliotek må være bemannet med gode fagfolk, hvis ikke koker stedet ned til å være en boksamling og ikke et bibliotek.»
Trinitatus kyrkje i København, der biblioteket var på loftet
De har vel lese Bergsveinn Birgisson: «Mannen fra middelalderen»? Om historikaren Thormod Torfæus som vi kan takke for mykje av den nasjonale historia vår. At ho ikkje gjekk tapt. Han samla ei mengd islandske skrifter og fekk gjort avskrifter av dei. Ganske nyttig når veldig mange av originalane blei vekk på nokre timar 21. oktober 1728, under bybrannen i København. Den Store Bybrannen. Vi siterer frå dansk Wikipedia om denne brannen (andre kjelder skriv at 30 000 dokument gjekk tapt):
«Næste store offer for flammerne blev Trinitatis Kirke, der husede Københavns Universitetsbibliotek på loftet. Arne Magnusson havde her lagret sin samling af dokumenter fra de foregående 40 år. Til alt held havde han nylig fået ordnet hjulene på sin hestevogn, der jævnligt blev ødelagt af brostenene. Den aften blev i løbet af seks timer hele den samling, der endnu i dag findes bevaret af tekster fra middelalderensIsland, bjerget fra branden i denne sølle kærre. Det meste af Magnussons samling blev alligevel flammernes bytte, omkring 5.000 kopier af breve og diplomer, som der heller ikke findes originaler af.[2] Ilden fik fat omkring kl. 17, og efter at den i flere timer havde ædt af kirkens indre, slog flammerne omkring kl. 22 gennem taget. Loftet brast og afleverede det resterende universitetsbibliotek til ildhavet, hvor det forsvandt. Begge originaler af Fagrskinna – både A- og B-versionen – gik tabt. I dag findes Fagrskinna kun bevaret i de afskrifter, Thormod Torfæus fik lavet.[3]»
Her er det berre å klippe og lime frå Norsk PEN si heimeside:
En ny rettsrunde om en mulig utlevering av Assange finner sted i London 27.-28. oktober 2021. USA krever å få Assange utlevert etter en tiltale under Espionage Act, der han risikerer 175 års fengsel for å ha avdekket krigsforbrytelser i Irak og Afghanistan.
Denne rettshøringen kan få avgjørende betydning for utfallet av saken. Han sitter nå fengslet i høyrisikofengslet Belmarsh under vanskelige soningsforhold uten nå være dømt for noe.
Norsk PEN arrangerer en markering utenfor Stortinget fredag 22. oktober 2021, kl 16.30-17:00, for å rette oppmerksomhet mot den kommende rettsaken og Assange vanskelig situasjon.
Program
– Velkommen ved møteleder Rune Ottosen, leder av Norsk PENs varslerutvalg – Dikt ved Torgeir Reboledo Pedersen – Appell ved Stortingsrepresentant Sofie Marhaug, Rødt – Appell ved professor Gisle Selnes, Universitet i Bergen – Appell ved Hege Newth, generalsekretær i Norsk PEN
På ei postliste nær oss kom dette innlegget i dag: «Erna Solbergs regjering mente at «[a]lle innbyggjarar skal kunne meistre digitale verktøy, slik at dei lett kan få tilgang på offentlege tenester og ytingar dei har rett på». Kan det være mulig at med Sp i regjering blir det åpning for å respektere at noen ikke ønsker å være digitale?»
I valprogrammet sitt skreiv Senterpartiet blant anna: «Overgang til digitale kontaktflater er positiv for ein del grupper, men digitaliseringa av NAV må ikkje føra til at dei mest utsette gruppene av sosialhjelpsmottakarar ikkje får den hjelpa dei har krav på».
Samtidig får vi i dag repetert på Nrk.no at «3 prosent i Noreg brukar verken datamaskin eller mobiltelefon. Det er om lag 130.000 personar. Ytterlegare 11 prosent har svake ferdigheiter i bruk av digitalt utstyr. Det betyr at gruppa ikkje-digitale utgjer om lag 600.000 menneske.»
Når vi etter snart tretti år med nettet framleis har nær 15 prosent vaksne som ikkje er på eller meistrar nettet, må det vere …
5. mai i år blei det litt «banning i kjerka» her på bloggen: «Berekraft: Konsensus eller “debattar som det sprutar av”?». Denne laga vi også på utanlandsk. Og då Nordisk Netværk for Voksnes Læring (NVL) etterlyste innlegg til ei «inspirationsbok för hållbar utveckling inom vuxenutbildningen i Norden», sende vi det dit.
Her om dagen fekk vi vite at artikkelen kjem med i boka, som blir lansert 14. desember. Her er nettutgåva av artikkelen på NVL.
Sagohuset på Södertälje stadsbibliotek. Foto: WikiRebecka (CC BY-SA 4.0)
Svenske Biblioteksbladet melder om biblioteket i Södertälje der nokon har kapra FB-sidene deira: «Plötsligt slängdes alla administratörer av Facebook-sidan ut. Ingen på Södertäljes bibliotek kunde längre lägga upp inlägg på sidan. I stället dök nya typer av inlägg upp, exempelvis inlägg om en tandläkare i Washington och sedan förvandlades sidan till en fan-sida av en gammal tv-serie från 90-talet.»
Og supporten hos FB svarer ikkje.
Men «de flesta besökare hittar till bibliotekets webbsida som fungerar som den ska». Der har vi nok litt av løysinga.
Dette er tittelen på hovudsaka på kultursidene i Klassekampen laurdag 10. oktober. Og det handlar om lydbøkene i folkebiblioteka: «Oslo-biblioteket Deichman har knapt norske forfattere å tilby på lydbok. – Vi har ikke penger til å dekke etterspørselen, sier biblioteksjef Knut Skansen.» I dag, tysdag 12. oktober, er saka på topp igjen: «Biblioteksjefene i Kristiansand, Stavanger og Tromsø har ikke råd til å kjøpe inn nok digitale lydbøker.» Her har dei også fått Forleggerforeningen i tale.
Då er de informerte der ute. Meir har ikkje bloggaren tid til denne veka, då han er i innspurten med ei bok som må kome før julerushet. Som ikkje blir lydbok og som ikkje handlar om bibliotek, men om målføre og nynorsk og ymse anna kultur i Østfold, fylket som ikkje ville døy.
The Wayback Machine er 25! Sjå intervjuet med grunnleggjar Brewster Kahle frå 1996. Der han viser fram utstyret som skulle til for å kopiere “the whole web … estimated to between one and ten terabyte».
Eit overslag i 2019 var at berre Google, Amazon, Microsoft og Facebook representerte 1,2 millionar terabyte.
Dette burde sjølvsagt andre og meir autoritative krefter på bibliotekfeltet ha starta debatten om. Men gjerne også i kommentarfeltet her: Ikkje berre Datatilsynet, men no også Teknologirådet har skrota Facebook og rår andre offentlege instansar til å gjere det same: «De bør i hvert fall grunngi veldig godt hvorfor det er nødvendig å være på Facebook. Hvorfor må de outsource sin informasjonsvirksomhet til en plattform som rett og slett bruker personopplysninger om innbyggerne som betaling for kommunikasjonsvirksomheten?»
UDI har også hoppa av, og NAV, som har sju ulike kontoar, vurderer det same.
UiO har vurdert dette, men vel å halde seg på FB «… fordi det er der målgruppen befinner seg». Dette kan vel likne på folkebibliotekets situasjon.
Her på bloggen har vi skrive mykje om kor alvorleg det er når lånardata lekker frå biblioteksystema. Dette vil likevel berre skje ved feil eller ulovleg innbrot i systema, og risikoen er ikkje stor. Men på plattformer som Facebook publiserer lånarar dagleg meiningane sine frivillig og utan angst for konsekvensane.
Det trengst sjølvsagt utgreiing av alternativ, men dette vil sikkert kome no, på mange felt.
PS: Den annonserte slettinga av FB-kontoen til denne bloggen 1. oktober vil bli aktiv først etter fjorten dagar.