Archive for oktober 12th, 2021

oktober 12, 2021

Endå eitt argument mot biblioteket på Facebook

Sagohuset på Södertälje stadsbibliotek. Foto: WikiRebecka (CC BY-SA 4.0)

Svenske Biblioteksbladet melder om biblioteket i Södertälje der nokon har kapra FB-sidene deira: «Plötsligt slängdes alla administratörer av Facebook-sidan ut. Ingen på Södertäljes bibliotek kunde längre lägga upp inlägg på sidan. I stället dök nya typer av inlägg upp, exempelvis inlägg om en tandläkare i Washington och sedan förvandlades sidan till en fan-sida av en gammal tv-serie från 90-talet.»

Og supporten hos FB svarer ikkje.

Men «de flesta besökare hittar till bibliotekets webbsida som fungerar som den ska». Der har vi nok litt av løysinga.

Sjå kva vi elles har å seie om bibliotek og Facebook her på bloggen.

oktober 12, 2021

«Får ikke gitt lyd fra seg»

Dette er tittelen på hovudsaka på kultursidene i Klassekampen laurdag 10. oktober. Og det handlar om lydbøkene i folkebiblioteka: «Oslo-biblioteket Deichman har knapt norske forfattere å tilby på lydbok. – Vi har ikke penger til å dekke etterspørselen, sier biblioteksjef Knut Skansen.» I dag, tysdag 12. oktober, er saka på topp igjen: «Biblioteksjefene i Kristiansand, Stavanger og Tromsø har ikke råd til å kjøpe inn nok digitale lydbøker.» Her har dei også fått Forleggerforeningen i tale.

Då er de informerte der ute. Meir har ikkje bloggaren tid til denne veka, då han er i innspurten med ei bok som må kome før julerushet. Som ikkje blir lydbok og som ikkje handlar om bibliotek, men om målføre og nynorsk og ymse anna kultur i Østfold, fylket som ikkje ville døy.

Translate »