Archive for november, 2021

november 30, 2021

Bannlysinga av bøker i USA

Klikk og kikk. Og lån

Vi skreiv nyleg om bibliotekstyre i særleg sørstatskommunar i USA som krev fjerning av bøker dei meiner ungane ikkje har godt av å lese. Skildringar av seksualitet og særleg LHBT er utsette. The Guardian følgjer opp saka, og no viser det seg at deling av nyheitsoppslag om dette har ført til store kampanjar i det kristne ytre-høgre. Forslaga om sensur på tittel-nivå er fleire enn nokon gong.

Men samtidig har folka bak Internet Archive og Open Library snikra nokre digitale bokhyller for å gjere desse bøkene tilgjengelege likevel. Blant anna desse temasamlingane:

Ein del av bøkene finst ikkje til utlån, men dei har katalogpostar med tanke på seinare innlemming. Men også ein god del nye, aktuelle titlar kan strøymast. Modellen deira er omdiskutert og forsøkt stoppa av forleggjarane, men dette har enno ikkje skjedd. Open Library si «utlånsordning» følgjer eksemplarmodellen, så det kan vere mange på ventelistene.

Minner samtidig om Z-Library, eit reint piratprosjekt med vekt på akademisk litteratur. Les om dette i tilknyting til intervjuet som med-bloggar Mikael Böök gjorde med Alexandra Elbakyan, kvinna bak Sci-Hub.

november 30, 2021

BFU – «Bibliotekas Faglege Utval»!

Når den leiande kulturavisa Klassekampen i si forundring må gripe til det forslitne «bråk på biblioteket», er det på tide å gjere noko. For dei har rett; åtte år etter lovtillegget om «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt» viser både SIAN-hendinga i Oslo i 2020 og no hendinga i Ulstein, at biblioteksektoren framleis er svært usikker på denne rolla.

Torsdag blei fleire biblioteksjefar intervjua og støtta avvisinga, men i dagens avis kjem altså tre andre intervjuobjekt til den motsette konklusjonen; Ragnar Audunson, Leikny Haga Indergaard og underteikna. Sjå også leiaren i Sunnmørsposten.

Heilt sikkert har det skjedd før at bibliotek har avvist, eller tillate, arrangement av same type som Raudt sitt i Ulstein, men kvifor fekk vi ikkje denne debatten då, og internt? Det måtte bli oppslag i ei riksavis før det skjedde.

Saka er utan tvil vanskeleg, men korleis gjere det enklare? Ofte er svaret på slike spørsmål: Studium av røynslene! Men vi kan ikkje sjå at nokon har sett grundig på dette, studert ulike kjende og ukjende hendingar etter ulike typar arrangement, og heller ikkje vellukka praksis. Det nærmaste vi har er vel analysen av statlege intensjonar i offentlege dokument.

Tidsskriftet «Bibliotekaren» gjorde ei enkel spørjeundersøking til små og mellomstore bibliotek i 2019. Denne fortel at få har støtt på store problem, men dette tyder nok dessverre på at dei færraste verkeleg har «våga seg utpå» med skarpe, provoserande debattar.

Vi rekna på det det nyleg: 55 prosent av folkebiblioteka har to eller færre årsverk. Nesten hundre har berre null komma noko. Det er ikkje rart at små bibliotek er redde for å arrangere debattar etter SIAN-episodane, og motigare blir dei ikkje etter oppslaget i Klassekampen torsdag. Dermed blir det mest «ufarlege» bokbad og foredrag.

Dette er kanskje overkill, men kva med eit BFU, «Bibliotekas Faglege Utval»? Omtrent som PFU. Eller noko slikt?

PFU in English: «Norwegian Press Complaints Commission».

PS 5.12.: I alle fall burde folk bruke denne gruppa på Bibliotekutvikling.no: Arrangement: Tips/erfaringer om planlegging og gjennomføring. Det er 168 medlemmar p.t., men berre to innlegg. Fram til at vi no legg inn lenke til «Ulstein-debatten».

november 29, 2021

Følg bloggen med e-postmeldingar

Dette tilbodet finn du nede til høgre her. Saman med p.t. 921 andre kan du enkelt få e-post kvar gong det kjem ein ny bloggpost. Seint på torsdag, i alle fall fredag morgon, kjem vekas oppsummering på forumet biblioteknorge

Vi har kutta ut Facebook, men bloggar Anders er på Twitter, med litt anna i tillegg. Slik også bloggar Mika finst på Twitter.

november 28, 2021

Innkjøpsordningane – populære og forhatte

Søk på Atekst på «innkjøpsordning*» dei siste 365 dagane gir 346 treff i norsk presse (då avgrensa til «Kultur og underholdning», for dei finst også på andre område). Fangsten denne veka:

Khrono.no 26. nov.: Etter eit ope møte i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening: – Det trengst ei støtteordning, gjerne utviding av innkjøpsordninga for sakprosa, for kunnskapslitteratur. Han avgrensast slik: « … noe annet enn «page turner-sakprosa». Man kan si det er midt mellom den og strengt vitenskapelige tekster. Det er heller ikke lærebøker».

Klassekampen 27. nov.: Forfatter Finn Iunker «Håper på kollaps» for innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur: «… det er feil at innkjøpsordningen stimulerer forlagene til å utgi gode bøker. Innkjøpsordningene stimulerer forlagene til å gi ut mange bøker. … De sier de ikke ville ha satset på ukjente forfattere hvis de ikke hadde fått støtte av staten. Men det er ingenting i veien for at forfatterne kan få økonomisk støtte og samtidig bli utgitt av et lite, nyetablert forlag. Det er en mye bedre løsning enn å overøse biblioteket med bøker de ikke har lyst på».

november 27, 2021

Lahlum svarer!

Etter heile tre blogg-angrepHans Olav Lahlum og politiførstebetjent Kolbjørn «K2» Kristiansen ved Oslo politikammer, fekk vi nyleg ei oppringing frå førstnemnde. Kritikken vår har primært gått på at Kristiansen, sterkt påverka av venninna Patricia Borchmann, ber bibliotekarar om utlånsdata knytte til einskilde lånarar, og får dei utleverte, just like that.

– Eg har lese det du skriv med interesse, seier Lahlum, men vil gjerne leggje til at éin ting er lovgjevinga, éin annen praksis. Eg forhøyrde meg faktisk med eit par bibliotekarar på Deichman om korleis ting kan gå føre seg i ein situasjon av den typen eg skildrar i «Sporvekslingsmordet». Dei gav inntrykk av at dei kunne ha handla som bibliotekaren i romanen. Dei fekk boka av meg då ho var klar, og utan å protestere på framstillinga.

– For det andre var reglane uklare og dårleg kjende tidlegare, særleg før den første norske personvernlova kom i 1978, som du også skriv. Denne lova kom som ein følgje av slike uryddige tilstandar. I dag er som kjend merksemda rundt personvern ei heilt anna.

Når det gjeld romanen «Svanemordet», der Lahlum opererer med Nasjonalbiblioteket i Oslo tjuefem år før det blei oppretta, vedgår forfattaren at dette er ein feil som lett kan skje når ein skriv historisk. Han vil sjå om det kan rettast opp i seinare opplag.

Så ventar vi berre på telefonar også frå Ian Rankin, Anders Roslund og Alexander McCall Smith…

november 27, 2021

Nye Deichman til sals

18.10. var heile «utkraginga» utleigd til Revisorforeningen. Ikkje akkurat eit løft for biblioteket, Gamal?

Denne tittelen er kanskje litt væl tabloid, men sjå Dagsavisen i dag: «Nye Deichman i Bjørvika har vært en gedigen suksess siden åpningen for litt over ett år siden. Men suksessen har sin pris, i form av kommersiell virksomhet på noe som i utgangspunktet skal være nonprofit. Det mener ansatte og tillitsvalgte ved biblioteket er feil vei å gå».

>> Kl. 11.45: Saka er i fleire svenske aviser også.

Men byråd for idrett, kultur og frivillighet, Omar Samy Gamal (SV) svarer: «12 millioner kroner i året er et relativt lite inntjeningskrav i forhold til bibliotekets totale budsjett, og vi har ingen planer om å øke dette. Når for eksempel TV2 leier for å ha valgstudio åpent for publikum i Deichman, så er det med på løfte det totale tilbudet.»

november 26, 2021

Det er faktisk fredag

Denne veka er det fleire store, alvorlege saker på bloggen, men ikkje mykje humor å spore i haustmørkret. Då får vi heller ta ein reprise. Til dømes denne ubetalelege bibliotek-TikToken frå juni. Go hælj

november 25, 2021

Sensurbølge via sosiale medium

The Guardian følgjer opp saka frå tidlegare i månaden, då eit bibliotekstyre i Virginia fjernar visse bøker med «ope seksuelt innhald» frå eit skolebibliotek. Forslag om å brenne bøkene fekk likevel ikkje fleirtal. Men no viser det seg at desse skriveriane har ført til kampanjar på det kristne ytre-høgre som gjer at forslaga myldrar om sensur på tittel-nivå.

november 25, 2021

Er slaget om innbyggjartorget avlyst?

«Torvet Bok & Mer» – det samlande slagordet på Skjønhaug i Indre Østfold

På Bibliotekseminaret om bibliotek og demokrati i Stavanger i september tok byens bibliotek- og kulturhussjef, Anne Torill Stensberg, frå tilskodarplass opp spørsmålet om innbyggjartorg og bibliotek (sjå videoen etter 1.47). Ho var opptatt av at «det foregår en oppblomstring og framvekst av innbyggertorg som en arena for mye av det samme som vi tradisjonelt driver med …[og ho var uroa over at] … bibliotekene skal være en integrert del av et innbyggertorg, ledet av noen andre. Det kommer ganske sterkt inn, og det er mange som ønsker at det skal lykkes, kanskje mer enn at vi nødvendigvis skal lykkes.»

Ho tok det opp igjen i debatten (etter 3.06.50) og fekk svar frå Svein-Arne Tinnesand frå Nasjonalbiblioteket som vedgjekk at den sentrale institusjonen i slike torg «kunne vore biblioteket, men vi blir pressa i ei retning». Før han viste til eit pågåande prosjekt dei støttar: «Beste praksis for bibliotek og innbyggertorg».

Men i begge kommunane som driv prosjektet (Drammen og Indre Østfold) er modellen bibliotek + innbyggjartorg for lengst vald, og deltakarane er primært ute etter «beste praksis». Eller å gjere det beste ut av det, får vi inntrykk av. Og spørsmålet til Stensberg som går på kvalifikasjonane til bibliotek- og torg-leiaren, står ikkje …

read more »
november 25, 2021

Arrangement-angsten: Stadig mindre å halde møte om?

>> 30.11. Oppfølging i Klassekampen, men med motsette konklusjonar.

Etter hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag kan i praksis ein ny standard vere sett for «debattbiblioteket»: Partiet Raudt/Rødt har fått avslag på å låne eller leige rom i biblioteket i Ulstein, der politikar Mímir Kristjánsson ønska å snakke om Forskjells-Noreg. Før dette har den offentleg kjende – likevel omdiskuterte – grensa for scenenekt i biblioteka gått ved dei opne og straffelovsdømde muslimhatarane i SIAN. Men i Klassekampen i dag viser det seg at «Flere biblioteksjefer sier nei til politiske partier som vil arrangere åpne møter i lokalene deres».

Om ikkje kommuneleiinga overprøver det, får vi høyre. Men då er biblioteksjef-abdiseringa frå redaktøransvaret total.

>> Jaggu kom det ikkje på Dagsnytt 18 også

Den tidlegare scenenekt-grensa blei sett då SIAN ikkje fekk halde årsmøte på ein Deichman-filial i fjor, jamfør ordvekslinga mellom to OsloMet-professorar i Bok og bibliotek: Joron Pihl og Ragnar Audunson. Dei var stort sett einige om å avvise SIAN. Men Audunson avslutta likevel slik: …

read more »
november 24, 2021

Kor mykje har Facebook å seie for bibliotekbruken?

I det ferske Bok og bibliotek nr. 5 har dei tatt imot Facebook-ballen som Datatilsynet sette i spel i september. FB er hovudsaka og dominerer forsida. Det framgår at biblioteka vurderer dette ulikt, blant anna i Bergen ser dei alvorleg på dette. Underteikna blir også intervjua, og eitt av spørsmåla mine går på kor viktig Facebook eigentleg er for kontakten mellom bibliotek og brukar? Til dømes for å få folk til å kome på arrangement.

Det er vel berre nokre av dei største biblioteka som tar seg råd til å annonsere i avisene. Og kor godt fungerer dét? Hei, batchelor- og masterstudentar på ABI/OsloMet! Dette er faktisk litt viktig, no når det tydelegvis blir ein kamp å få folk ut av Netflix-sofaen etter koronaen.

november 23, 2021

Knut Nærum spår om biblioteket mm.

Her på bloggen har vi gått laus på krimforfattarar som tilsynelatande umedvitne gir inntrykk av at teieplikt og personvern anten er lågt prioritert eller ikkje-eksisterande i biblioteka. Men så kjem vi over ein roman av Knut Nærum frå i fjor, der alt «er på stell» og meir til. I boka «Sannheten» viser han at han har følgt bibliotekdebattane og tar utgangspunkt i slikt bibliotekarar kjenner seg godt igjen i. Eg-personen er bibliotekar på Deichman på Torshov. Det startar slik:

«Da de nye lånekortene kom, hadde jeg ingen innvendinger. Det er bare en fordel, tenkte jeg, at kundene får boktips på mobilen. Likte du den, så liker du denne. 83 % av de som ga den boka fire eller fem stjerner, gir denne boka det samme. Hvis Amazon og Spotify kan gjøre det, tenkte jeg, hvorfor ikke biblioteket, vi som ikke engang har noe å selge. Riktignok var det tradisjonelle utlånet blitt en stadig mindre del av våre tjenester, men vi trengte å forsvare vår plass på de offentlige budsjettene, og utlånstallene var en viktig indikator. Det kunne vel ikke ha noe å si at Staten ser hva du leser. Hva kunne Staten bruke de opplysningene til? Dessuten var alle lån allerede registrert hos oss. Biblioteket er også Staten. Det meste av det ga seg selv. Hvis du liker Lucinda Riley, liker du Kate Morton. Hvis du liker Lars Mytting, liker du Mikael Niemi. Hvis Solstad, så Gombrowicz».

«Sannheten» handlar i utgangspunkt om eit Oslo, ikkje ulikt vårt anno 2021. Medie- og sosiale-medier-situasjonen er den same, og politikararne uroar seg på same vis over dei negative verknadane. Eit aktivt Datatilsyn har dei sjølvsagt også. Men så lar Nærum det heile «ta av». …

read more »
november 22, 2021

Kjerkol og Toppe på «bibliotekbesøk»

I 2005 var det framleis mange p-tidsskrift i biblioteket på Riksen

Magne Nylenna skreiv i går i Dagens Medisin om stoda for Helsebiblioteket.no. Han minnar om at «Under Legeforeningens landsstyremøte i 2021 – på spørsmål om Helsebibliotekets skjebne – fraskrev Bent Høie seg alt ansvar. Ingvild Kjerkol og Kjersti Toppe understreket imidlertid at dette er nødvendige ressurser for kommunehelsetjenesten. Dette gir håp. Under Stortingets budsjettbehandling i fjor fremmet Arbeiderpartiet følgende forslag: «Stortinget ber regjeringen sikre at Helsebiblioteket skal være en fellesskapsløsning som sikrer god tilgang til nødvendige kunnskapsressurser for helsepersonell». Det ble nedstemt. Nå forventes det at forslaget blir gjentatt og vedtatt – og effektuert! Om ikke Folkehelseinstituttet klarer å forvalte arven de har overtatt, må Helsebiblioteket få et nytt hjem».

Og for ei veke sidan hadde Ingrid Hokstad, lege i spesialisering i medisinsk biokjemi ved Sykehuset Innlandet, eit saftig innlegg om det same i Tidsskrift for Den norske legeforening. 

Nylenna er tidlegare redaktør av Helsebiblioteket.

november 18, 2021

Arrangement-tørkekatastofen

“Drought Along Po River” by brtsergio (CC BY-NC-SA 2.0)

Akkurat dette er ikkje blant dei kulturnyheitene som uroar underteikna aller mest: «Publikum svikter tidenes juletilbud fra kulturlivet», men trist er det, relativt sett, at «Billettsalget til de kjente og etablerte konseptene selger greit, men de mindre kjente aktørene sliter mer». NRK hadde også dette ganske nyleg: «Visesanger Erik Lukashaugen er en av flere artister som merker at folk ikke går like mye på konsert som før».

Endå verre, tenkjer vi, er det at det såkalla «debattbiblioteket» opplever det same. I går såg vi: «Avlyser bokaften i Drøbak». På grunn av svært få påmelde. Og vi var på eit «bokbad» i oktober, der det berre kom fire tilhøyrarar, og der to av dei var tilsette på biblioteket.

Likevel fortalde den svenske forfattaren Stig Claesson oss om ein nærmast uslåeleg negativ rekord: Ein gong han skulle lese opp på eit bibliotek på ein mindre tettstad, blei han overraska over det store frammøtet. Heilt til han var ferdig og sette seg. Det var éit punkt til på programmet, nemleg korsang, og alle dei andre i salen gjekk opp på scena og utgjorde koret.

november 18, 2021

Shocking!

Då vi søkte på ordet «østfoldmål» på nb.no, fekk vi 83 treff på bøker om dialekter i det gamle, snart gjenfødde(?), fylket, pluss ein del tilgrensande om språk og kulturminne, men berre éi bok om østfoldske fotballmål. Og i dette tradisjonssterke fotballfylket! Drillo er kontakta.

PS: Denne veka er bloggaren, og to med-redaktørar, på gata med ei viktig bok om østfoldmålet og nynorsken.

Translate »