Archive for desember 6th, 2021

desember 6, 2021

Nokre spør …

Klassekampen-lesarane er ikkje som før. Her frå ein aktuell annonse. Sjå prisen – og namnet!

… og fleire tenkjer kanskje på kvifor bloggaren har så mange referansar til oppslag i avisa Klassekampen. Nokre veit at han har tinga fast sidan 1971 og at han var aktiv i partiet som lenge eigde avisa med hud og hår. Men grunnen er at Klassekampen er landets beste bibliotekavis, i alle fall med tanke på kvantitet. Vi søkte i Atekst på «bibliotek*» i riksavisene dei siste 30 dagane. Her er ti-på-topp: Klassekampen 35, Dagsavisen 22, Aftenposten 8, Finansavisen 4, Dagbladet 4, Vårt Land 4, Morgenbladet 4, VG 3, Dagens Næringsliv 3, Nationen 2.

desember 6, 2021

Kvar fjerde bibliotekbrukar er vekk

Bloggaren fotograferte i Dokk1 i Århus i 2018

Dette gjeld i Danmark, ifølgje SøndagAften. Særleg kino og konsertar har tapt publikum i løpet av Koronaen, «hvorimod bibliotekerne er sluppet mest nådigt igennem og kun har mistet 23 procent fysisk besøgende».

Slik kvartalsvis statistikk har vi ikkje her i landet, og først til sommaren vil vi vel kunne samanlikne med den gamle normalen, 2019. Då får vi sjå om noko av grunnen kan vere at andre, ikkje minst digitale, bibliotektilbod har tatt over? Eller har Netflix, HBO osv. gjort oss til notoriske stovegrisar? (English: Stay-at-homers)

PS: Det danske «bibliotekarforbundet» melder samtidig at staten har «afsat midler til etablering af et nyt Kulturens Analyseinstitut med 4 millioner kroner i 2022 og 8 millioner kroner årligt i 2023-2025. Instituttet skal understøtte mere viden om kulturbranchens forhold og kulturens betydning for borgernes trivsel blandt andet med afsæt i evidens- og forskningsbaserede undersøgelser. Kulturens Analyseinstitut etableres som et uafhængigt institut, og yderligere rammer og formål skal drøftes i starten af 2022».

desember 6, 2021

Kåfjord!

«Fem millioner kroner til markering av Skeivt kulturår 2022 i hele landet», får vi lese på KulturPlot i dag. Og vidare: «De 25 prosjektene som tildeles midler, sprer seg godt over ulike kunstfelt og på prosjekter innenfor arkiv-, bibliotek- og museumssektoren». Men berre eitt bibliotek er blant desse, nemleg Kåfjord kommunes bibliotek og kulturkontor: «Markering av Skeivt kulturår 2022 i Kåfjord kommune», med 60 000 NOK.

Hos Kulturrådet finn vi at av dei i alt 264 søknadane hadde berre to andre bibliotek søkt, nemleg Bergen og Horten. Er ikkje det merkeleg få? Blei utlysinga skikkeleg annonsert i bibliotek-kanalane? Likevel, gratulere, Kåfjord!