Archive for desember 11th, 2021

desember 11, 2021

Med boklov skal KVA byggjast?

Biletsøk på «boklov» gir flest treff på denne karen: Jan Boklöv.

>> Teksten fekk nokre tillegg 11.12. kl 17.44.

Til Bok og Bibliotek under lanseringsarrangementet om boklova 19.11. seier statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann i Kulturdepartementet at «Den nye boklova vil styrke biblioteka … Biblioteka er kjernen i kommunane sin velferdsproduksjon, så dei skal ein sjølvsagt lytte til. Boklova vil gjere at også biblioteka vert styrka, men akkurat korleis vil vise seg når arbeidet med boklova er kome lenger».

I eit oppslag hos Bibliotekarforbundet frå same arrangement seier biblioteksjef i Bergen, Leikny Haga Indergaard: «… samarbeidet på det norske bokmarkedet har blitt utfordret de siste årene og “§6: Plikt til å skaffe og levere bøker”, må også omfatte bibliotek … I §6 står det at bokhandlerne plikter å skaffe titler til sluttkunde, og at leverandørene (forlagene) plikter å levere bøker til bokhandlerne. I Åndsverkloven er det et unntak som gjør at bibliotekene kan tilgjengeliggjøre fysiske bøker de kjøper, men unntaket gjelder ikke digitalt innhold som e-bøker og e-lydbøker». 

I Bok og bibliotek seier leiaren for lovarbeidet, nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, at «Dette er noko av det me skal sjå på i arbeidet med boklova».

Men så i ein kronikk i Morgenbladet denne veka skriv professor Tore Slaatta: …

read more »
desember 11, 2021

Ny bibliotekpolitikk?

Anette Trettebergstuen. Foto: Arbeiderpartiet (CC BY-ND 2.0)

Tidsskriftet Bibliotekaren nr. 4 (blir etter kvart å sjå her) har eit større intervju med kulturminister Anette Trettebergstuen. I tillegg til boklova, som dei alt er i gang med, lovar AP-ministeren ein snarleg avløysar for den borgarlege bibliotekstrategien frå 2020, ein leselyststrategi og nytenking om innkjøpsordninga med tanke på sakprosaen.

Men øyremerkte statstilskott til bibliotek avviser ho, som alle før henne. Og meir beintfram enn forgjengarane prioriterer ho kulturen lågare enn skolen og helsestellet: «Derfor må kommunene settes i stand til å prioritere kultur».

Dette kan bli meir spanande enn vi har godt av.

Nokre vil hugse lovnaden til AP og SV rett etter stortingsvalet: «Den kulturelle grunnmuren skal styrkes over hele landet, i tråd med anbefalingene fra det såkalte Enger-utvalget i 2013». Men den klart mest forvitra biten av grunnmuren var ingenting anna enn biblioteket, og Enger & co. kravde tøffe tiltak og meinte styresmaktene måtte vurdere øyremerking.

Bladet intervuar også Erling Bergan, avtroppa redaktør for bladet og mangfaldig aktivist. Han har sett mange spor etter seg, og du kan framleis donere til det medisinske biblioteket «hans» i Gaza!

Translate »