
>> Sjå også viktig kommentar frå Lars Egeland nedanfor
Førstebibliotekar Åsne Høgetveit ved UiT er fast spaltist kvar sjette måndag på Khrono. Denne veka skriv ho om omlegginga til digital pliktavlevering av bøker til Nasjonalbiblioteket frå nyttår. Det blir endå færre papirbøker ved UH-biblioteka, og til fjernlån til andre bibliotek. For studentar og tilsette er betre digitalt tilbod eit stort framsteg, men nye utfordringar kjem til overflata, slike som vil råke blant anna frilansarar og forfattarar, som underteikna. Ho skriv:
«… bøkene skal vera knytt til «dokumentasjon eller forsking». Derfor må ein, for å få digital tilgang til materialet, signere på at det er innanfor ein slik bruk at ein ynskjer tilgang. Ein må sende søknad, som så vert godkjent før ein får ein tidsavgrensa tilgang.
Ein ting er at det ikkje er omtala kva dokumentasjon eller forsking inneber. Slik det vert praktisert i dag får til dømes studentar tilgang til bøker i samband med studiane sine, men om ein tolkar lova strengt er dette kanskje ikkje innanfor? Eg veit eigentleg ikkje».
Dét veit heller ikkje bibliotekarar i folkebibliotek. Underteikna, som i året som gjekk i bokform har grave djupt i østfoldsk målføregransking, har støtt på to ulike tolkingar ved tre ulike bibliotek. Éin stad kravde dei først tilknyting til eit UH o.l., noko eg ikkje har. Eg fekk tilgangen min, i periodar på åtte timar, men det var ikkje berre enkelt.
Dette har også Åsne Høgetveit røynsler med: