Godt nytt år og takk for det gamle. Her nokre forsøk frå 2021 på å restarte det vi meiner er viktige bibliotekfaglege og -politiske debattar, men der det til no berre unntaksvis har kome kommentarar. Altså:
- Er slaget om innbyggjartorget avlyst? Er det OK at biblioteksjefar blir overstyrte av «seksjonsleiarar for innbyggjartorg og bibliotek» o.l.?
- Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus. Det handlar blant anna om lagnaden til fjernlånet når stadig meir berre finst digitalt. Og: Vitskapeleg tilsette på fakultet får automatisk tilgang til det pliktavleverte e-materialet, men kvifor omfatter ikkje dette vitskapeleg tilsette i bibliotek? (jf Lars Egeland i ein kommentar)
- Tid for omvend mytekverking. Kva er stoda i norske folkebibliotek når det gjeld debattar? Til skilnad frå bokbad, foredrag og andre arrangement.
- Looking for Needles in a Haystack – Libraries and the Assange Case. Some comments from key persons of the US library community, but none from the Nordic countries.
- Og så har vi temaet lydbøker. Vi ventar ikkje å kunne drive denne store debatten her på bloggen, men skjer det noko i det det heile tatt?
- Korona og biblioteka var sjølvsagt eit heitt tema, men vil røynslene bli oppsummerte? Det må skje i Trettebergstuen sin nye bibliotekstrategi.