Archive for januar 10th, 2022

januar 10, 2022

Other

Underteikna sende i haust inn og fekk antatt ein artikkel i den virtuelle boka «Inspiration för hållbar utveckling inom vuxenutbildningen», utgitt av Nordiska Nätverket för Vuxnas Lärande (NVL). Boka blei lansert i desember, og redaksjonen ser ut til å vere open for fleire artiklar enn dei 39 som inngår når vi skriv januar 2022. Det er sikkert plass for meir om bibliotek!

Artikkelen min heiter «The Library and Sustainability: Passive Consensus and no Debate?» Artiklane har fått ulike taggar, mange har «Ideas», andre t.d. «Philosophy», «Research» eller «Theory». Nokre har to eller fleire. Men teksten min er ein av dei få som berre har fått taggen «Other». Dette er vel greitt nok ei stadfesting av bodskapen min; at FN ikkje har hatt fantasi til å tenkje seg at nokon kunne vere konstruktivt kritisk mot vesentlege sider ved Berekraftplanen deira …

Men dei har gitt artikkelen plassen øvst på samlesida.

januar 10, 2022

Idédeling om forskingsdeling no!

“Open Science Logo” by gemmerich (CC BY-SA 2.0)

Ei overskrift på Khrono.no i dag: «47 studenter kunne skrive master­oppgave etter at professoren delte forsknings­data». Professoren er Kirsti Klette, skoleforskar ved UiO. Men problemet er at ho måtte gjere heile jobben sjølv og på toppen av alle andre arbeidsoppgåver. Og at gode metodar for slikt arbeid manglar. Men:

>> Sjå godt spørsmål i kommentar nedanfor

«Klette er nå med i en ny gruppe, nedsatt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), som er i gang med å utrede hvilke verktøy forskerne trenger for å enklest mulig gjøre sine forskningsdata tilgjengelige og gjenbrukbare. Gruppen ønsker nå innspill og kommentarer fra forskere på deres foreløpige rapport».

Av rapporten ser vi at bibliotekmiljøet er sterkt med, med Maria-Carme Torras, UBB, i styringsgruppa. På side 11, under overskrifta «Presentasjoner og innspillsmøter» kan ein få inntrykk av at biblioteka, ved UHR-Bibliotek, alt har fullført begge delar, men det gjeld vel berre det første? I alle fall er det tillyst eit digitalt innspelsmøte 19. januar, sjå lenka i det førre avsnittet.

Translate »