Archive for januar 11th, 2022

januar 11, 2022

Og det blei lyd, men …

Marknadens usynlege hand

I mai i fjor skreiv vi om dei mange nye på strøymebokmarknaden og siterte Aftenposten på at svenske Bookbeat kan dukke opp i Noreg. No er dei her, ifølgje nettstaden Shifter.no, og på kort tid skal dei få seg 100 000 tingarar. Og det heiter at «de fleste store, norske forlagene er allerede signert».

Direktøren seier at «strømmeøkonomien fremdeles er en blindsone for både forlag og forfattere. Her trengs det at plattformer som oss er transparente».

Assosiasjonen trengjer seg på her om «marknadens usynlege hand»! Adam Smith meinte med dette biletet at den frie marknaden er den beste metoden for å sikre lik spreiing av materielle gode og auke samfunnets velferd. Men dette er ganske solid avsanna i ettertid, og at folk som må ty til biblioteket får stadig dårlegare tilgang til lydbøker og musikk, gjer det ikkje sannare.

PS: No blir det sagt frå kompetent hald at ikkje eingong Adam Smith trudde på dette.

Translate »