IFLA og alvoret rundt den digitale kunnskapen

Her på bloggen har vi den siste tida av fleire grunnar ikkje vore spesielt imponerte over IFLA, den internasjonale bibliotekorganisasjonen. Men når dei no legg fram ein ny Trend Report 2021 Update, er det grunn til å studere han nærmare. Heilskapen i rapporten vil vi nok kome tilbake til, men her og no vil vi konsentrere oss om noko av det aller viktigaste, men dessverre ikkje mest oppmuntrande, nemleg «The Privatisation of Knowledge» (trend nummer 16, side 23).

Kapitlet er problematiserande og ikkje forskjønnande på nokon måte, til skilnad frå det meste anna frå den kanten. Til dømes kjenner vi i dag svært godt til kor vanskeleg det er for biblioteka at musikk og lydbøker i overveldande grad er blitt digitale strøyme-medium. Produsentsida som avtalepartnar har aldri vore så avvisande og likesæle til biblioteka som no (at berre under halvparten av bøkene i nb.no i dag er opne for alle, er også uttrykk for dette, då denne «døra» har vore like stengd i seksten år; for bøker nyare enn 2000). Og når pliktavleveringa er blitt heildigital frå nyttår, har også dette negative følgjer for bibliotektilbodet.

I teksten om trend 16 gjer IFLA også merksam på dei ytterlegare avgrensingane vi vil få når blockchain blir standard teknologi for tilgang til informasjon og kunnskap. Berre få politikarar og samfunnsstrategar «leikar seg» i dag med at biblioteka ikkje trengst, for vi har jo internett, men …

… blockchain utan reell politisk styring, kombinert med universell digitalisering, vil gje dei kaskadar av vatn på mølla.

Det er bra at IFLA-rapporten også peikar på Open Tilgang og rolla til biblioteket der (trend nummer 19). Men vi ventar framleis på at IFLA og bibliotekmiljøet skal våge å drøfte det neste, verkelege framsteget og nærme seg medbloggar Mikael Böök sin visjon om biblioteket som den femte statsmakta, uttrykt i boka hans, «Biblioteksaktivisten», og til dømes av Cathrine Strøm i Dag og Tid.

IFLA-rapporten byggjer på tilbakemeldingar frå medlemmar og på eit webseminar under verdskongressen i fjor. Deltakarane blei presenterte for 20 trendar, utforma på førehand. Så gjekk ein til avstemming om kva for ti trendar som var viktigast, og i neste omgang dei fem viktigaste av desse. Men trend 16, om privatisering, kom verken blant dei fem eller ti.

Nedanfor følgjer vår høgst uoffisielle omsetjing av trend 16:

Frå IFLA Trend Report 2022:

Privatisering av kunnskap

Bruken av teknologiske verktøy, samtidig som opphavsretten henger etter i utviklinga, gjer det muleg for private aktørar å setje grenser for og kontrollere informasjon, også heilt ned på detaljnivå, noko som krev søknadar om løyve og betaling for bruk.

Bidragsytarar [til trend-prosessen, vår merkn.] uroar seg over reisinga av nye barrierar rundt informasjonen. Teknologien innbyr utan tvil til dette, og det same gjer vilkåra i kontraktar som bibliotek og brukarar må godta for å få tilgang til digitalt innhald (til skilnad frå den større fridomen når biblioteket kjøper eit fysisk verk direkte). Denne situasjonen blir forsterka av lover om opphavsrett som ikkje prioriterer bruksrettar til digitalt innhold.

Utover direkte blokkeringar av kva bibliotek kan tileigne seg, peikar bidragsytarar på den manglande tryggleiken som følgje av at åndsverklovgivinga ikkje blir oppdatert, til dømes rundt nyare bruk som likevel er i tråd med tradisjonelle bibliotekoppgåver, som tekst- og datautvinning. Å gjere det vanskelegare å gjennomføre analysar og annan bruk kan ende opp med eit nytt skilje mellom dei med og utan ressursar til å «kjøpe seg dekning» ved å betale for tilleggslisensar.

Dette trugar bibliotekas evne til å sikre at alle brukarar kan dra nytte av tilgang til publisert materiale. Dette har igjen innverknad på berekraft, når det gjeld bibliotekas
evne både til å redusere sosiale og økonomiske ulikskapar, og til å støtte ein mest muleg inkluderande forskingsinnsats for å møte (miljø-)utfordringane vi står framfor.

Ein bidragsytar uttrykte spesiell uro for blockchain og kva for verknad dette kan ha på formidlinga av kunnskap når dette kan bli endå strengare kontrollert og kommersialisert. Med blockchain verkar det usannsynleg at «mikrokontraktane» knytte til opphavsrettsverna verk vil høve for typen bruk som er tillate etter unntaka og avgrensingane i opphavsretten, slik at dei blokkerer eller krev betaling som standard.

Biblioteket er mangeårig medlem av rørsla som pressar på for større openheit som ein motgift mot privatisering av kunnskap. Det er aukande medvit om kva for rolle særlig bibliotekutgjeving (library publishing) kan ha for å byggje «kunnskapsallmenningen». Dette opna for utforsking av nye modellar, med hovudvekt på på tilgang, snarare enn profittmaksimering med formålet å kome aksjonærane til gode eller kryssubsidiere andre aktivitetar».

2 kommentarer to “IFLA og alvoret rundt den digitale kunnskapen”

  1. «Trend 16» om The Privatisation of knowledge fångade också min uppmärksamhet, liksom den hithörande framtidsfrågan om blockkedjetekniken. I vilken utsträckning har blockchain redan tagits i bruk för att kryptera information och kunskap och samtidigt utestänga människor som inte har råd eller möjlighet att öppna denna information och kunskap? Pengar är för övrigt också ett slags information och bitcoin — det hittills mest allmänt kända exemplet på användning av blockkedjetekniken — är krypterade pengar som bara är åtkomlig med sina ägares nycklar.

  2. Vid 2010-talets början antecknade jag några funderingar om pengar och information i stycket Om banker och bibliotek (kan slås upp här http://www.edizioniartemisia.fi/ebooks/mb/biblioteksaktivisten/html/biblioteksaktivisten.html#110 ) – men har tiden redan hunnit fatt och sprungit förbi dem?

Leave a Reply