Archive for februar 6th, 2022

februar 6, 2022

Biblioteket – håpet for den gode litteraturen

Toril Brekke, forfattar og tidlegare leiar av Den norske forfatterforening, tildelte laurdag biblioteket ei uvanleg stor rolle for framtida til den norske litteraturen. Det skjedde på ei heilside Klassekampen, der ho går lengre enn nokon før henne, medrekna bibliotekarane sjølve! Og ho knytter det til den pågåande boklovdebatten. Anten blir ho no fullstendig forbigått av lovutvalet og bransjen, eller ho kan opne for ei svært interessant, ny merksemd om folkebiblioteket.

Stikktittelen hennar er at «Bøker får mindre oppmerksomhet – trenger vi dem fortsatt?». Og noko av bakgrunnen er at Finn Iunker, i november i den same avisa, meinte at «innkjøpsordningene stimulerer forlagene til å gi ut mange bøker», til skilnad frå gode bøker. Men Brekke meiner problemet ikkje ligg der. Ho opplever at kjendisane tar heile salet, same kor gode bøkene er. Takk vere «den gode hjelpa» frå forlaga, bokhandlane og ikkje minst pressa, som prioriterer på same måten.

Toril Brekke kan ikkje vere aleine i forfattar- og forlagsverda om å registrere at biblioteka skil seg meir og meir frå den kommersielle litteraturformidlinga. Ikkje berre får biblioteka høve til å formidle dei mange mindre kjende forfattarskapane gjennom innkjøpsordninga, men dei gjer det faktisk.

Slik avrundar Toril Brekke:

«I høst var jeg et sted og holdt foredrag, der arrangøren hadde bedt meg ta med mange bøker for salg, siden de som pleide å komme, vanligvis var ivrige kjøpere. Men ikke denne gangen. Den ene etter den andre kom bort til meg og sa at nå skulle de løpe på biblioteket og stille seg på venteliste.

Men har dere helt sluttet å kjøpe bøker?

Å ja. Vi gjør ikke det lenger. Vi låner, gjerne av hverandre. Og vi gir bort.

Det snakkes om en ny Boklov, og vi har en kulturminister som virker engasjert i å bedre forholdene. Jeg tror lovmakerne bør bruke mye tid på å analysere tiden og fremtiden. Kanskje er det de offentlige midlene til bibliotekene som bør økes – veldig, så lånetilbudet blir mye større, nå som leserne foretrekker dette. Mange bibliotek trenger påfyll for å ha normal åpningstid; de burde dessuten ha forlenget åpningstid utover ettermiddagen og kvelden, med innlagte støttemidler til langt flere forfatterkvelder».

februar 6, 2022

Etter Covid: Det fysiske er favoritten

Fysisk og godt bibliotek. Liverpool

Ei undersøking nyleg utført av Strathclyde-universitetet i Glasgow viser at folk flest i Storbritannia har ønska det fysiske biblioteket tilbake og at heimlån av trykte bøker framleis står sterkt. Meir enn halvparten av vaksne (57%) meiner det digitale ikkje kan erstatte det fysiske biblioteket, mens berre 22 prosent meiner det motsette. Og folk av alle aldrar gjekk primært inn for det fysiske; frå 48% av dei yngste (18 til 34 år) til 64% av dei over 55. Leiaren for undersøkinga seier at: «Folk har sakna fysiske bibliotek mens dei har vore lukka. Dei er stressfrie, roande stader der folk kan gå for å slappe av, låne bøker eller studere».

Trass i periodar med nedstenging og det auka tilbodet om e-innhald har berre kvar femte bibliotekbrukar brukt det digitale. I dei aller fleste biblioteka utgjer aukinga i e-bokbruk i gjennomsnitt 10-20 % av dei fysiske utlåna ein kunne ha venta om biblioteka hadde vore opne.

Kvar fjerde bibliotekbrukar (24%) seier endringane under pandemien vil påverke måten dei bruker biblioteka på i framtida, mens halvparten (47%) seier det motsette.

Då er det trist å vite at nedlegginga og frivillegiseringa av britiske folkebibliotek, som var omfattande etter det konservative regjeringsskiftet i 2010, berre har halde fram under pandemien.

Translate »