Ein kan spørje seg om vitsen med ny boklov når dei oppveksande generasjonane ikkje kjem til å lese bøker, jamfør Anne B. Ragde i Dagbladet 13. februar. Men mange kjem i alle fall til å strøyme lydbøker, så dette største mediale skiftet sidan e-boka (som ikkje blei så skilsettande som mange spådde), må sjølvsagt bli sentralt i arbeidet med denne lova. Annleis kan ein vel ikkje tolke kulturminister Trettebergstuen: Boklova skal «sikre forutsigbarhet, bredde og kvalitet og sørge for at folk i hele landet har tilgang til et mangfold av litteratur».
Dette er til forveksling likt formålsparagrafen i den gjeldande boklova frå 2013. Slike mål skulle ein tru ikkje var mulege å nå utan biblioteket, men institusjonen er ikkje nemnd med eitt ord i lova. Ifølgje medieforskar Georg Arnestad i Bok og Bibliotek nr. 2, 2012, blei verkefeltet den gongen innsnevra til «korleis detaljistprisen for bøker skal fastsetjast». Dette var, ifølgje Arnestad, mykje på grunn av ei omfattande utgreiing departementet hadde tinga frå to professorar, dei som sidan har dominert heile feltet, medrekna den offisielle norske gåveboka til den internasjonale bok-eliten då Noreg var gjesteland under bokmessa i Frankfurt i 2019. Og der biblioteket som litterært verkemiddel blei alvorleg ignorert.
Men denne gongen er kanskje ikkje dei to så sentrale? Det får berre dei vite som tilhøyrer «organisasjoner som melder interesse og som synes relevante». Då får ein «anledning til å møte hele arbeidsgruppen».
I alle fall kjem det visse signal om at lova KAN få meir med bibliotek å gjere: