Archive for februar 17th, 2022

februar 17, 2022

Bokval og demokrati i USA

Når ein har følgt litt med på dei harde kampane om kva som er «passande» bibliotektilbod til unge menneske særleg sør i USA, blir ein ikkje overraska over spådomar om at heile demokratiet kan klappe saman på sikt. Republikanske politikarar bruker mykje tid og krefter på å presse bibliotekarar og lærarar når det gjeld bok- og medieval. Lenge var det «berre» bøker om evolusjonen som var uønska, så blei det bøker om alt slags skeivt, før det no også er bøker om røtene til rasismen, rett og slett. Teikneserieboka «Maus», som indirekte handlar om Holocaust, er faktisk ein av dei største hat-titlane for ytre høgresida.

Denne kopien av ei twittermelding frå ein republikansk supervisor i North Virginia er frå ei bokutstilling i eit bibliotek, og på skiltet har bibliotekaren valt å konfrontere politikarane «sine». Men politikaren meiner han er stolt vinnar av kampen.

PS: Skiltet er i slekt med ironiske, ulovlege(!), skilt som bibliotekarar brukte under motstanden mot Patriotlova.

februar 17, 2022

Paradigmatisk for boklesinga!

Alle med litt kontakt med barn og unge veit at medievanane har endra seg radikalt dei siste åra. Men det kom likevel brått på denne veka då fleire truverdige folk på ulike boklege fagfelt har vore i media med uvanleg nedslåande spådomar om boklesingas framtid. Men ein bibliotekar har tatt til motmæle. Delvis. Han er i alle fall ikkje fullt så pessimistisk.

For tre år sidan siterte vi ei norsk undersøking om lesing av skjønnlitteratur og om kva folk føretrekker av papir eller digitalt. 70 prosent i aldersgruppa 15–19 år svarte papir, mot 8 prosent lydbok. Men noko må ha skjedd sidan då. For søndag sa forfattaren Anne B. Ragde til Dagbladet at ho har «gitt opp ungdomen». Ho ser ingen vits i å skrive meir for dei. Måndag melde leseforskar Tove Stjern Frønes i Vårt Land at «lesevanene stuper». Og i dag seier Barnebokinstituttet sin eigen fagleiar, Øystein Espe Bae, til Klassekampen at «tida er moden for å gå bort fra papirboka som et «verneverdig konsept»».

Klassekampen byggjer på ein artikkel av Bae i Periskop 14. februar. Her tar han p-ordet i bruk, noko underteikna har venta på, men ikkje sjølv har våga å bruke: «Ein ser ikkje alltid eit paradigmeskifte når ein står midt oppe i det». Han innleiar slik:

read more »
Translate »