Archive for februar 21st, 2022

februar 21, 2022

… til evig tid

Kanal Cafeen, ikkje langt frå det Kongelige bibliotek, er ein utmerka plass for viktige samtalar, Aslak

Danskekongen Christian III skreiv i «håndfestinga» i 1536 at: «Heretter [skal Norge] være og forbli under Danmarks krone, … og heretter ikke være eller kalles et eget kongerike, men en del av Danmarks rike og under Danmarks krone til evig tid».

Og ved hjelp av dåtidas «historikarar», ikkje minst Thormod Torfæus, sikra danskekongen seg det meste av historia vår, i alle fall i handskrift og etter kvart på trykk. Men slik at den norske nasjonalbibliotekaren, Aslak Sira Myhre, over to hundre år etter 1814, må trygle, be og kjempe for å få tilbake sju av dei viktigaste, absolutt norske klenodia frå mellomalderen. På Khrono.no heiter det i ein ingress: «Et blankt nei fra Københavns Universitet setter kjepper i hjulene for en fremtidig utstilling på Nasjonalbiblioteket verdt flere titalls millioner kroner. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre håper danskene snur».

Sira Myhre seier at «Planen er å reise ned i løpet av våren. Danskene har sagt tydelig fra hva de mener, men jeg håper fortsatt at de heller ønsker å få på plass et samarbeid fremfor å gå inn i en langvarig strid om dette».

februar 21, 2022

Kva gjer vi med gråsonene rundt «debattbiblioteket»?

Gode bibliotekdebattar er viktige. Her frå Göteborgs stadsbibliotek hausten 2019

Det er åtte år sidan lovrevisjonen som gjorde folkebiblioteket til «en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt». Det kom til nokre lokale konfliktar, men dei løyste seg på eit vis, slik at lova «fekk gått seg til». Trudde vi. Men for to år sidan fekk vi «SIAN-saka» i Oslo, no før jul «Ulstein bibliotek versus Mímir Kristjánsson», og her om dagen «small» det i Lindesnes, der ei lokal kristen foreining ikkje fekk halde møte fordi dei ikkje hadde «debatt med en nøytral ordstyrer», ifølgje blant anna Fædrelandsvennen 5. februar.

Problema i desse tre sakene var ikkje påtenkte verken i den optimistiske lova eller førebuingane, så det er ikkje rart at biblioteksjefar kan bli usikre. Kven veit kor mange liknande døme det har vore rundt i landet, og angsten for å trø feil er nok litt av grunnen til at talet på faktiske debattar framleis er lågt.

Men Nasjonalbiblioteket gjorde ikkje saka klarare då dei 17. februar på Bibliotekutvikling.no delte ein spørsmål-og-svar-runde frå Stortinget. Bakgrunnen er saka frå Lindesnes:

Spørjaren, KrF-aren Olaug Bollestad poengterer, heilt rett, at i lova er det «ingen krav om nøytralitet». I staden ser det ut til at biblioteket i Lindesnes har laga eigne retningslinjer, men med tillegg som ikkje har heimel i lova eller forarbeida. Og Bollestad ber om Trettebergstuen si tolking av lova på dette punktet.

Men ministeren svarer ikkje på dette, …

read more »
Translate »