Ordet bibliotek kan ha andre tydingar enn i denne bloggen, blant anna ein privat boksamling av ein viss storleik eller rett og slett eit rom med bøker. Pluss eit programvarebibliotek. Men ordet kan og skal ikkje brukast om ei kommersiell teneste med «innspilte sanger som er gjort tilgjengelige i en app som er klar for lansering og kan brukes av barn, pedagoger og familier». Slik som styret ved OsloMet no har vedtatt. Ifølgje Khrono.no gjekk berre to av styremedlemmane imot.
På heimesida heiter det at Trall «integrerer musikkbibliotek og avspiller med tekst og karaokefunksjon i et lekent og intuitivt design som spiller på lag med musikken».