Archive for mars 17th, 2022

mars 17, 2022

«De gir deg lånekort. Låne bok, turklær, alt mulig»

I all hast: Overskrifta er frå eit intervju med ein flyktning her i landet, som for første gong opplevde eit gratis bibliotektilbod. Sitatet er tatt frå ein rapport som blei lansert i dag av IMDi: «Nyankomne flyktningers digitale hverdag».

IMDi har ikkje snudd seg rundt etter 24. februar for å produsere denne rapporten, for sjølv om ein ikkje skulle tru det i norske hovudstraums media, er det faktisk fleire andre flyktningkriser i verda no. Ukraina og ukrainarar er ikkje nemnde i rapporten, men dét er Syria, Tyrkia, Afghanistan, Eritrea, Kongo, Sudan, Somalia, Uganda og Jemen. 52 flyktningar frå desse landa er blitt intervjua om korleis dei «bruker digitale verktøy og tjenester, med vekt på informasjonsinnhenting, nyheter og kommunikasjon». Målet var å «gi anbefalinger om hvordan IMDi og relevante sektormyndigheter bedre kan tilpasse sine digitale tjenester for denne målgruppen».

Medrekna folkebiblioteka, må vi tru. Vi kan lese at «30 prosent oppga at de bruker …

read more »
mars 17, 2022

Finske e-bibliotek med «allt i en lucka»

Typiske inngangar til norske elektroniske bibliotektenester per mars 2022

Biblioteken.fi kan vi lese at dei der «siktar på ett e-bibliotek med ”allt i en lucka”. … För närvarande är bibliotekens e-materialsamlingar uppdelade på flera olika plattformar som är svåra att använda och vars åtkomst beror på hemkommunen. I projektet planeras en ny organisation tillsammans med biblioteksfältet, förhandlas och skapas en ny licensmodell med materialens upphovsrättsinnehavare och utvecklas en plattform via vilken e-biblioteket används i framtiden. Målet är att kunderna ska kunna använda det gemensamma e-biblioteket från och med 2024. I det första skedet är det tänkt att e-biblioteket ska inkludera e-böcker, elektroniska ljudböcker och faksimiltryck av e-tidningar. Tekniken utformas så att annat material vid behov kan inkluderas senare».   

I det norske Digin-prosjektet snakkar dei også om «økt synliggjøring av digitale innholdstjenester for publikum, … og gi mer sømløse tjenester», i tillegg til alt det andre. Så det blir vel noko finskliknande?

Translate »