Biblioteket og krigsnyheitene

Truls Lie har alternative idear i Ny Tid

Folkebiblioteket har fått ein liten renessanse som formidlar av det dagsaktuelle, særleg for framandspråklege gjennom tenesta Pressreader, men også anna nettbruk for folk som ikkje har eige utstyr eller abonnement. Men biblioteket skal vere allsidig også når det gjeld standpunkt og haldningar. Då er utfordringa å vere prisgitt kva som til kvar tid blir utgitt. Og i dag er det, når det gjeld krigen og verdssituasjonen, ganske stor einsretting.

Vi har tatt ein «runde» på Atekst og på norske politiske nettstader. Strategien ja til krig og opprusting er klart dominerande. Alternativ, som diplomati og ikkjevaldstankar, finst nesten ikkje. Berre eitt lite norsk parti er i dag klart imot regjeringas sterkt NATO-baserte strategi og berre tre små parti er imot US-amerikanske militærbasar på norsk jord.

Og i fleire kanalar enn tabloidane kjenner vi igjen sportsreportasjens estetikk og tempo i dekkinga av krigen. Blant avisene er Klassekampen er så «heldig» å ikkje konkurrere på løpande nyheiter og kan tillate seg eit stort oppslag som «Krig og apati» 17. februar. I denne svært lite oppløftande saka intervjuar dei blant anna …

… Fredrik S. Heffermehl, ein veteran i den norske fredsrørsla, men han har heller ikkje positive ting å melde:

«Han mener det største hinderet for å oppnå fred i dag er troa på at det ikke er mulig. Juristen og forfatteren var tidligere leder av Norges Fredsråd, men har i seinere tid blitt kritisk til organisasjonen. – Jeg har vært skuffet i mange år over Norges Fredsråd, som jeg la ned så mye arbeid i, sier Heffermehl. Han mener organisasjonen har «bøyd av for militæret som noe gitt» og nøyer seg med å ville fikse et system som han mener aldri kan fungere».

Om vi vel å gjere Heffermehl til den personifiserte norske pasifisten, finn vi at han dei siste 30 dagane er i norske nyheiter ni gongar, men heile seks av dei er i Klassekampen. Eitt oppslag er i Ny Tid, eit organ med lange antikrigstradisjonar. Etter at papirutgåva blei redusert til fire i året har dei fått litt meir løpande på nett, så her kan det vere noko å finne. Men, altså …

Meld gjerne om fleire alternativ til krig og opprusting i kommentarfeltet.

Illustrasjonen til venstre: Det finst klassikarar på ikkjevald i bok- og tidsskriftform gratis tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket.

2 Responses to “Biblioteket og krigsnyheitene”

  1. I all beskjedenhet, Fubrightprogrammet var tiltenkt som et alternativ til krig og opprustning, og vi har gitt klart uttrykk for det i vår ferske årsrapport. https://fulbright.no/fulbright-norway/annual-reports/annual-report-2021/. Det er ganske oppsiktsvekkende å lese JW Fulbrights (1905-95, senator og mangeårige formann i USAs utenrikskomite!) radikale utfall mot opprustning, militarisme, våpenindustri og krig. Universitetsbiblioteket ved University of Arkansas har digitalisert og lagt ut 50 av hans taler, bl.a. «What about Russia?» https://digitalcollections.uark.edu/digital/collection/Fulbright

Trackbacks

Leave a Reply